PREST: Er det forresten meiningane sine Børge Ryland har blitt hetsa for? Nei, det går fint an å tolka det annleis. Han blir hetsa for det han er, skriv Ingvard Hageberg. På biletet ser vi kyrkjerådsleiar Kristin ­Gunleiksrud Raaum.

Avstand frå trakassering – men

«Vi tar avstand fra trakassering», skriv leiaren av kyrkjerådet (Dagen 11. juni 2019). Det er bra! Kjempebra, og det skulle berre mangla?

Trur Kristin Gunleiksrud Raaum at det finst nokon som trur noko anna om kyrkjerådet – og Åpen folkekyrkje, for den saks skuld. Likevel har eg skrive eit «men» i overskrifta, og det meiner eg å ha godt grunnlag for. Ope og usminka gir ho i artikkelen uttrykk for at «Det er stor forskjell på å bli hetset for det man sier og for den man er».

Raaum presterer altså å blanda inn i saka på Osterøy og det som skjedde med eit lesbisk par i Sandnes og med det som skjer mange stader i verda der «mennesker med LHBT+–identitet ikke kan føle seg fri til å være den de er». Her blir det ei salig «blanding av likt og ulikt». Ser ikkje Raaum kva ho sjølv skriv? - At det er ille med presten på Osterøy og det han har vorte utsett for kan så vera, men det er mange som har det verre. Denne saka må difor ikkje overdrivast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Veit forresten Raaum mykje om kor ille Børge Ryland har det? Og det er fleire prestar i Osterøy med same syn som han. Her har lokalpressa opna kommentarfeltet for den grovaste sjikane. Ikkje alle toler like mykje av slikt. Paret i Sandnes har i det minste fått solid støtte frå heile landet med riksaviser og TV i front. Biskop og prost har rett nok gått ut til støtte for Børge Ryland, og det skulle berre mangla, men lokalavisa har langt på veg gjort det motsette.

Eg synest dette var bleikt, Raaum! No ventar vi på at leiaren av kyrkjerådet prøver å «skilja snørr og bart» og kjem med ei støtte utan vilkår!

Og er det forresten meiningane sine Børge Ryland har blitt hetsa for? Nei, det går fint an å tolka det annleis. Han blir hetsa for det han er! Dette har med teologisk identitet å gjera. Og identitet, det handlar om kven ein er eller vil vera! Vi som står for det synet dei fleste kyrkjer i verda har, og som dei fleste kristne kyrkjesamfunn har stått for i cirka 2.000 år ventar å få respekt for det vi er, ikkje minst frå kyrkjerådsleiaren. Mangel på respekt for teologisk og personleg identitet er det som gjer meg så provosert.

I Vårt Land står det 11.06.19 ein god reportasje av Elise Kruse. Biskopen i Bjørgvin kjem der til orde, og han seier at «det går ganske bra å leve med to syn. Kva meiner han med det? Mange som står nærare grasrota enn han tydeleg gjer, opplever nok dette annleis.

Med referanse til Jan Arild Holbek si bok: «Rådet som forandret kirken» les vi mellom anna «Kirkemøtet har forskjøvet problemet nedover i menighetene. Det er de som må ta stilling til uenighetene nå. Kirkemøtet har bidratt til at konflikten på nasjonalt nivå enda mer er blitt en verkebyll i lokale menigheter…»

Det er no 20 år sidan eg i ein ­avisartikkel hevda at slik ville det truleg bli med dei signal bispe­møtet og kyrkjemøtet hadde sendt ut. Litt skadefryd kjende eg nok ­difor ved å lesa sitatet ovanfor, men det gav lite trøyst i sorga over ­utviklinga i kyrkja vår.