MISJON: Me må ta misjonsoppdraget på alvor medan me ventar på og framskundar Herrens dag, skriv Erling Thu.

Endetida – pessimisme eller optimisme?

Det er på tide at kristne menneske skiftar ut den negative pessimismen med ein realistisk endetidsoptimisme som byggjer på Guds ord.

Me lever i ei tid som er kjenneteikna av pessimisme. For vanlege folk er det forureining og klimakrise som skaper pessimisme. For mange kristne er det ei lære om endetida som skaper pessimisme. For desse kristne er avkristning og moralsk forfall nøkkelord.

Alt vondt og negativt som hender, krigar og naturkatastrofar, blir forstått som teikn på at enden er nær. Eg trur at dette er ei misforståing av dei profetiske skriftene og Jesu undervisning. Det er på tide at kristne menneske skiftar ut den negative pessimismen med ein realistisk endetidsoptimisme som byggjer på Guds ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jesus gav oss misjonsoppdraget: å forkynna evangeliet om Guds rike for alle menneske og gjera alle nasjonar til læresveinar ved å døypa og læra folk å lyda hans ord. Oppdraget vart følgd av ein lovnad: «Eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!»

Oppdraget og lovnaden Jesus gav, er i seg sjølv den største garantien for at Guds rike kjem til å forandra verda. Han vil sjølv syta for at dei vil lukkast med å fullføra oppdraget, og at verda vil stå heilt til oppdraget er fullført. Dessutan sa han at evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma.

Enden kjem ikkje før evangeliet om Guds rike er forkynt til eit vitnemål for heile verda. Det vil seia, ikkje berre i ord, men Guds rike må også koma i kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. Slik var det apostlane forkynte evangeliet; med Ande og kraft som bevis.

Guds rike skal med andre ord gjerast kjent og demonstrerast blant alle folkegrupper, slik at alle menneske får høve til å ta imot Herren til frelse. I alle folkeslag, vil det sjølvsagt difor vera forsamlingar som demonstrerer det rike fellesskapslivet som er i Guds rike.

Det er ikkje nok at det finst læresveinar i alle etniske grupper. Guds hus må byggjast på Guds måte til hans ære. Jesus må gjerast synleg i kvart einaste nærmiljø gjennom eit involverande nærvær av Guds forsamling. Berre då er evangeliet forkynt som eit vitnemål!

Profeten Jesaja teiknar mange herlege bilete for oss om evangeliets sigersgang i verda og om korleis det forandrar både enkelte nasjonar og det internasjonale samfunnet. Jes 2,2–4 er eit klassisk døme i så måte. Her skildrar profeten kva som skal henda i dei siste dagane.

Då skal alle folkeslag strøyma til Guds hus for å læra hans vegar slik at dei kan leva rett saman. Guds ord skal forkynnast med stort frimod i desse dagane og det vil føra til store endringar i samfunnet. Nasjonane skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar og ikkje lenger lærast opp til krig.

Mange vil seia at dette er ein profeti om livet på den nye jorda og i den nye himmelen etter dommens dag, men det er vanskeleg å førestilla seg at det vil vera våpen i himmelen som må gjerast om til jordbruksreiskapar. Andre skuvar oppfyllinga fram til etter Jesu tilbakekomst i eit framtidig tusenårig fredsrike.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Legg merke til at profeten seier dette skal henda i dei siste dagar, han bruker det same uttrykket som profeten Joel gjer når han profeterer om pinsedagen. Me har sett fleire delvise oppfyllingar av dette ordet opp gjennom misjonshistoria der heile folkeslag har vendt om til Herren. Eg trur difor at dette ordet fullt ut skal oppfyllast i evangeliets og nådens tidsalder.

Framtidsvisjonane til Jesaja er oppmuntrande lesing og gjer meg til endetidsoptimist. Dei set mot i meg og skaper tru på at det nyttar å forkynna evangeliet og byggja forsamlingar til å vera Guds lys i denne, på mange måtar, mørke verda. Profetane såg fram til at Messias skulle koma og at den salva Herrens tenar skulle føra retten ut til fjerne kystar og framande folkeslag.

NT viser oss at Messias har kome i Jesus Kristus, for å døypa i Den Heilage Ande og gjera Guds folk til vitne. Frå Jerusalem har Herrens ord gått ut i heile verda og i to tusen år har evangeliet gått sin sigersgang frå land til land.

Me lever i ei tid med verdsomspennande misjon. Evangeliet blir forkynt i Ånd og kraft. På alle stader Guds rike blir forkynt kjem folk til tru. Det skjer teikn og under. Folk blir lækte og sette fri frå ureine ånder. Nye fellesskap veks fram til mektige vitnemål om evangeliets frelsande og frigjerande kraft.

Me ser at forkynninga av Guds rike ikkje berre endrar enkeltpersonar, men også samfunn. Den kristne kyrkja har lange tradisjonar for å byggja samfunnsinstitusjonar og ta del i utviklinga av samfunnet. Dette kjem ikkje til å minka i endetida, men berre bli viktigare og viktigare. For evangeliet om Guds rike skal forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag og kulturar.

Dei profetiske skriftene gjev også forventing om at evangeliet skal bli godt motteke. Dei taler om Guds rikes framgang. Lovnader frå Gud får oss til å sjå lyst på framtida. Sjølv om me på grunn av desse, er realistiske optimistar, er det viktig å ikkje gløyma at det Gud har lova, ikkje kjem av seg sjølv.

Folkeslag vil koma for å søkja Herren, men ikkje utan at evangeliet blir forkynt for dei. Me må ta misjonsoppdraget på alvor medan me ventar på og framskundar Herrens dag. Om me fullfører dette oppdraget, kan me sjå Guds rike ha framgang i verda slik dei profetiske orda i Bibelen lovar oss! Jesus Kristus sit på kongsstolen og ventar på at me gjer jobben vår! Når tida er inne, kjem han tilbake.