SKULEN: Så påstår altså enkelte, ja, faktisk ganske mange, at kristendommen er ute av skulen. Dersom det er tilfelle er det lærarar/rektorar/skular som har svikta, skriv Ingunn Moi.

Kristendomsfaget ute av skulen?

Det blir påstått frå talarstolar, frå avisspalter 
og i fleire samanhengar at barna i skulen ikkje lenger 
får undervisning i kristendom. Og eg undrar meg: 
Kor har dei det frå?

Eg har hatt min arbeidsdag i skulen i meir enn 30 år, og har undervist i faget. Faget har hatt fleire namn gjennom åra, og nå er det KRLE; kristendom, religion, livssyn og etikk. Eg meiner at det er eit av dei viktigaste faga me har.

Elevane treng kunnskap i alle fag, men noko av det viktigaste dei lærer er å bli sjølvstendige menneske, rusta til å ta eigne val og leve ansvarleg saman med andre menneske. Til det treng dei kunnskap om sitt eige lands kultur og historie, og her spelar kristendommen ei viktig rolle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I det fleir-religiøse samfunnet Noreg er blitt, treng også elevane våre å bli kjent med andre nordmenn og innvandrar sin kultur og religion. Skal me forstå kvarandre, og respektere kvarandre sine ulikskapar, så må me lære å kjenne kvarandre. Den lærdommen kan me legge til rette for gjennom KRLE-faget.

Så påstår altså enkelte, ja, faktisk ganske mange, at kristendommen er ute av skulen. Dersom det er tilfelle er det lærarar/rektorar/skular som har svikta! Som lærarar er me forplikta på den gjeldande læreplanen som Utdanningsdirektoratet gir oss. Eit eksempel, tatt frå Kunnskapsmål etter 7. årstrinn:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne

• Forklare Bibelens oppbygning, finne fram i bibelske tekster og reflektere over forholdet mellom Bibelen og språk og kultur

• Gjøre rede for sentrale fortellinger fra Det gamle testamente fra fedrehistorien til profetene

• Gjøre rede for sentrale fortellinger fra Det nye testamente fra Jesus til Paulus

• Samtale om innholdet i de ti bud, Fadervår, den apostoliske trosbekjennelse og noen sang- og salmetekster

• Forklare kristen tidsregning og kirkeårets gang, beskrive kristne høytider og sentrale ritualer

Artikkelen fortsetter under annonsen.

• Gjøre rede for kirkesamfunn som er representert i lokalmiljøet og distriktet

• Beskrive kirkebygget og andre kristne gudshus og reflektere over deres betydning og bruk, og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner

Det er ikkje slik at kristne lærarar må «ta seg til rette» for å undervise i kristendom. Dette er me pålagde! Samtidig skal me vise dei andre religionane respekt å undervise i dei så rett me kan. Ein imam i ein moske eg besøkte sa, at han ønskte faget bort frå skulen.

Han sa at grunnen ikkje låg i at deira barn måtte lære om kristendom; – Det må dei sjølvsagt når dei bur i eit kristent land! Nei, grunnen var at barna hadde fått ei respektlaus undervisning om islam, og det opplevde dei vanskeleg. Ønskjer me å bli vist respekt for det me står for, må me sjølvsagt vise respekt for andre!

Eg høyrer ofte frå elevar: – Eg trur ikkje på dette! – Eg trur ikkje på Gud! Då må eg støtte dei i at det har dei faktisk fulle rett til! FN si menneskerettserklæring seier i Artikkel 18: Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet.

Denne rett omfatter frihet til å skifte religion eller tro, og frihet til enten alene eller sammen med andre, og offentlig eller privat, å gi uttrykk for sin religion eller tro gjennom undervisning, utøvelse, tilbedelse og ritualer.

Eg utfordrar alle som trur at kristendommen er ute av skulen til å ta kontakt med lærarar som underviser i KRLE-faget på næraste skule og spørje etter korleis det ligg an. Og ei utfordring til: Oppmuntre, og be for dei som underviser! Ver også med og kjemp for at faget får ha sin plass i skulen framover!