MØTA GUD: Eg har opplevd enormt mykje gjennom KRIK, men det største eg har opplevd er nok å få tilbakemeldingar om at eg har vore med på å leggja til rette for at nokon skulle få møta Gud, skriv Børge Vassbø. Biletet er frå generalforsamlinga i fjor.

Samlivsvedtak som er lett å angripa

Vedtaket i landsstyret er ikkje perfekt, og det er lett å angripa for meg som konservativ kristen. Men i praksis trur eg vedtaket er fornuftig.

Landsstyret i KRIK har vedteke å løfta ekteskapet mellom mann og kvinne fram som Guds gode ordning for samlivet. Samtidig respekterer styret at leiarar kan ha anna syn og praksis, så samlivsform skal ikkje hindra at nokon får vera frivillig på KRIK-leir. Dette vekker kjensler og reaksjonar, med god grunn. Mange har uttalt seg dei siste dagane. Her kjem nokre ord frå meg, med håp om at det kan vera eit konstruktivt bidrag i debatten.

Eg heiter Børge Vassbø, er 39 år og bur i Bjerkreim i Sør-Rogaland. Her var eg med på å starta KRIK Bjerkreim i 2006. Sidan har eg vore lokallagsleiar og ansvarleg for over 60 KRIK-cupar, deriblant 9 KRIK Cup&Konsert-arrangement samt ein del andre aktivitetar som mellom anna teltmøte og konsertar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så lenge eg kan hugsa har eg vore kristen. Oppveksten min har vore prega av eit fantastisk kristent barne- og ungdomsarbeid i kommunen, gilde familieleirar og stødige, konservative prestar i kyrkja heime. Eg har vore ivrig i å gå på møter, har lese heile Bibelen og gjort så godt eg kan for å følga Guds ord. For meg er avholdenhet eit positivt lada begrep, både i forhold til alkohol og sex før ekteskap. Og sjølv om det vel aldri var eit tema på møter i oppveksten min, så har eg aldri vore i tvil om kva Guds ord seier om homofilt samliv.

Eg meiner at sambuarskap og samliv mellom to av same kjønn er synd. Og eg meiner det er vår kristne plikt å vera tydelege på dette. For meg har det lite å seia at den liberale pressa i Akersgata gjer kva dei kan for å stempla oss konservative kristne som sære. A

t eg på over 60 KRIK-cupar har vore lagleiar for fotballaget «Intolerante Mørkemenn», med utspring i bedehusmiljøet heime, er eit lite døme på at eg ikkje tek denne kritikken så tungt. Eg har i tillegg jobba som lege i over 13 år, men melde meg i fjor ut av Legeforeningen som reaksjon på at foreininga stilte opp i Pride-toget i Oslo.

Og då eg i fjor haust fekk høyra om samlivsspørsmålet i KRIK og referansegruppa, så sende eg ein (lang) e-post til KRIK med mitt syn på saka, der eg mellom anna skreiv at «Men eg er ueinig med dei som meiner at homofilt samliv kan aksepterast ut frå Bibelen. Og eg meiner den beste måten å visa mine kristne homofile venner nestekjærleik på, er å peika på kva Gud meiner er best for deira liv – òg når det ikkje samsvarer med det dei helst ønsker sjølv.»

For min eigen del har eg eit avklart forhold til teologien i samlivsspørsmålet. Og mi haldning til Guds ord er at dei påbod og reglar me har fått er gjeve oss for at me skal ha det godt, ikkje som ei begrensning. Sjølv er mi erfaring at dei avgjerslene mine eg angrar på er dei gongene eg ikkje gjorde som Gud ville.

Så eg lever svært godt med eit kristent konservativt vedtak i samlivsspørsmålet i KRIK. Og viss dette kun handla om meg, og omsynet til mine ungar, så kunne me sjølvsagt òg hatt eit vedtak som sa at personar som var sambuande eller i homofilt samliv ikkje kunne ha tillitsverv i organisasjonen. Men sjølv om eg elskar KRIK og bruker tid på lokallaget nesten kvar dag, så handlar ikkje KRIK mest om slike som meg. Jesus skal stå i sentrum, men òg når det gjeld menneske så er det andre som skal ha eit sterkare fokus enn eg.

Slik eg ser det, så handlar KRIK mest om alle dei ungdommane som ønsker eit kristent miljø å driva idrett i, og dei som ikkje har eit avklart forhold til Gud, men som liker å driva idrett. Spesielt i forhold til den siste gruppa har KRIK eit fantastisk potensial.

