LOVVERK: Vi er eit folk som vil halde høgt i hevd eit kristen-humanistisk menneskesyn, som heile vårt lovverk framleis (?) er gjennomsyra av, skriv Harald Myklebust. Bildet er fra rednigsbåten Ocean Viking.

Rett og plikt

For å seie det i klartekst: Vi har plikt til å ta inn att 
i landet vårt alle våre som har gjort brotsverk for 
å gi dei ein rettargong og straff som måtte høve.

Alle menneske har livsrett og menneskeverd som må hegnast om, uansett kva land, religion, kultur, økonomi eller politiske vilkår ein lever under. I særleg grad gjeld dette born og unge, som er fødde inn i verda av sine foreldre.

Kva ansvar har så Noreg, vi ektefødte nordmenn, for kvarandre, uansett kvar vi måtte vere i verda? Kva rettar har vi og plikter har vi overfor kvarandre?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det bestialske som skjedde i og med IS (ISIL), der nokre norske statsborgarar vart såkalla radikaliserte og trekt med i denne terrororganisasjonen, dei er no internerte i leirar i Midtausten med sine born, i påventing av rettargong og dom. Kva så med dei 35-40 norske borna, uskuldige, men som lyt vere der saman med sine norske mødre?

Har ikkje dei, etter norsk lov, den samerett som alle norske born har det, til å få ein trygg og god oppvekst? Ja, har ikkje ein norsk statsborgar rett til å bli teken vare på (i oppveksten) sjølv om foreldra - av ulike grunnar - ikkje kan ta ansvar, eller har evne til å ta ansvar for dei (på grunn av sjukdom eller kriminalitet/fengsling)?

Ja, eg vil gå så langt: Har ikkje vi ifølgje grunnlov og gjeldande loverplikt til å gripe inn når urett skapar sår og vonde traumer hjå dei små, om enn dei skulle uskuldig vere internerte i framandt land?

Jau, seier langt dei fleste, men utan at dei får kome saman med mødrene sine.

Dette har blitt ein akilleshæl for mange. Eg dristar meg med følgjande utfordring:

Har ikkje ein kvar norsk statsborgarrett til ein human rettargong og dom over dei missgjerningane som ein kan ha gjort? Utan å kjenne godt nok til jussen, meiner eg likevel at regjeringa har eit moralsk ansvar for å løyse denne umenneskelege situasjonen dei er hamna i.

Slik no saka står, må desse vente på å bli stilt for retten der dei er internerte, med fare for å bli dømde til døden. I Noreg er det ikkje dødsstraff, men vi vil vere ein rettsstat som på humant vis vil føre saker og døme på ein rettskaffen måte, og samstundes som vi vil ta vare på mor/barn-relasjonen (som vi elles prøver å gjere når familiar i landet vårt driv med kriminalitet og det som følgjer av det).

For å seie det i klartekst: Vi harplikt til å ta inn att i landet vårt alle våre som har gjort brotsverk for å gi dei ein rettargong og straff som måtte høve. Og igjen: Dette for å ta omsyn til borns beste, at dei - så langt råd er - får vere i ein foreldrerelasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi er eit folk som vil halde høgt i hevd eit kristen-humanistisk menneskesyn, som heile vårt lovverk framleis (?) er gjennomsyra av. Skal vi berre «gi dei på båten» fordi vi ikkje vil vedkjenne oss deira norske statsborgarskap, med dei rettar og plikter det har for dei, og for oss?