OMVENDING: Lat oss få linka på
...
OMVENDING: Lat oss få linka på Jesus som var full av nåde og sanning. Lat oss få læra av meistaren som både forkynte til omvending og var venn av tollarar og syndarar som flokka seg rundt han, skriv Erling Thu. Foto: Adobe Stock
debatt
Raus, romsleg og bibeltru
Del
Evangeliet er verdens beste bodskap. Evangeliet er godt nytt for alle menneske. Sanninga i evangeliet set fri og gjev oss nytt liv. Dessverre kan våre måtar å forkynna evangeliet på gjera bodskapen til fordømmande lov.

Eg har eit hjartesukk: Gud, miskunna deg over oss! Me vil gjerne vera bibeltru, men gløymer å vera nådige. Me vil gjerne forkynna Guds sanning reint og klårt, men orda har så lett for å bli harde og fordømmande. Herre Gud, hjelp oss å vera rause, romslege og trufaste mot sanninga, i kjærleik!

Lat oss få likna på Jesus som var full av nåde og sanning. Lat oss få læra av meistaren som både forkynte til omvending og var venn av tollarar og syndarar som flokka seg rundt han.

Evangeliet er verdens beste bodskap. Evangeliet er godt nytt for alle menneske. Sanninga i evangeliet set fri og gjev oss nytt liv. Dessverre kan våre måtar å forkynna evangeliet på gjera bodskapen til fordømmande lov.

Då er bodskapen vår ikkje lenger godt nytt for menneska me forkynner til. Bodskapen kan forkynnast på ein slik måte at ordet om korset mistar si kraft, seier apostelen Paulus. Herre, hjelp oss å forkynna og vitna slik at ordet om korset blir Guds kraft til frelse for dei høyrer forkynninga!

Jesus sa at ikkje alt i lova hadde like stor vekt. Han sa til dømes at rettferd, miskunn og truskap er viktigare enn tiend. Ha sa at heile lova kvila på to bod: å elska Gud av heile oss og å elska nesten vår som oss sjølve. Dette er i samsvar med profetane si undervisning om at det

Herren ventar frå oss er at vi lever rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med vår Gud. Apostelen Paulus bad for dei kristne at dei måtte bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så dei kunne skjønna og avgjera kva som er viktig.

Det er viktig å strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage. Det er viktig å halda fast på den nikenske truvedkjenninga, som var den første kristne felles truvedkjenninga, utanom Bibelen. Det er sjølvsagt viktig å halda fast på at Bibelen er Guds ord og difor rettesnor for liv og lære. Det er viktig å halda fast på den etiske og moralske rettleiinga i Det nye testamentet.

Det Bibelen seier er synd, må me også seia er synd som me alle må venda om frå. Det er viktig å halda fast på Guds skaparordning og forstå at alle menneske er skapt i Guds bilete og er elska av Gud.

Det er også viktig å seia at alle menneske har synda og kjem til kort for Gud, men at alle kan få nåde og tilgjeving ved trua på Jesus.

Når det kjem til våre personlege opplevingar med Herren, takkar me for dei, men gjer dei ikkje til norm for andre kristne. Når det kjem til korleis me forklarar eller tolkar åndelege opplevingar, må me gje rom for ulike meiningar. Orda våre kjem alltid til kort. Gud er alltid større enn våre tankar og opplevingar.

Gud vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending, bli frelste og læra sanninga å kjenna. Eg takkar for alle som kjem til tru på Jesus og takkar Gud for at han bruker mange ulike folk og måtar til å føra syndarar til omvending og tru.

Eg trur det går an å vera raus, romsleg og bibeltru og samtidig forkynna til omvending og frelse. Kanskje eg heller burde seia at me må vera rause, romslege og bibeltru for å hjelpa folk til tru og etterfølging!

evangeliet,jesus,nådig,synd,paulus,synspunkt,erling thu