Eg har opplevd enormt mykje gjennom KRIK, men det største eg har opplevd er nok å få tilbakemeldingar om at eg har vore med på å leggja til rette for at nokon skulle få møta Gud. Eg har ein god ven som eg kjende før han vart kristen. Han var glad i fotball, og eg trefte han gjennom KRIK-arbeidet vårt. Han var ikkje redd for å seia kva han meinte, og kunne gjerne omtala kristne institusjonar med ord som eg ikkje vil sitera her.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Seinare havna han i eit godt kristent miljø og er no ein vitnande, engasjert og konservativ kristen. Han har sagt til meg at tilbodet i KRIK Bjerkreim hadde avgjerande betydning for at han no er ein kristen. Eg er sikker på at det er fleire slike i lokallaga rundt forbi. Denne karen brukte KRIK som ein inngangsport til det kristne miljøet. Eg er både stolt og glad for å ha kunna lagt til rette for at han kom inn på denne vegen, og eg vil seia at det er verd alle timane med innsats eg har lagt ned for KRIK.

Eg trur at ein stor del av grunnen til at idrettsinteressert ungdom deltek på arrangement i regi av KRIK er at det er eit lågterskeltilbod der ingen opplever at dei måtte vera kristne for å koma. Men når dei fyrst er der, så blir dei kalla på. Dei får treffa kristne ungdommar. Dei får høyra Evangeliet og vera med i bønn, noko ein alltid skal få med seg når ein er med på KRIK.

Og så kan dette setja i gang ein prosess der ein etter kvart får eit nytt syn på ting. Viss eg hadde spurt kameraten min om kva han meinte om sambuarskap og homofilt samliv før han vart med på KRIK, så hadde han nok svara at alt er greit. Spør eg han no, så svarer han annleis. Kvifor det? Fordi han har blitt ein kristen og blitt betre kjend med Ordet.

Her ligg litt av kjerna i saka for min del. KRIK si målgruppe er i stor grad ungdommar som ikkje enno er kristne. Denne gruppa har ikkje noko forståing for det (konservative) kristne synet på samliv – dei er i utgongspunktet liberale som samfunnet elles. Og om me argumenterer med at Gud meiner det skal vera slik, så imponerer det ingen. Denne argumentasjonen er fyrst relevant når nokon har blitt kristne.

Då er dei nye menneske og ser på ting med nye auge. Viss me får eit stempel på oss om at KRIK er ein organisasjon der homofile ikkje er velkomne, så kan me argumentera og forklara så mykje me vil, men det vil garantert føra til at enkelte ungdommar vil unngå (eller bli nekta av foreldra) å vera med på arrangementa våre. Då står KRIK i fare for å mista ein del av det store potensialet me har for å nå ut til ungdommar med Guds ord.

Eg ser ikkje på KRIK som ei meinigheit. Viss nokon som deltek på KRIK kontaktar meg og seier at dei ønsker å bli betre kjend med Gud, så vil eg ikkje seia at dei får alt dei treng gjennom KRIK. Eg vil då heller råda dei til å engasjera seg i ei meinigheit eller anna kristent ungdomsarbeid – men sjølvsagt òg halda fram på KRIK. KRIK er i mine auge innpiskaren som skal få folk til å koma inn for å høyra Guds ord og bli kjend med det kristne miljøet. Og så skal me sjølvsagt bidra med undervisning, men målet må vera at ungdommen finn ei meinigheit for å vaksa vidare som kristen. Samtidig må KRIK vera tydelege på kva som er Guds ord.

Vedtaket i landsstyret er ikkje perfekt, og det er lett å angripa for meg som konservativ kristen. Men i praksis trur eg vedtaket er fornuftig. For KRIK seier svart på kvitt kva me meiner er rett samlivsform for kristne. Viss nokon ønsker å veta kva me meiner så er det altså tydeleg. Så blir det opp til oss frivillige å forklara grunnlaget for dette.

Samstundes unngår organisasjonen å ha eit reglement overfor frivillige som er vanskeleg å handtera og som i store delar av befolkninga er svært kontroversielt. Og som garantert ville ha skapt ein mediestorm som ville gjort det svært vanskeleg for oss å få med unådde ungdommar på KRIK-arrangement.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har kome fram til at eg støtter Landsstyret sitt vedtak. Eg vil råda GF til å oppretthalda det og ikkje vedta mistillit. Dersom du som les dette er ueinig med meg og meiner at dette er ei liberal gliding eller liknande, så har eg forståing for det, og du har min fulle teologiske respekt.

For mitt mål er jo òg at alle i KRIK skal ha eit konservativt teologisk syn på denne og andre saker. Men eg trur altså at dette er den mest fornuftige måten å ivareta KRIK som ein organisasjon som gjer det mogeleg å fanga opp alle desse som elles ikkje får bli kjende med evangeliet.

Så kan dei få eit grunnlag for å forstå kvifor me konservative meiner det me meiner og kvifor me ikkje tek det så tungt at me blir stempla som intolerante mørkemenn. Og i beste fall kan dei enda opp med å bli einige med oss.