Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Lærekontroll eller rom for å tenkja sjølv?

Tarjei Gilje sin kommentar «Gud i mine hender» 14/5 bør imøtegåast. For der opplever eg at han legg opp til teologisk meiningskontroll, slik at åtvaringa hans mot misbruk av Guds namn blir adressert feil.

For det første kjenner eg meg ikkje att i forståinga hans av begrepet «personleg kristen». Ein «personleg» kristen er slik eg kjenner det, ein som med visse handlingar viser at Jesus ser ut til å bety noko for ein meir enn for folk som kun er døypte og konfirmerte. Konkret ved å vera med i eit kristent fellesskap og delta i nattverden, og ikkje minst ved å lesa i Ordet og ha eit personleg bøneliv.

Medan tilslutning til ei oldkyrkjeleg trusvedkjenning, som Gilje la vekt på, ikkje vart vektlagd i dei kristne miljøa eg vaks opp i, grunna lite fokus på slike lærespørsmål. Fokus var meir på livsførselen, slik at om eit par flytta saman før ein vart gift, kunne «personlege kristne» bli omtalt som fråfalne. Til «personlege» kristne var det venta ein annan livsførsel enn til folk som var kristne kun i kraft av sitt kyrkjemedlemskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men når Gilje brukar «personleg» kristen om folk som tek Gud til inntekt for eigne vurderingar, blir det autoritært. For det verkar som om han meiner ingen har rett til å meina noko anna enn det ein godkjend tradisjon meiner å ha fått overlevert frå Jesus og apostlane, viss ein vil kalla seg ein kristen.

Om enn ikkje kva som helst kan reknast som kristent, kan me heller ikkje anta at kristne tradisjonar som sjølv reknar seg å stå på Guds side, nødvendigvis vitnar sant om Jesus. Og heldigvis vedgår Gilje at Guds namn også frå kyrkjeleg hald har vorte misbrukt.

So hevda han at «Bibelen er Guds åpenbaring til menneskene». Men dette trur eg er feil; eit misbruk av Guds namn. For trua sin grunnvoll må vera personen Jesus, ikkje eit dogme om skriftsynet. Skriftsynet må istaden utleiast frå Jesu ord – om enn avgrensa til slik Jesus er sitert i Bibelen. For me har ingen klare bibelord på at Jesus har godkjend NT, medan me har klare ord på at Jesus godkjende vårt GT, særleg i Joh 10:35.

Å misbruka Guds namn er eit viktig tema. Og eg følgjer redaktøren i at me må ha respekt for Den heilage Gud. Men kristen-namnet er ikkje hovudsaka her, for Jesu mål er å gjera alle folk til læresveinar, ikkje til kristne. Samtidig har Gilje eit poeng i at ein «kristen» bør opptre konsistent i tråd med korleis Jesus og Bibelen har vorte forstått innanfor den organiserte kristne kyrkja, og særleg i den første tida før ulike meiningar for alvor vart tydeleg.

Men eg ser ein stor fare i at ei tradisjonell feil forståing av Jesus kan danna malen for kva ein bedømmer som misbruk av Guds namn, basert på at ein primært lever i siste del av NT og ikkje i Jesu ord og GT.

Og viss me generelt skal prøva å forstå kor det er størst fare for å misbruka Gud, bør me følgja maktsporet, ut frå Jesu ord i Matt 7:15 om grådige ulvar i saueham, fordi dette er kjenneteikn på forførande åtferd. Å banna med ord som ikkje spelar på Gud, er etter mitt skjøn relativt ufarleg. For me skal ikkje ha respekt for den vonde - det er jo «Herren din Guds namn» bodet handlar om, ikkje den vonde.

Og den vonde oppnår lite ved å opptre med grovt språk, tjuveri, drap eller på andre openberrt vonde måtar. Men med strategien falske positive lovnader i Guds namn, trur eg den vonde oppnår mykje meir. Misbruk av Guds namn bør difor handla om noko heilt anna enn banning.