Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen, NTB scanpix

Dagens ungdom

For kyrkja er det ei utfordring å kommunisere med denne aldersgruppa.

Dagens ungdom blir ofte kalla for generasjon Z. Dette er namnet på dei som er fødde mellom 1995 og 2010 og som i dag er i alderen 10-25 år.

Nyleg fekk eg delta på ei samling der kyrkjer frå fleire land i Aust-Asia og representantar frå Norge delte sine erfaringar i arbeidet med denne aldersgruppa. I tillegg vart det presentert noko forskingsmateriale om generasjon Z, blant anna frå USA.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er interessant å sjå at det er mange fellestrekk i ungdomskulturen over heile verda. Dagens ungdomar er fødde inn i ei digitalisert verd. Dei har vakse opp med internett og smarttelefonar. Dei kommuniserer like gjerne med personar i andre delar av verda som med dei som er i same fysiske rommet.

Det er også eit fellestrekk at dagens ungdom opplever mykje press. Det er press på å gjere det bra på skulen, vere god i idrett, vere populær på sosiale media og på å sjå bra ut. I Hongkong auka talet på sjølvmord blant unge med 76% i perioden 2014-2018. Japan har lenge hatt høge sjølvmordstal blant unge, men her har tala gått ned.

Ein grunn for det er fødselstala i Japan går nedover. I USA er 25% av innbyggjarane i generasjon Z. I Japan er det berre 15%. Med færre unge har presset på å komme inn på skular og universitet minka. Dei unge i Japan kan i større grad komme inn på dei skulane dei ynskjer enn det generasjonen før dei kunne.

Norske undersøkingar syner at dagens unge har gode og nære relasjonar med foreldra. Dette er ulikt det mange asiatiske ungdommar opplever. I Japan er det vanleg at far i huset har svært lange arbeidsdagar, og japanske ungdommar har difor generelt eit distansert forhold til far. I Hongkong er det svært dyrt å bu. Folk bur difor svært trongt og mange unge brukar lite tid heime. Dette gjer at familierelasjonane er svake.

Eitt viktig fellestrekk med unge i dag er at den religiøse kunnskapen er svært låg. Unge i både Asia og Norge veks opp i eit pluralistisk samfunn. Religion pregar ulike samfunn i varierande grad, men dei unge er meir opptekne av praksis og opplevingar enn av kunnskap.

Det er også eit fellestrekk at dei unge plukkar med seg element frå ulike religionar og livssyn og byggjer seg si eiga tru. Gjennom filmar, TV-seriar, YouTube og andre digitale kanalar blir dei unge eksponert for ulike livssyn og verdiar på ein heilt anna måte i dag enn før.

Det er ikkje lett å hevde at noko er rett og anna er feil. Det er heller ikkje enkelt å formidle kunnskap gjennom lange tankerekker og argumentasjon når ein i Japan har funne ut at dei unge sin evne til å konsentrere seg om ein tanke er åtte sekund. Ting skal gå raskt og ein skal ha umiddelbar respons.

For kyrkja er det ei utfordring å kommunisere med denne aldersgruppa. Mange kyrkjer er glade i sine tradisjonar og røter. Det gjeld både gudstenesteform, utsmykking av lokale og song og musikk. Ofte er desse elementa langt unna dagens ungdomskultur. Kyrkja må difor tenke gjennom korleis ein skal forhalda seg til tradisjonen i møte med dei unge. Er det rom for endring? Korleis kan ein fornye seg? Korleis kan ein inkludere ungdommen i kyrkja?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ungdommane i dag ynskjer å vere aktive deltakarar. Mange av dei har ikkje tolmod til å gå gjennom eit toårig kurs før dei kan få oppgåver. Frå både Norge og Asia vart det peika på kor viktig det er å gi oppgåver på eit tidleg stadium. Det gjer at dei unge kjenner eigarskap.

Samtidig er det viktig at dei unge kan ha eldre og meir erfarne medvandrarar. I eit samfunn som blir stadig meir digitalisert er det mange døme på at den fysiske og personlege relasjonen til ein eldre og meir moden kristen er svært viktig. Det er bruk for erfarne kristne i ungdomsarbeidet.

Det er bruk for vaksne som brukar tid til å vere saman med dei unge, dele eit måltid, lytte til det dei har å fortelje og be saman. Det er mange som vitnar om at eit slikt fellesskap på tvers av generasjonane er gjensidig berikande.

Dagens unge har engasjement. Dei ynskjer endring og handling. Dei får ting til. Fleire av misjonsorganisasjonane i Norge nyt kvart år godt av at ungdommar på kristne skular årleg samlar inn millionbeløp. Korleis kan dette engasjementet takast vare på slik at desse unge held fram med å engasjere seg i kyrkje og misjon også når livet går over i nye fasar?