Menigheten i Al-Noor Islamic C
...
Menigheten i Al-Noor Islamic Centre i Bærum. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Debatt
Handlingsplan mot islamofobi?
Del
I same veke som tullingen i Bærum slo seg laus, skjedde følgjande: «In the name of Allah» vart det utført 28 dødbringande åtak i tolv land.

Ser at enkelte ytrar seg med krav om «handlingsplan» mot islamofobi her i Noreg. Bakgrunnen er ein villfaren ungdom som trampar inn i ein moské med våpen i hand, etter at han har teke livet av eit yngre familiemedlem.

Straks er ivrige debattantar på venstre fløy ute etter å skulde store delar av det norske folket for «muslimhets». Dei vil ha ein plan mot islamofobi.

Støre er positiv, Erna er heldigvis i tvil om nytten av dette. Berglund Steen vil - for å vera sikker - legge ned alle nettstader og info-kanalar som i det heile vågar å stille spørsmål ved innvandring, multikulturalisme, islam og mogleg islamisering.

Motto: Ned med ytringsfridomen! Opp med politistaten! Ja til statsstøtte til seg sjølv, og nei til andre med avvikande syn og meiningar!

Islamofobi er ikkje identisk med muslimhat. Politiske spekulantar prøver å sause saman desse to begrepa. Hugs: Det er mange nordmenn som var mot den sovjetiske kommunismen, utan at dei av den grunn hata det russiske folket.

I frie og opplyste samfunn må ein setja episodar i perspektiv. Sidan 22. juli har «høyre-ekstremismen» gitt seg få utslag i Noreg. Om islamistisk inspirert terror skal reknast som høgre-ekstremisme eller venstre-ekstremisme, kan andre få drøfte.

Men i same veke som tullingen i Bærum slo seg laus, skjedde følgjande: «In the name of Allah» vart det utført 28 dødbringande åtak i tolv land, som førte med seg 118 drepne og 331 såra menneske. I juli var det 769 drepne. Hittil i år er det fleire tusen.

Skal det lagast handlingsplan mot islamofobi, må det vera ein sjølvsagt del av planen å opplyse om kva islam er - som religion og politisk system - og kva dette fører med seg i retning jihad og plikter i den verdsomspennande ummahen.

paywall
paywall