Radioandakten

Ein satsar vel ikkje på at det skal «vera for alle», som dei seier om andaktane. Da blir det ikkje for nokon.

Takk for gode radioandaktar nyleg ved Henrik Syse, som til og med brukar bibelteksta frå Bibelselskapets leseplan, noko som er fint for den som vil slå opp i Bibelen. Det var spesielt godt gjort å gjennomgå heile påska på dei få minutta andakten varer, og da han refererte frå den mektige påskesalmen «Deg være ære», så venta vi å få høyra denne salmen i ei flott innspeling. Men nei, kristne salmar og songar er heilt borte.

Det er eit stort sakn, som vi har etterspurt lenge, også før dei vart tatt heilt ut, men da det ofte var songar som ikkje hadde noko med andaktsinnhaldet å gjera, eller som var på engelsk, vanskeleg å få tak i innhaldet for den som kan engelsk, men kva med dei som ikkje har lært engelsk!? Kanskje dei er mellom dei mest trufaste lyttarar til ein kristen andakt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Takk til Geir Gundersen som tar opp dette og kallar det ei «utarming av andakten». Han har rett til å seia det, som ein av dei aller beste andaktshaldarane NRK har, eller brukar. (I haust gav han oss dei finaste Jesus-sentrerte andaktar.)

Han kjem med fleire eksempel på uhøveleg songval. Ein kunne nemna mange fleire, som da vi i ein påskeandakt om Jesus som konge med tornekrona fekk høyra den sekulære visa «Kanskje kommer kongen»!

Eller da andaktshaldaren snakka om Luthers salmar, spesielt at Luther ville folket skulle syngja på sitt eige språk, med den mektige salmen «Vår Gud han er så fast ei borg» i fokus, ein salme som krev eit sterkt arrangement. I staden fekk vi eit smålåtent gitarkomp og song på engelsk! På spørsmål fekk ein lyttar til svar at dei fann ikkje noko godt arrangement på norsk. Kva med den flotte innspelinga til Oslo Domkor?

Dersom det er så liten kompetanse i NRK, så finst det vel uendeleg mange kvalifiserte songarar og musikarar, kantorar og så vidare som kan gi fagleg råd. Forutan at NRK kanskje kan velja andaktshaldarar med innsikt i den kristne songskatten!

Eg har lest analysen av andaktane som Tro og medier står bak, men der er det ikkje granska målgruppe, eller målsetting for andaktane eller kven som vel tekster, andaktshaldarar eller songar, og ut frå kva slags kriterium. Det interesserer oss som er lyttarar til andakten og har vore det i alle år.

Eg veit ikkje om NRK har førestilling om at det finst ei interessegruppe som slår på radioen, eller skifter kanal spesielt for å høyra andakten, som set seg ned og lyttar, utan å gjera noko anna, eller som slår opp Bibel og salmebok, noko som snart er til fånyttes, etter kvart som andaktane blir meir og meir prat om daglegdagse og personlege ting.

I det siste har vi til og med opplevd at det har vore på grensa av blasfemi, eller hetsing av andre kristne. Fleire veker kan vi ikkje kalla det ein kristen andakt, ikkje kristen bibelsentrert forkynning, som interesserte ønskjer.

Også for andre interesserer, som sport, litteratur, film, teater, astronomi, vitskap, spesielle musikksjangrar og så vidare, vil vel NRK velja programskaparar som har kunnskap om og er engasjerte i temaet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og ein satsar vel ikkje på at det skal «vera for alle», som dei seier om andaktane. Da blir det ikkje for nokon.