UTFORDRANDE: Kvile er eit godt bibelsk prinsipp, men mykje i den norske feriekulturen er utfordrande, skriv Olav Vestbøstad.

Feriemodus

Kvile er eit godt bibelsk prinsipp, men mykje i den norske feriekulturen er utfordrande.

Det er mange som i desse dagar gler seg til ferie. Gjennom ein lang vinter har ein lagt ned ein solid arbeidsinnsats, og det skal bli godt å få kvile seg. Dei norske ferieordningane er gode, og Noreg stoppar på mange måtar opp frå jonsok og fram til skulestart i august. Mange stader er det også færre gudstenester og åndelege møte. Nokre bibelgrupper og foreiningar tar ferie frå mai til september.

Kvile er eit godt bibelsk prinsipp, men mykje i den norske feriekulturen er utfordrande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I år er det ein tydeleg trend at norske ferievanar blir endra ut frå omsyn til miljøet. Togferie er i vinden, og mange prøver å gjere sitt for å redusere klimaavtrykket frå feriereisene. Det er fint at ein tenkjer globalt også når ein planlegg ferien sin.

Mange nyttar også sommarferien til å oppsøke eitt eller fleire kristne sommarstemne. I samvær med andre kan ein få påfyll for både ånd, sjel og lekam. Ved å delta der, unngår ein at sommaren blir ei åndeleg tørketid.

Sommarmånadane er tida då mange misjonærar er på veg ut på felt eller på veg til Noreg etter uteteneste i kortare eller lengre tid. For dei som er på veg ut, er det tid for å ta farvel med familie og venner. I tillegg er det mykje praktisk som skal ordnast. Ting skal pakkast ned, ein skal kanskje leige ut hus eller selje ein bil.

Dei som kjem til Noreg må også ordne med mykje praktisk og ein skal etablere seg i Noreg og møte livet her. Mange får god hjelp av familie og vener i denne fasen, men det er ikkje alle utsendingar som har like stort nettverk. Eg trur mange vil setje pris på å få praktisk hjelp i denne fasen, anten det er med vask av husvære eller kjøp og sal av bil.

Misjonærfamiliar med born kjem gjerne tilbake til Noreg i juni, og det er mange veker til skulen startar opp i august. Foreldra er kanskje stressa fordi det er mange ting som må ordnast, samtidig med at ein har ulike kjensler knytt til avreise frå felt og spenning rundt tilværet i Noreg.

Ut frå eiga erfaring veit eg at det i denne fasen er kjekt om det er nokon som tar kontakt og som bryr seg på ein god måte. Det er ikkje sikkert at det passar å svare ja til ein middagsinvitasjon, men det er uansett ei god oppleving å bli hugsa på. Dette er spesielt viktig dersom ein flyttar til eit nytt område der ein ikkje har stort nettverk frå før.

Det er ikkje alle som kan stilla opp med praktisk hjelp, men ein kan engasjere seg på ulikt vis likevel. Bønn er viktig året rundt. Det er mange ting som er viktig å be om også i ferien. Sommaren er eit tid med mykje reising for misjonærane. Be om at både utreiser, heimreiser og feriereiser går bra! Be om at misjonærane som er på felt kan få ein god ferie der dei får lade opp batteria til eit nytt semester. Mange stader er det også besøk på felt, både korttidssteam og andre gjester.

Be om at desse besøka blir til signing for misjonærar og det lokale arbeidet! Sommaren er også ei tid der det blir arrangert leirar og andre spesielle arrangement rundt på felta. Husk på desse arrangementa i bøn og be om Guds rike signing over dei! Endringar i staben kan vere krevjande. Dynamikken i eit medarbeidarfellesskap endrar seg både når nokon drar etter fullført teneste eller når nye medarbeidarar kjem til. Det er absolutt eit bøneemne å be om at slike endringar blir gode!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kanskje er det også greitt å tenke over gjevartenesta. Vanlegvis får arbeidstakarar feriepengar i juni og det er vanleg lønn i juli. Misjonsorganisasjonane har sine kostnadar også i feriemånadane, men gåveinntektene er ofte mindre om sommaren. November og desember er dei store gåvemånadane for dei fleste organisasjonane.

Kanskje er det greitt å vurdere om ein skal gi ei ekstragåve i løpet av sommaren? Det kjem godt med for dei aller fleste organisasjonane. Avtalar om faste månadlege trekk frå konto går sin gang gjennom sommaren. Slike avtalar er gull verdt for organisasjonane, og gjer at dei har ei føreseieleg gåveinntekt sjølv om aktivitetsnivået på lokalplan gjerne er litt lågare om sommaren.

Ferie er ofte det å gjere noko anna enn det ein gjer i kvardagen, og det er ingen ting i vegen for at også ferien kan vere ei gudsteneste der ein får vere til signing for andre, både i nærmiljøet og globalt.

God sommar!