DRASTISK: Eg trur alle som er her i dag, kjenner nokon som har blitt møtt på dette viset, som har måtte gjere noko drastisk for å unngå å bli eit av Guds brente barn, kanskje melde seg ut, kanskje flytte, sa Kari Veiteberg i Oslo domkyrkje. Biletet er frå GayGalla i 2018. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix

«Har du sår, har eg salt»

Dette er biskop Kari Veitebergs preike på Pride-gudsteneste fredag 21. juni 2017 i Oslo domkirke. Preiketekst er Matteus 5,13-16.

Kjære venner, no ser eg på dykk alle og seier: Happy pride! Kva svarar de då? (Høyrer ikkje!) Det står skrevet hos evangelisten Matteus kapittel 5. Jesus sier:

«Dere er jordens salt! Men hvis saltet mister sin kraft, hvordan skal det da bli gjort til salt igjen? Det duger ikke lenger til noe, men kastes ut og tråkkes ned av menneskene.Dere er verdens lys! En by som ligger på et fjell, kan ikke skjules.Heller ikke tenner man en oljelampe og setter den under et kar. Nei, man setter den på en holder, så den lyser for alle i huset.Slik skal deres lys skinne for menneskene, så de kan se de gode gjerningene dere gjør, og prise deres Far i himmelen!» Slik lyder det hellige evangelium.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kven er orda i preiketeksten retta til? Det er eit spørsmål vi alltid må stille oss når vi les i Bibelen, særleg når det gjeld det Jesus seier. Eg lærte eit nytt ordtak i Trøndelag i fjor. Det er sånn:

Har du sår, har eg salt.

Eg tenkjer i dag, når vi høyrer Jesus seie atdereer jordas salt, at kyrkja ofte har vore salt akkurat på det viset: Menneske har kome med sine sår og har blitt møtt med - salt. Det er stadig mange som kjenner at det svir i sår etter å ha kome ut av skapet og blitt møtt med ramsalte ord, ofte henta nettopp frå Bibelen, ord om kva menneske vi er. Ord og haldningar som stadig svir og som har skapt sår. Eg trur alle som er her i dag, kjenner nokon som har blitt møtt på dette viset, som har måtte gjere noko drastisk for å unngå å bli eit av Guds brente barn, kanskje melde seg ut, kanskje flytte.

Alle menneske er frå ein stad, eg veit at mange i denne byen også har kome hit for å kunne halde fram med å leve som seg sjølv. Det har blitt betre, det må ein seie. Men temaet forPride 2019 erhistorie, og då må det berre bli sagt: Akkurat dette er ei historie kyrkja bør skamme seg over.

Det er mange måtar å formidle historia på. Eg har ikkje lyst til å drive med elendigheitshistorie. Derfor vil eg ikkje seie mykje om dei landa som har lovverk og straffetiltak som gjer det farleg å vere LHBTar. Eg vil heller løfte fram Botswana som no 11. juni avkriminaliserte homoseksualitet. Og høgsteretten Equador kunngjorde førre onsdag at dei ville anerkjenne likekjønna ekteskap. Men det går an å seie, og det skal seiast, at kampen for fulle menneskerettar for skeive pågår stadig, og at kyrkjene dessverre ofte står på feil side.

Historie dreier seg også om kjønn og klasse. Dei som har hatt makta, ofte menn, har også likt å fortelje historia særlegom seg sjølv. På engelsk kallar dei det, nettopphis-story, hans historie.Her-story er det meir vanskeleg å få auge på, for ikkje å snakka om historia til tredje kjønn og alle skeive. Kvinnehistoriene har ofte blitt gløymte. Ei kvinne salvar Jesus med dyrebar salve, han seier: «Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.» Kva skjer? Ingen hugsa namnet hennar, og på det viset deler ho skjebne med alle namnlause, dei blir gløymde.

Lat oss i dag, prøve å gjere noko til minne om Jesus og denne namnlause kvinna, lat oss tenkje på alle dei som har ytt ein viktig innsats for kjærleiken mellom menneske.

For nesten eit år sidan, her på denne staden, song og dansa Nils Bech ein song til kongeparet på deira jubileumsgudsteneste. Songen var skrive til bestemora der han takkar henne for kjærleiken ho gav han. Ein kjærleik som gjorde at han til slutt turte å elske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det finst så mange andre, desse mødrene og bestemødrene og tantene som seier når vi har våga å opna skapdørene og vist fram oss sjølve, som har sagt, «ja det har vi jo visst alltid», «vi har alltid vore glad i deg», eller også: «Seier du det? Då må eg endre på det eg før trudde var riktig og galt. For kjærleiken til deg er det viktigaste.»

Ja eg veit det finst andre forteljingar også. Men lat oss akkurat no tenke på dei som har støtta og oppmuntra oss gjennom livet,i kjærleiktil kjærleik. Også i den skeive rørsla har det vore snakk omhis-story ogher-story. Eg har heilt sidan eg vart ordinert halde gudsteneste i Åpen kirkegruppe. Og der var det også frå starten av tydeleg at det var utfordringar også i styrkeforholdet mellom lesbiske og homofile.

Men vi driv jo ikkje med elendigheitshistorie. (!) Vi kan også feire og glede oss over at dette forholdet har blitt meir likeverdig no. Og ein viktig grunn til det vil eg berre nemne med namn, det er Kim Friele. I denne uka har ho fått ein plakett på den benken ved Nationaltheatret der ho sat for seksti år sidan og speida etter damer, den første homo-plaketten kallar ho det sjølv:

Lat oss setje oss der av og til, og tenkje og minnest henne og alle andre som gikkforan, dei som er som ein sky av vitner for oss, som har kome etter. Kim Friele fortener ein plass i byen og også rom i hjarto våre. Ho har vore ei urokråke i den norske offentlegheita og eit forbilde for mange, ho og hennar Wenche, har opplevd mykje hets og motstand, men dei har vore salt og lys for oss.

Kjære venner, Happy pride! Korleis skal vi seie det på norsk?Pride er lett, det betyr stoltheit: Happy stoltheit! Men happy? Lykkeleg? Det er jo lett å seie, men det høyrest også litt overflatisk ut: vær lukkelege? Kanskje kan ein bruke eit litt eldre ord? Eit ord Jesus seier til dei som høyrer på rett før orda om salt og lys er dette:

«Salige er de som er fattige i ånden, for himmelriket er deres.Salige er de som sørger, for de skal trøstes.Salige er de ydmyke, for de skal arve jorden. Salige er de som hungrer og tørster etter rettferdigheten, for de skal mettes. Salige er de barmhjertige, for de skal få barmhjertighet.Salige er de rene av hjertet, for de skal se Gud.Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Guds barn. - Det er som engelen seier i den romanske kyrkja: Skäms inte för att du är människa, var stolt! Inne i dig öppnar sig valv bakom valv oändligt. Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.» (Tranströmer)

Happy pride! Dere er salige. Vær stolte! La oss oppmuntre kvarandre til å stolheit.Salte kvarandre og jorda så vi erfarer einlivsbevarande forskjell. Ikkje som saltet i såret, men bevare det som er godt, forsone og halde livet og kjærleiken oppe. Dere er lys! Lys som kan få oss til å sjå kvarandre som vi er, ikkje som skuggar eller skap bebuarar, mens om skapte i Guds bilde.

«Skäms inte för att du är människa, var stolt!» I namnet til den treeinige Gud, Skaparen, Frigjeraren og Livgjevaren som var, er og vere skal ein sann Gud frå æve til æve.