Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Klimakrisa er reell

Me kan alle vaka og be, slik Jesus gjorde då han hadde sterk angst, Matt 26:36 ff.

Axel Saxe (19/9, 24/9 og 4/10) og Marian Eigeles 1/10 meiner det store fleirtalet av klimaforskarar tek feil. Dei ser difor klimahysteri der andre ser klimakrise.

Eg gjev Saxe rett i at vitskapleg konsensus ikkje nødvendigvis betyr vitskaplege fakta. For i så fall blir «vitskap» ein undertrykkjande maktreiskap, slik eg ser evolusjonsparadigmet blir brukt som. Men Saxe sitt sanningsvitne Bergsmark bommar fordi han einsidig legg vekt på været i 1998. For 1998 var eit ekstremt varmt år – mykje grunna El Ninjo i Stillehavet som alltid fører til varme år. Slike år høver difor dårleg som referanse for å visa svak temperaturauke. Og dermed blir Bergsmark sitt prov for maksimalt 0,4 graders auke på 100 år, ugyldig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eigeles har rett i at CO2 er nødvendig for livet på jorda, men i for store mengder er CO2 og andre klimagassar farlege, fordi dette gjev auka mottak av jorda si varmestråling slik at atmosfæren blir varmare. Og CO2-mengda i atmosfæren har auka med 30 prosent sidan starten av 1700-talet, ifølgje snl.no/drivhuseffekten.

Og verdsmeteorologiorganisasjonen WMO rapporterer om 0,2 graders auke dei siste fem åra, forutan 1,1 grad auke sidan snittet i perioden 1850–1900 (msn.com/nb-no/nyheter/norge/2015-2019-varmeste-femårsperiode-på-150-år/ar-AAHG9ax?ocid=spartandhp).

Vidare har det kome ei mengd observasjonar om ekstremvær og akselererande smelting av is og permafrost, for utan stor temperaturauke – særleg i Arktis og ikkje minst på Svalbard, med 3–5 graders auke sidan 1971 (tu.no/artikler/klimaendringer-kan-gi-dramatiske-folger-for-svalbards-befolkning/457221). Og havnivået stig meir og meir, noko som trugar dei over 150 millionane som bur lågare enn ein meter over havet (Dagen 28/8-15).

Og slike endringar kostar pengar (naturpress.no/2019/06/04/verdens-storste-selskaper-regner-med-enorme-klimakostnader-allerede-de-neste-fem-arene), og effektane av dagens klimaendringar er venta å vara i minst 10.000 år (BT 13/2-16).

Difor trur eg klimakrisa i høgste grad er reell.

Men store kriser kan som Eigeles påpeikar, gje angst. Og Greta Thunberg gjer noko for å få slutt på årsaka til klimaangst. Og me kan alle vaka og be, slik Jesus gjorde då han hadde sterk angst, Matt 26:36 ff.

Les også
Klimaendringer – hva gjør vi?
Les også
I møte med klimaendringer
Les også
Kan vi i Norge redde verden?