Fokus på Far

Årets kritikk mot Oase har handla mykje om at fokuset på Den Heilage Aade tek fokuset vekk frå Sonen. Og denne kritikken sluttar eg meg til.

Men ingen har påpeika at fokuset på Anden endå meir står i vegen for Faderen. Jesus snakka nemleg først og fremst om Far, og hadde kallet og lovene frå Far som sin hovudrett (Joh 4:34, Sal 119). Og opphavet vårt og målet vårt er Faderen, ikkje Sonen (Joh 14:6, 17:5-8).

Og det er først og fremst Far og namnet hans som skal herleggjerast; Joh 17:4, jf òg første bøna i Fadervår: «Lat namnet ditt helgast». So kvifor blir det snakka so lite om Faderen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Spørsmålet er viktig, for det handlar om kvifor kristne eigentleg snakkar lite om den einaste sanne Gud og hans Ord, Joh 17:3.17, 20:17.

I den aktuelle debatten om karismatikk trur eg lengten etter meir liv og mindre teori er hovudgrunnen til at rørsler som fokuserer på Anden, er populære. Men er Guds liv berre knytta til Anden?

Nei, for Joh 4:23-24 viser at Gud (altso Far jf ovanfor) er ånd, og at Far må vera i sentrum fordi tilbedinga skal rettast mot Han. Og i Joh 6:63 at også Sonen sine ord er ånd og liv. Men eg støttar arbeid som tek oppgjer med teoretisk gudstru.

Og ei slik tru såg eg hjå Eivind Gjerde 8.7, fordi han baserte kritikken sin mot Oase på ei teoretisk lære om forsoning med Gud, som han utan dokumentasjon slo fast er i tråd med Guds ord. Og slik slo han også lettvint fast at Roy Godwin lærer falskt.

På fruktene skal treet kjennast (Matt 7:15-20), og Roy Godwin sitt fokus på å velsigna må utan tvil vera betre enn Gjerde sitt lettvinte oppgjer med noko han ikkje likar.