GUDSTENESTE: Det er vel ikkje urimeleg at dei som vil styra framtida for kyrkja, prioriterer å stikka innom ei gudsteneste i ei kyrkje nær seg? skriv Arve Kjell Uthaug. 


Kyrkja er lokal

Og ho er verdsvid. Alle nivå mellom desse to er litt mindre viktige.

Den universelle kyrkjakryssar grensene mellom kyrkjesamfunn og nasjonar. Heldigvis er ikkje grensene slik dei ein gong var. Fellesskapet med ein pinseven og ein katolikk kan vera like sterkt og naturleg som med ein med-lutheranar.

Like viktig er den lokale kyrkjelyden. Utan dette fellesskapet blir kyrkja mest teori. I den lokale forsamlinga møter vi menneske ansikt til ansikt, lyttar til Guds ord i lag, deler brød og vin og slår av ein prat over ein kopp kaffi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er viktig å ikkje konstruera ein konflikt mellom det pulserande kristne fellesskapet og den store medlemsmassen i kyrkja. Tvert om. Ein levande, lokal kyrkjelyd og menneska der kan nå ut til både passive medlemar og ikkje-medlemar.

Vi blir Kristus-etterfølgjarar i fellesskap med andre som trur, og det er større grunn til glede over eitt menneske som kjem til tru enn over ti prosents auke i deltakinga ved kyrkjevalet. Derfor er det viktig at dei som blir valt til bispedømeråd og kyrkjemøte, har tru på den lokale kyrkjelyden. Våg å satsa på dei lokale fellesskapa, sjølve berebjelken i kyrkja! Dei lokale kyrkjelydane må få større ansvar, fleire oppgåver og meir tillit.

Eit viktig steg er å la kyrkjelyden ta over ansvaret for å tilsetja prestar, og ikkje berre få uttala seg. Den endelege avgjerda bør liggja lokalt. Forvent òg større økonomisk innsats i form av gjevarteneste som kan gå direkte til styrking av det lokale arbeidet.

Og legg gjerne kyrkjevalet til kyrkjene like etter gudstenesta eit par, tre søndagar i valåret. Det er vel ikkje urimeleg at dei som vil styra framtida for kyrkja, prioriterer å stikka innom ei gudsteneste i ei kyrkje nær seg? Den norske kyrkja må satsa på vekst nedanfrå.