LIKEVERD: Ein viktig del av KrF sin likeverdsreform er å sikre personleg koordinator på tidlegast mogeleg tidspunkt, skriv Trude Brosvik.


Likeverd og likestilling

Grunnleggande for likeverd og likestilling er å legge menneskeverdet til grunn. Det vil sei ei erkjenning av 
at alle menneske er like mykje verd, og skal ha same sjanse til å utvikle seg, gjere eigne val og leve eit godt liv.

Det begynner før du er født. Forsking gjev kunnskap på stadig tidlegare tidspunkt om sjukdom eller skadar på fosteret. Noko er kunnskap av det gode, fordi det opnar for behandling. Men noko av kunnskapen opnar for å velje vekk livet.

Då er det, etter KrF si meining, i alle fall viktig å eliminere bort grunnar som økonomiske utfordringar og uro for framtida. Derfor er det ein viktig del av KrF sin likeverdsreform å sikre personleg koordinator på tidlegast mogeleg tidspunkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi trur det kan vere god hjelp både for ventande foreldre, og for å gjere barndom og ungdom enklare for dei det gjeld.

Ein annan viktig del er retten til Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA). Det vil opne for at menneske med funksjonsnedsetting eller utviklingshemming kan delta i samfunnet på lik linje med alle andre.

I vidaregåande skule er vi opptekne av fritt skuleval for eleven. Den retten må også gjelde elevar med spesielle behov. Som regel finn ein fram til gode løysingar når ein er i dialog og har felles mål bygt på likeverd.

Så er det arbeidsplass. Nokon vil trenge varig tilrettelagt arbeidsplass (VTA), og KrF har vore pådrivarar for å få fleire. På andre område kan det offentlege, gjennom anbudspolitikken, medverke til arbeidsplassar gjennom å stimulere til sosialt entreprenørskap og ved å bruke inkluderande kontraktar.

Bygga våre må sjølvsagt vere universelt tilrettelagt, og det same gjeld uteområde og kollektivtransport. Dette vil vere godt for alle, men heilt naudsynt for enkelte. I tillegg har KrF lang historie på å vere pådrivar for ordningar som Tilrettelagt Transport og Sørvis-skyss. Begge deler er fleksible dør-til-dør-tilbod, som gjer lokal-samfunnet meir tilgjengeleg for dei med ekstra utfordringar.

Så veit alle som må operere innanfor eit avgrensa økonomisk handlingsrom, at ein må leite etter «gode nok» tiltak. Men også då må likeverd og likestilling leggast til grunn. Det vil seie at ein kan ikkje systematisk løyve på «høgste hylla» for dei som klarer seg godt for å ta innsparinga på den gruppa som treng ekstra tilrettelegging.

Då legg ein korkje likeverd, likestilling eller menneskeverd til grunn!