Barn på einetiltak bur isolert frå andre barn, til dømes i hytter langt vekke frå andre. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik, NTB scanpix

Ropstad, kor er du henne?

­Einetiltak i strid med barnets vilje er inngripande og truleg i strid med barn sine menneskerettar.

I 2018 brukte det statlege barnevernet 650 millionar kroner på kjøp av einetiltak hos private aktørar. Bruken er fordobla på fire år. Barn på einetiltak bur isolert frå andre barn. Enten i hytter i skogen eller liknande stader langt vekke frå andre. ­

Einetiltak i strid med barnets vilje er inngripande og truleg i strid med barn sine menneskerettar. Dei private kommersielle aktørane tener godt på einetiltaka. Samstundes er dei same private barnevernsaktørane aktivt med å anbefale einetiltak. Praksisen er kritikkverdig og uakseptabel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Direktør for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Mari Trommald, uttaler til VG at ei forklaring på at barn blir isolert på hytter og liknande er at tilbodet til barn i psykisk helsevern er trappa ned, og at færre barn vert fengsla. Det er ei svært dårleg unnskyldning.

Om barn er sjuke skal dei ha behandling i helsevesenet, ikkje einetiltak i barnevernet. Barn som ikkje skal i fengsel, må ikkje bli isolert i barnevernet i staden. I dag har vi eit barnevern der anbod på enkeltkjøp er malen. Slik set staten kvar enkelt barn og ungdom ut på anbod. Ein slik konkurransepolitikk er det siste barnevernet treng.

Det er bra at bruken av einetiltak er falt i 2019. Men så seint som i desember 2018 sto Ropstad sin forgjengar, statsråd Linda C. Hofstad Helleland, i stortinget og forsvarte auka. Ho forklarte den store veksten i einetiltak hos private med at dette er barn som har komplekse behov og som det offentlege aleine ikkje ­klarar å hjelpe.

Nærare ei politisk ­fallitterklæring kjem ein ikkje. Klarar det offentlege barnevernet verkeleg ikkje å hjelpe borna med størst behov?

I 2016 så rysta Glassjenta-saka heile barnevernet. Fylkesmennenes rapport om 15 årige «Ida» viste svikt i alle ledd. Barnevernet svikta, helsevesenet svikta. Tilsynsmyndighetene svikta. «Ida» var blitt utsett for massiv tvang, ufattelig mange flyttingar, mangelfull helsehjelp og ho var blitt isolert i einetiltak mot sin vilje.

I tilsynsrapporten kom «Ida» sjølv med råd. Eitt råd var: « Ingen ungdom må bo alene på institusjon, om ungdommen ikke vil.» Regjeringa lova at ingen fleire barn skulle måtte oppleve det same som «Ida». At det statlege barnevernet sidan har auka bruken av einetiltak, er ikkje berre kritikkverdig. Det er trist.

No ventar stortinget på at Regjeringa skal fremje forslag til ny barnevernslov. Men i høyringskastet frå regjeringa er det ingen signal om at einetiltak skal bli strengare regulert, eller regulert i lova i det heile. Det burde det gjere. Fordi det er sjølvsagt.

Barnevernet vårt kan ikkje lenger tåle at born og unge blir plassert på einetiltak i barnevernet fordi psykisk helsevern sviktar, det passar seg slik, eller fordi private, kommersielle aktørar i barnevernet skal tene endå meir pengar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant, ­Senterpartiet

Les også
En skam for Norge
Les også
Norge bør vurdere å endre barnevernet
Les også
Dagens redaktør sår mistillit til barnevernet