Under slagord som «Send barna hjem nå» og «Barnevernet = Gestapo» samlet noen hundre demonstranter seg foran Stortinget i 2016 for å vise sin motstand mot barnevernet. Mange av demonstrantene var selv foreldre som er blitt fratatt sine barn av barnevernet. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

Avisa Dagen og barnevernet

Har ikkje Dagen fått med seg at det er mange, mange familiar som har svært dårleg erfaring med barnevernet? Kva interesse syner Dagen for desse familiane?

I Samnanger kommune har no tre tidlegare barnevernssaker vorte granska. I rapporten, som er utarbeidd av Barneadvokatane DA i Oslo, og vart offentleggjort torsdag 15. august, får det dåverande barnevernet i Samnanger flengjande kritikk. Samnanger kommune har gjort ein dårleg jobb, noko som har hatt store, uheldige konsekvensar for dei berørte familiane på ei rekkje område.

På eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag 22. august handsama kommunen granskingsrapporten. Der vart det gjort samrøystes vedtak om økonomisk oppreising til kvart av dei berørte barna og til kvar av fedrane, og det vart bedt om orsaking til familiane for påstandar som har vorte framsette mot dei og for øydelagd barndom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter at granskingsrapporten vart offentleg tilgjengeleg torsdag 15. aug, tok både Bergens Tidende (18.08) på leiarplass og lokalavisa vår her, Samningen, (15.08 og 22.08) saka opp. NRK hadde saka oppe både i Vestlandsrevyen og i intervju med ordførar og varaordførar og leiar for Frp her i Samnanger (20.08).

Som Dagen-abonnent har eg vore spent på kva Dagen sine kommentarar til ei så alvorleg sak ville vera. Dagen er då opptatt av familien, så eg forventa ein reaksjon. Eg vart meir og meir forundra for kvar dag som gjekk utan at det kom ein einaste kommentar.

Så kom det på førstesida i Dagen 21.08, med store bokstavar og stort bilete: Kontakt barnevernet når dere er bekymret. Dagen har spandert heile to sider til på dette oppslaget.

Har ikkje Dagen fått med seg at det er mange, mange familiar som har svært dårleg erfaring med barnevernet? Kva interesse syner Dagen for desse familiane? Har Dagen fått med seg at menneskerettsdomstolen i Strasbourg krev svar frå Norge i 26 barnevernssaker?

I Bergen kommune ligg 10 barnevernssaker og ventar på gransking. Kor mange i Samnanger vågar i desse dagar å kontakta barnevernet når dei er urolege for noko, slik Dagen oppmodar til?

Mange her i Samnanger hadde møtt opp på det opne kommunestyremøtet 22. august. Vi sat rysta over barnevernet og det som kom fram om barnevernet i rapporten. Fleire, både av kommunestyrerepresentantane og dei som elles var møtt opp, hadde tårer i augene fleire gonger under møtet.

Dagen etter, 23. august, var det ikkje godt å opna avisa Dagen og bli møtt med enno eit to-siders innlegg om å melda frå til barnevernet.

Eg har vore med og kjempa for at sanninga om særleg den eine familien her inne skal koma fram i lyset. Det er stor glede over at mellom andre denne familien no får oppreising, etter seks års kamp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men kor er Dagen? Ser ikkje Dagen i det heile tatt dei nokså mange familiane som er øydelagde av barnevernet? Her er øydelagde born, øydelagde foreldre og besteforeldre som har fått heile pensjonisttida si øydelagd.

Eg oppmodar Dagen til å lesa seg opp på dei mange borna som er blitt skilde frå søskena sine og frå heile den biologiske familien sin. Eg ber også Dagen lesa granskingsrapporten frå Barneadvokatane DA. Link til den offentlege granskingsrapporten på Samnanger kommune si heimeside: www.samnanger.kommune.no.

Les også
Norge bør vurdere å endre barnevernet
Les også
Barneombudet svikter i sin egen rolle som «varsler»
Les også
Ber kristenledere melde til barnevernetVold mot barn
Les også
Nå er det alvor for norsk barnevern
Les også
Barnevern, ansvar og tillit