Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Startskotet for misjon

Vi sit med ein status i dag som viser at Jesu etterfølgjarar finns i alle land på jorda. Det skulle ein ikkje tru om vi ser tilbake på starten.

Vi seier ofte at pinsa er markeringa av kyrkja sin fødselsdag. Det trur eg vi må revurdere. Ofte skjuler det seg ein ubibelsk erstatningsteologi i ein slik tanke. Kyrkja er Guds folk av jødar og heidningar, men dette var ikkje eit nytt folk på pinsedag. Tvert om, det var i Abraham Gud valde seg ut eit folk, to tusen år tidlegare.

I bibelsk symbolikk blir det galt å seie at Gud planta eit nytt tre på pinsedag. Nei, då Anden kom, og det skjedde midt i jødane si pinsefeiring for lovopenberringa på Sinai, varsla det ei tid av innpoding på det oliventreet som allereie stod der, om vi kan bruke bildet frå Rom. 11. Gud hadde allereie eit folk. Dette jødiske folket blei ikkje forkasta men utvida. Det var pinsedagen i Jerusalem omlag år 30 starten på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Allereie i GT høyrer vi Guds smerte over det fråfallet blant jødane som gjorde at greiner blei brotne av treet. Likevel står alltid løftet fast om at ein rest blir igjen. Om dei så opplever at treet blir tatt ned til det berre står ein stubbe igjen, skal det igjen skyte friske skot. Nokre av Jesaja-profetiane om Messias og den store frelsestida er knytt til denne bildebruken.

Pinsa er knappast kyrkja sin fødselsdag, rett og slett fordi Guds utvalde folk eksisterte lenge før år 30 og har løfte som strekker seg heilt fram mot slutten på alle tider. Derimot trur eg vi kan kalle pinsefeiringa for misjonens fødselsdag. Rett nok veit vi at nokre heidningar slutta seg til det jødiske trusfellesskapet og at nokre jødar dreiv ei form for misjonsverksemd allereie på Jesu tid. Med Andens kome skjedde likevel noko radikalt nytt.

Då Jesus gjekk omkring, levde han med dei avgrensingane som inkarnasjonen gav han. Han kunne ikkje vere i Kapernaum og Jerusalem samtidig. Då Jesus sa til disiplane at det var til fordel for dei at han skulle gå bort, gav dei han neppe rett. Men Jesus hadde rett, for Andens kome ville ha to heilt avgjerande konsekvensar.

For det første skulle Anden kome «over alle menneske», slik profeten Joel sa. Ved Andens kome blir Jesus og hans frelse tilgjengeleg for alle samtidig på ein ny måte. I kor stor grad dette nærveret blir realisert er avhengig av at Guds folk er lydige mot kallet til ein misjon som gir utsendinga fysisk nærvær. «De fleste skjønner først hvem Jesus er når en av hans disipler kommer nær.» (Vidar Kristensen) Anden gjer evangeliet og Jesu nærvær universelt.

For det andre gjer Anden Jesus og evangeliet nærverande i våre hjarte. Han som den gongen stod framfor menneska med kropp og klede tar no ved Anden og ved trua bustad i oss. Anden skaper det nye livet og internaliserer Jesu nærvær i oss.

Dette er grunnlaget for misjonsoppdraget Jesus gav dei få som heldt fast ved han til det siste. Det var eit umulig oppdrag, ein «mission impossible», om ikkje det var for Anden. Vi sit med ein status i dag som viser at Jesu etterfølgjarar finns i alle land på jorda. Det skulle ein ikkje tru om vi ser tilbake på starten.

Dei fleste ville seie at Jesus ikkje hadde dei rette folka, at bodskapen dei gjekk med var altfor lett å støyte seg på og at dette primært var ei sekthistorie i det indre Middelhavet, langt frå rådande makt og ideologi. Det er ei rimeleg vurdering, om det ikkje var for Anden.

I misjonsteologien er nokon veldig opptatt av at Anden strengt talt ikkje kom pinsedag. Han har vore der heile tida og er derfor konstant nærverande i alle folk og kulturar. Det er sant på skapinga sitt plan. Om Gud tok sin Ande tilbake, ville ingenting leve, og Andens nærvær legg også igjen vitnemål om Gud, om vi berre kunne sjå dei og tolke dei. Slik sett er det i Han vi lever og rører oss og er til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pinsa varslar likevel noko mykje meir, Guds frelsande nærvær ved evangeliet. Det som Jesus gjorde for oss, ja, for alle ved sin død og si oppstode, må ut til alle. Det er ikkje ein naturleg bodskap som kjem opp i noko menneskehjarte, men ein revolusjonerande bodskap som Gud openberrar for oss ved sin Ande og slik skaper nytt liv.

Pinse markerer misjonens fødselsdag. Evangeliet skal ut til alle, og Anden kallar oss til å gå. Lat oss derfor feire pinse i glede og frimod og på nytt overgi våre liv til han som har kalla oss ved evangeliet til både å tru på Jesus og følgje Jesus.