Nasjon, von og kristendom

Det stundar mot 17. mai. I Noreg er vi så heldige at 17. mai, slik som påsketida, stort sett, alltid fell saman med «du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song». 

Eg har ofte undra meg over den veldige patos somme legg i samanhengen mellom påske og vår. Naturens prinsipp blir framstilt som eit gudsbevis, og livskreftene i den svarte molda vert til meir enn eit bilete på Jesu oppstode.

Dei vert til sjølve beviset. Jesu oppstode vert redusert til eit slags naturprinsipp. Påstanden om at livet sigrar til slutt, at håpet varer lengst og at Gud er god, vert stundom framstilt som ein naturlov:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– For sjå hva som skjer rundt oss i desse tider!

Mange av jordas elendige må høyra slik tale som eit hån. For dei feirar då påske – ja, til og med 17. mai – også under andre himmelstrøk. Også der slike hendingar fell saman med haust, forvitring og mørketid.

Konsekvensen av den norske logikken, som vist ovanfor, må då bli at mørkret sigrar alle stader, at forfallet grip om seg, og at all menneskeleg røynsle tyder på at døden har siste ordet. Prinsipielt sett …

Vi anar intuitivt at ei slik tilnærming må vera feil. Vår tru på «livskreftene» – i denne fasongen – er lite verd. Vår tru på Jesu oppstode, derimot, må forankrast ein annan stad. Denne trua må henta næring og kraft frå Guds ord, som imot all erfaring forkynner Jesu siger over døden. Dette ordet seier ikkje at så lenge det er liv, er det håp. Det er motsett: Så lenge det er håp, er det liv.

Kva då med 17. mai og alt som er godt? Korleis skal vi sjå på denne samanhengen mellom folkelivet og livet i naturen? Vi skal få sjå det slik at vi er ubegripeleg heldige! Vår feiring skal gå opp i ein syntese av undring og takksemd.

Då rettar vi ikkje blikket bakover. Vi rettar det framover. Vi treng ikkje gjere oss store prinsipielle tankar om kvifor nett vi har fått dette landet. Men vi kan takka for at vi har «fått» det, slik vi syng i salmen – og, om nokon skulle vera i tvil etter det eg har skrive: som vi bør syngja – Fagert er landet du oss gav!

Men berre om vi har blikket retta framover, der spørsmålet er: Kva gjer vi med dette? Korleis forvaltar vi «arven»?

Guds ord teiknar biletet av ei framtid der det skal vera eitt folk, av alle ætter og tungemål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ein av dei siste og store protestane som kyrkja under andre verdskrigen sende til styresmaktene, protesten mot den nasjonale arbeidstenesta, skreiv ho at for ein kvar norsk statsborgar – «som for andre lands borgere» (!) – var det ei ubryteleg samvitsplikt å vera trufast og handla rett mot det landet og det folket som Gud har sett han inn i.

Det bør vi skriva under på. Då treng vi ikkje spekulera i kva grunnen er til at alt er blitt til slik det no er, med folk og grenser og språk – eller med rike og fattige nasjonar. Vi treng berre å ta sterkt inn over oss kva forplikting som ligg i at Guds velsigning er vist så rikeleg over oss. God 17. mai!