KJELDELAUSE: Tragedien for kristne – og trusselen frå islamistiske terroristar – er hjarteskjerande nok utan å bruka kjeldelause tal som difor kan sjå ut som dei rett og slett er usanne, skriv Johannes Morken. På biletet ser vi Gabriel Naddaf.

Udokumentert om drepne kristne

Får du opp eit innlegg på Facebook om at kvart femte minutt vert en kristen drepen i Midtausten – på grunn av trua si? Ikkje del innlegget med venene dine.

Erik Selle i Partiet De Kristne skreiv innlegget i Dagen 29. mai 2015. Det dukkar stadig opp i nye trådar på Facebook, det er på fire år delt over 10 000 gonger, ifølgje Dagens digitale debattforum. Det uroar meg.

Overskrifta «En kristen drepes hvert femte minutt» var bygt på eit sitat av den ortodokse presten Gabriel Naddaf frå Nasaret: «Hvert femte minutt blir en kristen i Midtøsten drept for sin tro».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vert ikkje gitt det minste belegg for at over 100 000 kristne kvart einaste år vert drepne berre i Midtausten. På grunn av kristentrua. Eg har fått spørsmål om dette verkeleg stemmer og har prøvd å finna ut kvar talet kan koma frå.

I 2011 kom det i International Bulletin of Missionary Research ut ein artikkel om «Martyrs and the Resurgence of Religion», oppdatert i 2014. Fagfolka bak talet har rekna med ein god del av offera i borgarkrigar i Sudan og Kongo og folkemordet i Rwanda for å landa på ein million martyrar mellom år 2000 og 2010. Dette overslaget for eit tiår har dei delt på ti og funne eit årleg tal på 100 000 martyrar, etter sin definisjon. Så har andre funne ut at det vert ein drepen kristen kring kvart femte minutt.

I førre hundreår var talet endå høgare, med mange offer for fascistiske og kommunistiske regime i Europa. Forfattarane erkjenner at andre definisjonar fører til lågare tal. Eg går ikkje inn definisjonen, eg vil heller sjå korleis talet blir brukt – og misbrukt.

Det går ikkje fram kvar Erik Selle og Gabriel Naddaf har talet sitt frå. Men det kan sjå ut som dei berre har flytta det høge talet frå der det kom frå og plassert det i Midtausten. Utan eit ord til forklaring. Der har Selle/Naddaf – og for alt eg veit nokon før dei – gjort det til det som nærast blir ei «muslimsk naturlov»: Kvart femte minutt blir ein kristen drepen for trua si i Midtausten.

Dersom Selle og Naddaf har kjelder som kan dokumentera dette, bør dei koma med dei. Tragedien for kristne – og trusselen frå islamistiske terroristar – er hjarteskjerande nok utan å bruka kjeldelause tal som difor kan sjå ut som dei rett og slett er usanne.

Stefanusalliansen har ikkje eigne tal. Open Doors/Åpne Dører har dokumentert 3000-4000 tilfelle årleg av at kristne blir drepne for trua si, på verdsplan, etter heilt andre kriterier.

I Dagens digitale utgåve er innlegget til Selle framstilt som eit uomtvisteleg faktum og ikkje eingong som ei meiningsytring. Det er mildt sagt underleg.

I innlegget blir påstanden om at kvart femte minutt blir ein kristen drepen for trua si, brukt til å forklara den dramatiske nedgangen i talet på kristne. Selle skreiv at «i 2003 var det omkring 1,5 millioner kristne i Irak. I dag er det omkring 250.000.» Tala er sanne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så heldt innlegget fram: «De øvrige er drept, har flyktet eller er blitt tvangskonvertert.» Her må vi halda tunga rett i munnen. Dei aller fleste kristne som vart truga på livet av IS, flykta internt i landet eller ut av Irak. IS drap også kristne, andre blei tvangskonverterte. Men drapsmaskineriet til IS gjekk hardast ut over jesidiane på Sinjar-fjellet, ikkje dei kristne.

Diverre er det ingen vilje i Irak til å ta oppgjer med kvifor IS-vondskapen kunne oppstå der. Og muslimske lærde og andre må i endå sterkare grad ta avstand frå islamistisk valdsideologi etter IS.

Men Selle – og Naddaf – hoppar totalt bukk over den amerikanske invasjonen i 2003. Invasjonen utløyste borgarkrig. Minoritetane kom i skvis mellom sunni- og sjia-muslimske grupper og blei også utsette for terror. Hundretusenarar flykta lenge før IS. Heller ikkje Partiet De Kristne kan lata att augo for det tragiske bidraget av invasjonen. Diverre var det mange i Vesten som svikta dei kristne i Syria og Irak og først byrja bry seg då IS kom.

Oppgåva med å skapa ny tillit mellom det muslimske samfunnet og minoritetane i Irak er blytung etter IS. Det fire år gamle innlegget til Selle spinn av garde på Facebook og gjer sitt til å skapa inntrykk av at framtida er håplaus.

Vi i Stefanusalliansen støttar i Irak lokale partnarar som ikkje har gitt opp håpet:

1. Hjelp til jesidi-jenter etter IS-fangenskap.

2. Gjenoppbygging av kristne landsbyar.

3. Endra skulepensum slik at imamar og lærarar skal læra sant om kristne og andre religiøse minoritetar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Læra om at alle andre religionar enn islam er falske, skapte eit farleg jordsmonn for IS. Det kan skapa jordsmonn for ny vald dersom ikkje Irak sjølv snakkar sant om minoritetane sine. «Volden kommer fra skoler og moskeer», seier ein av partnarane våre i Irak i eit intervju i Magasinet Stefanus.

Det er nok å ta tak i for å skapa nytt håp. Vi gjer det best ved å støtta dyktige, lokale krefter – og ved å snakka sant om tragedien. Kristne blir diskriminerte, forfølgde og drepne i mange land i Midtausten, det er mange døme også frå Egypt. Men det er ille nok utan farlege overdrivingar.

Les også
– En kristen drepes hvert femte minutt