BARN: Difor vil KrF skape ein god skole for alle – uansett lommebok, skriv Anne Kristin Bruns. 


KrF står på for familiar med låg inntekt

Ein god barndom vare heile livet. Min drivkraft som KrF-politikar er å gjere alt eg kan for at alle barn skal oppleve ein trygg og god barndom.

Som sosialarbeidar, oppvekstpolitikar for KrF og mor, blir eg glad for at situasjonen til familiar med dårleg råd er så høgt oppe på dagsordenen. Dette har vore ei kjernesak for KrF i alle år. Vi har gjennomført mange tiltak lokalt og nasjonalt, og no ser vi moglegheit for å få enda fleire tiltak gjennom, mellom anna innføring av fritidskortet for alle barn mellom 6-18 år. Det handle om å utvikle lokalsamfunn saman gjennom samskaping.

I min første jobb som barnevernspedagog møtte eg fleire fattige barn. Eg ser dei framfor meg når eg skriv dette. Barn med dei same følelsar og opplevingar som andre barn, men dei hadde ei sorg. Dei hadde ikkje same moglegheit som andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den kjende sosiologen Robert Putnam skriv i boka «Our kids» at ulikskap i seg sjølv er eit problem, også når alle får det betre. Skal rike og fattige barn konkurrere om dei same jobbane, kan eit aukande skilje imellom dei vere eit problem i seg sjølv. For det andre, stadfestar han at det er ein samanheng mellom ulikskap i resultat og ulikskap i moglegheiter.

Er foreldra dine fattige, har du ikkje same moglegheit som når foreldra dine er rike, uansett kor hardt du jobbe. Vi i Stavanger kommune har satsa på prosjekta «HOLF» (Heilheitlege oppfølging av lavinntektsfamiliar) og «Eg vil lære» (fokus på barns potensiale og foreldrerettleiing) for å nemne eit par tiltak.

Satsing på utdanning veit vi er ein av dei viktigaste områda for å førebygge vedvarande fattigdom. Difor vil KrF skape ein god skole for alle – uansett lommebok. KrF har i samarbeid med dei andre partia jobba for å styrke utdanningsløpet. Vi legge til rette for økning i lærartettheit slik at barna har større moglegheiter til å bli sett.

Utan ein god skule vil fattigdom og sosiale problem bli ført vidare til neste generasjon. Prosjektet i ein av bydelane i Stavanger «Nye muligheter for barn og unge i Kvernevik» viser at samhandling mellom ulike etatar og med foreldre/foresatte har gitt positive resultat.

Det handle om å jobbe langsiktig og det handle om å skape lokalsamfunn saman. I den nye kommuneplanen for Stavanger kommune viser ein til ordet samskaping, at ein skape lokalsamfunn saman.

Fritidsaktivitetar er ein av dei aller viktigaste arenaer for førebygging, inkludering, venskap og fellesskap for barn og unge. Ingen skal vere ekskludert frå dette fellesskapet på grunn av foreldra sin økonomi.

Ordninga med fritidskortet er ei viktig sak som KrF fekk gjennomslag for gjennom regjeringsforhandlingane. Denne ordninga skal vere universell og gjelde alle barn mellom 6–18 år. Då vil det ikkje vere eit stigmatiserande tiltak.

KrF stiller følgjande krav til fritidskortet. Det skal brukast til deltaking i faste, organiserte aktivitetar som gjev moglegheit til tilhøyring over tid. Eksempel er kontingent og deltakeravgifter til medlemsorganisasjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kortet må kunne brukast på alle typar fritidsaktivitetar, ikkje berre eit lite utval, og må kome med minimum 2000 kroner. Det må vere ein klar intensjon at betaling med kortet gjev tilgang til heile aktiviteten.

Kommunar og fylkeskommunar må kunne auke beløpet på kortet, noko vi i KrF vil jobbe for. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vil lyse ut midlar for å rekruttere kommunar og bydelar som kan bidra til å utvikle fritidskortordninga.

Det bør også vere mulig å differensiere slik at kommunen kan auke summen meir til barn i dei familiane med dårligast økonomi eller som er i spesielt sårbare situasjonar.

Det må vere enkelt og ubyråkratisk å bruke kortet, og må ikkje føresetje at ein har foreldre med gode norskkunnskapar. Skulene bør informere om kortet, og det vidare arbeidet med fritidskort må sjåast i samanheng med Islandsmodellen, som har hatt dette kortet i fleire år. Dei har på ein unik måte klart å lage strukturar nettopp for å sjå samanheng der samskaping er sentralt.

Vi er nøydt til å tenke nytt om korleis vi kan utvikle velferdssamfunnet, og kva som skal vere kommunane si rolle i samfunnsutviklinga. For å få til nye samarbeidsformer må vi som kommune legge til rette for dialog og samarbeid med innbyggarane, næringsliv og frivillige organisasjonar. Her er fritidskortet ein god start.

Men det handle om så mykje meir enn økonomi. Det handle om sosial, kulturell og økonomisk kapital, og det er kanskje difor det er så vanskeleg å finne dei rette svara på vedvarande fattigdom.

Sjølv om det offentlege kan gjere mykje, handle det også om at kvar enkelt må bry seg om kvarandre. Det handle om nestekjærleik og menneskeverd. Vi må skape samfunnet saman. Nettopp samskaping.

Alle vi som har barn vil kome i kontakt med barn av familiar som har dårleg råd. Vår familie har hatt glede av å leve tett på nokre av disse, og ser at det er meir enn pengar som hjelpe barna å føle seg inkludert og bli ein del av fellesskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein god barndom vare heile livet. Min drivkraft som KrF-politikar er å gjere alt eg kan for at alle barn skal oppleve ein trygg og god barndom.