INKARNASJON: Den allmektige Gud steig inn i den verda han hadde skapt. Den heilage Gud vart menneske. Gud vart ein av oss.

Frå menneske til menneske

Gud kom til oss i mennesket Jesus Kristus. No er vi sendt som menneske med Jesus på innsida, til å møte våre medmenneske slik Jesus gjorde.

Midt i menneskesoga lyser denne hendinga: Gud vart menneske. Det er brennpunktet i Guds evige frelseplan. I det første kapitlet i Bibelen får vi høyra at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Mennesket vart skapt til fellesskap med Gud og kvarandre. Då synda kom inn i verda vart dette fellesskapet øydelagd.

Likevel kom Gud og leita etter menneska. Han lova at ein frelsar skulle koma. I Det gamle testamentet ser vi Guds frelseplan i utveljinga av Abraham og Israelfolket. Gong på gong grip Gud inn. Han sender profetar og bergingsmenn. Alle peikar fram mot det store historiske vendepunktet i Guds misjon: at Guds rike skulle koma nær.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Inkarnasjonen er det store midtpunktet og mysteriet i den kristne trua. Den allmektige Gud steig inn i den verda han hadde skapt. Den heilage Gud vart menneske. Gud vart ein av oss. Han tok bustad mellom oss og flytta inn i vårt nabolag som sant menneske.

Han er det sannaste menneske som nokon gong har levd på jorda. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. I ord og gjerning forkynte han at Guds rike var kome nær.

Likevel ville dei religiøse leiarane rydda han av vegen. Han vart krossfest og gravlagd, slik Gud hadde planlagd. Gud la all vår synd og skam på han då han døydde vår død på krossen. Ingen av herrane i denne verda forstod kva som hende då Jesus døydde på krossen.

Det såg ut til å vera det store nederlaget, men han vann sin største siger gjennom sin død. Difor kunne ikkje død og grav halda på han. Triumferande stod han opp frå dei døde. Kveitekornet som vart lagd i jorda kunne no bli til mange kveitekorn med stor spirekraft i seg.

Etter oppstoda sa han til læresveinane: Som Far har sendt meg, sender eg dokker! Gå ut i all verda og gjer alle folkeslag til mine læresveinar. Døyp dei og lær dei å halda alt eg har bode dokker. Når dokker går vil eg vera med dokker, heilt til tidsalderens ende.

Gud kom til oss i mennesket Jesus Kristus. No er vi sendt som menneske med Jesus på innsida, til å møta våre medmenneske slik Jesus gjorde.

Ved dåpen i Den Heilage Ande har vi fått kraft til å vera vitne om Jesus. Evangeliet om Guds rike må demonstrerast og forkynnast. Det kan vi berre gjera om vi kjem som sanne menneske, med alt som det inneber, og møter folk med forståing, medkjensle og kjærleik. Gjennom det vi seier og gjer må folk få møta Jesus gjennom oss. Det er det misjon handlar om.

Slik Far sende Jesus for å visa oss kven Gud er, har Jesus sendt oss for å gjera han kjend, elska og etterfølgd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ei tid der vi kan bli opptekne med mange ting, treng vi å velja den gode delen: Å sitja ved Jesu føter, ta imot hans ord og gå hans ærend.

Som menneske som har fått nåde kan vi møta menneske rundt oss med nåde. Ordet om nåderiket ber frukt når det går frå menneske til menneske, frå hjarte til hjarte.