KJØNN: Kanskje er det mogleg å
...
KJØNN: Kanskje er det mogleg å få ein opnare, meir kunnskapsbasert og opplysande offentleg debatt i Norge om temaet barn/unge og kjønnsidentitet? La oss håpe det, skriv Marit Johanne Bruset. 
 Foto: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix
debatt
Kjønnsidentitet hos barn og unge - og behovet for forskningsbasert kunnskap
Del
No ropar både foreldrenettverk og stadig fleire fagfolk varsku om ei utvikling der radikal identitetspolitikk har fått trumfe biologi og vitenskap i omsorgen for desse sårbare barna.

I fleire vestlege land har det vore ein formidabel auke blant barn og unge med raskt oppkommen kjønnsdysfori; Rapid Onset Gender Dysforia (ROGD). Dette er ei ny pasientgruppe som historisk skiller seg frå andre transseksuelle. Dei fleste i denne gruppa er unge og fødde jenter. Tilstanden inneber at barnet/ungdommen opplever manglande samsvar mellom sitt biologiske kjønn og den opplevde kjønnsidentiteten.

No ropar både foreldrenettverk og stadig fleire fagfolk varsku om ei utvikling der radikal identitetspolitikk har fått trumfe biologi og vitenskap i omsorgen for desse sårbare barna. Særleg bekymringsfullt er det at stadig yngre barn blir utsette for irreversibel feilbehandling.

Det er på tide å spørre; Kva er «mainstream» media sitt ansvar i denne alvorlege situasjonen? I media og på nettet vert dei unge eksponerte for einsidig/ubalansert informasjon om temaet, samstundes som der er eit sterkt påtrykk om at den rette løysinga er å få stadfesta den nye kjønnsidentiteten gjennom kjønnsbekreftande behandling med hormonar og kirurgi.

I skulen, og etterkvart i stadig fleire barnehagar, vert barna eksponerte for Pride-ideologien sin radikale kjønnsideologi. Rosa kompetanse som er organisert som ei fagavdeling i FRI (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold) tilbyr kurs for tilsette i helse-, sosial-, skole- og justissektoren og til private bedrifter. Rosa kompetanse er finansiert av Helsedirektoratet, Bufdir, Utdannings- og av Politidirektoratet.

Eksemplar på andre aktørar er Senter for likestilling som arrangerer gratis kurs for barnehagetilsette ut frå den samme ideologien. Kurset har tittelen «Trygg i eget uttrykk - jenter, gutter og alle andre». Felles for kursa er at dei handlar om kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering. Barn heilt ned i 3-4-årsalderen er, med staten sin velsigning og støtte, gjort til målskive i FRI sitt identitetspolitiske prosjekt.

Det er på høg tid å stille kritiske spørsmål også ved det som skjer i barnehagar og skular her i landet, liksom den svenske psykiateren David Eberhard har gjort om tilhøva i Sverige. I boka «Det stora kønsexperimentet» (2018) gir han uttrykk for at dette eksperimentet som i likestillingens namn pågår i svenske barnehagar og skoler, må ta slutt. Dette medførar meir skade enn gagn.

Med utviklinga vi no ser også i Norge, kan det vere grunn til å spørre om undervisinga i den radikale kjønnsideologien i barnehagar og skular bidrar til å skape meir forvirring og usikkerheit om kjønnsidentitet hos dei sårbare barna/dei unge?

NBTS (Nasjonal behandlingstjeneste for Transseksualisme) har landsfunksjonen for utgreiing og behandling av transseksuelle personar her til lands. Fagfolka der har høgaste kompetanse og lengst og breiast erfaring med denne problematikken. Dei har sett det naudsynt å gå ut i media med si bekymring for at sexologar og andre behandlarar startar opp behandling av yngre personar i eit lavterskeltilbud. Syner til deira kronikk i Aftenposten 21.mars 2018 med overskrifta «Behandlingsivrige sexologer spanderer hårvekst og mørk stemme på nasjonens døtre».

