Roy Godwin snakka første kvelden ein god del om korset, der han la vekta på at korset tek bort vår skam og gjenoppretter vår verdi som menneske når vi kjem til Kristus, skriv innsendaren.

Roy Godwins forkynning: skuld og skam

Roy Godwin snakka om at korset tek bort vår skam. Er det ikkje det som blir oppfatta som eit viktig problem hos mange unge i dag, at dei kjenner seg skamfulle?

Eg er på Oase i Fredrikstad, og høyrer mellom andre på Roy Godwin som har anspora ein del debatt i Dagen i det siste. Mykje av det som blir skrive er utan tvil skrive utfrå eit godt hjarte og med formaningar om å prøve alt og halde fast på det gode, som er prinsipp eg seier meg heilt einig i, men ein del av kritikken får feil utgangspunkt og retning.

Samtidig har eg teke til å lese ei interessant bok om det tredimensjonale evangeliet: «Tre 3D Gospel. Ministry in guilt, shame and fear cultures» av Jayson Georges. Han tek for seg det som misjologar og misjonærar har observert, at ulike kulturar legg vekt på heilt ulike aspekt som negative og positive drivkrefter både i enkeltindivid og i samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I vestleg kultur har vi for ein stor del fokusert på skuld og uskuld, i mange andre kulturar (særleg i Asia og Midt-Austen) er skam og ære viktig, medan mange animistiske kulturar er opptekne av redsle og kraft.

Vestleg teologi passar til tradisjonell vestleg kultur ved å fokusere på synd og nåde, samtidig som dette grunnlaget i vår tid har vorte svakare i og med at trua på moralske absoluttar (i Guds Ord) er sterkt svekka blant folk flest. Er det ikkje det som blir oppfatta som eit viktig problem hos mange unge i dag, at dei kjenner seg skamfulle?

Det som er interessant, er at dei to andre dimensjonane (som misjologane skriv om) med ære–skam og frykt–kraft også er sterkt framme i Skrifta heile vegen frå 1. Mosebok til ­Openberringa. Dei uttrykkjer djupe aspekt ved evangeliet og relasjonane mellom oss og Gud, og oss menneske imellom, men som vestleg teologi tradisjonelt har vore lite eller ingenting opptekne av.

Roy Godwin snakka første kvelden ein god del om korset, der han la vekta på at korset tek bort vår skam og gjenoppretter vår verdi som menneske når vi kjem til Kristus. Å snakke slik når vi inviterer andre til å kome til Kristus og ha fellesskap med Han er like meiningsfullt som å berre fokusere på at vi er lovbrytarar som er like sant og relevant, men det spørs på kvar vi finn vegen inn i hjartet hos dei som treng det.

Og den som blir født på ny, får kraft til å leve eit nytt liv og blir velsigna av Gud som er i den tredje dimensjonen av evangeliet. Dersom eg velsignar andre, gjer eg det fordi eg trur vi skal velsigne andre, og ikkje fordi eg trur eg har vorte Gud, som også har vore nemnt i debatten.

Ja, la oss vere som disiplane i Berøa, lytte og lese, vege det mot Guds Ord og drøfte det i fellesskap, og vere villige til å lære nye ting og kanskje gå inn på nye område. Alternativet er å stenge oss inne og bli oss sjølve nok og tru at vi allereie har alt ting på stell og greier oss fint. Til ulempe både for oss sjølve og resten av verda, når vi stengjer oss ute frå eit globalt fellesskap med ­Jesus i sentrum.

Les også
Hun har bedt for Oase-stoler i 25 årOase
Les også
Roy Godwin lærer Oase-deltakere å velsigne ikke-kristneOase
Les også
Roy Godwin og spiritualiteten
Les også
Roy Godwin og forsoningen
Les også
Slik opplevde de møtet med Roy Godwins bønnested i Wales
Les også
Roy Godwin og Oase