I eit oppslag i svenske Expressen 4. april i år (også gjengitt i Nettavisen), kan ein lese om ei gruppe fagfolk og pårørande av barn/unge som har gjennomgått kjønnsbekreftande behandling, som åtvarar mot den same utviklinga i Sverige. Gruppa er samansett av leger, psykologer, forskarar og pårørande (derav også nokre norske).

Dei åtvarar om at utredning skjer for raskt og er for lite omfattande og at forekomsten av «angrarar» vert fornekta eller neglisjert. I oppslaget i Expressen vert det referert frå eit brev til svenske Socialstyrelsen i november 2018, der gruppa også uttaler at ein ikkje kan utelukke at kjønnsdysfori kan «smitte» på same måte som spiseforstyrringar og annan sjølskadingsatferd.

Det vert også vist til at i tillegg til dei med «ekte» kjønnsdysfori, finst det unge som søker løysingar på andre underliggande problem, og at kjønnsbekreftande behandling ikkje vil hjelpe dei på lengre sikt.

Eitt trist døme på dette er å sjå i dokumentaren i program-serien «Uppdrag granskning» som vart vist på svensk tv i april i år. Dokumentaren har tittelen «Tranståget och tonårsflickorna». Den viser den vonde historia til ei ung finsk jente som har gjennomgått hormonbehandling og kjønnskirurgi. Ho angrar, og må leve med dei irreversible forandringane resten av livet. Ei anna ung svensk jente som også angrar på kjønnsskiftet, vart også intervjua i dokumentaren. Men ho våga ikkje stå fram med namn og ansikt av frykt for negative reaksjonar frå andre i miljøet.

Det er eit stort behov for meir forskingsbasert kunnskap på dette viktige og vanskelege feltet. Særleg på grunn av den høge forekomsten av samanfall i diagnoser hos barn med kjønnsdysfori. Diagnoser innan autismespekteret er overrepresenterte.

Det er behov for spisskompetanse, grundige utgreiingar og tilpassa trygg behandling. Fagfolka i behandlingsfeltet har eit stort ansvar om å klare skilje kjønnsdysfori frå andre tilstandar, slik at dei unge som treng det, vert gitt rett behandling før dei når vaksen alder.

Ved Tavistock Centre i London, ein statleg spesialistteneste for transseksualisme, har fem leger valt å seie opp jobben fordi dei meinar at den medisinske behandlinga av ungdommane er etisk uforsvarleg, og at veksten i kjønnsdysfori ofte skuldast andre forhold enn eit reelt behov for kjønnsskifte.

D. Eberhard hevdar at i den postmoderne verda er følelsar blitt like viktige som fakta, og at ingen stader blir dette meir tydeleg enn i debatten om mannleg og kvinneleg.

Det er svært urovekkande å lese at innan det internasjonale akademiske miljøet og blant forskarar innan transfeltet har fleire opplevd å bli trakasserte, motarbeidd og freista knebla og sensurert, både i forhold til forskinga og publiseringa av denne.

I England har det gått så langt at i oktober 2018 bad ei gruppe på over 100 akademikarar/forskarar frå ulike fagområder styresmaktene om beskyttelse mot ideologisk motiverte angrep innan dette feltet. Viser til The Guardian 16. oktober 2018: «Academics are beeing harassed over their research into transgender issues.»

Barn og unge med utfordringar knytta til kjønnsidentitet er ei samansett gruppe vi treng å møte med omsorg og respekt, men også med god og sikker informasjon.

Både i undervisingsamanheng, i det forebyggande arbeidet og i behandlinga er det viktig å hente informasjon frå oppdaterte, kunnskapsbaserte og pålitelege kjelder. Desverre er dette ikkje situasjonen slik den framstår idag.

Eitt lite lyspunkt er at journalist Ingunn Økland i sin Kommentar i Aftenposten den 27. april i år, uttalte at transbevegelsen må tåle debatt, og «at den offentlige debatten er på vei, om LGBT-bevegelsen vil eller ei».

Kanskje er det mogleg å få ein opnare, meir kunnskapsbasert og opplysande offentleg debatt i Norge om temaet barn/unge og kjønnsidentitet? La oss håpe det.

biologi,debatt,foreningen fri,ingunn økland,identitetspolitikk,aftenposten