PARTIET: Eg har vore medlem i KrF i over 60 år, og eg har brukt mykje av livet mitt i teneste for partiet. Det hadde vorte ein tung dag for meg om partiet gjekk saman med sosialistane, skriv Kjell Furnes. På biledet ser vi Knut Arild Hareide saman med Kjell Ingolf Ropstad. 


Eit merkeleg brev

Vi må vel kunne seie at det virka lite «konsistent» når Marit Øien Sæverud i eit ope brev først opna med «Kjære Kjell Ingolf» - for deretter å bruke resten av brevet til å «skrive han ned.»

Vi må forstå det slik at Øien Sæverud meiner at KrF er på feil veg, og at eit samarbeid (regjering) med Ap, Sp, SV (og kanskje med nødvendig støtte frå Rødt) ville vere betre. La oss prøve dette alternativet på det som har skjedd dei siste månadane. Men la oss først nemne noko som har vore nokre av KrF sine «hjartesaker» gjennom generasjonar

Styrke kristendomsopplæringa i grunnskulen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Vern av livet frå fosteret til den naturlege død.

- Vern av familieretten. Fridom til å velje omsorgsalternativ.

- Friskulane sin viktige plass i skuleverket. Her ligg også foreldra sin rett til å velje.

- Israels sine legitime historiske rettar til eige land.

- Ansvar og omsorg for dei av våre medmenneske som lir, svelt og har det vondt.

Korleis møter vi då desse viktige saksområda på den raude sida i politikken? For ikkje å ta for mykje plass tek eg det meir i stikkordsform:

- Kristendomsopplæringa. Her har Ap frå 1930-åra kjempa for å få denne ut av skulen. Dei har også stort sett lukkast. Når då Kr.F. kjempa for å få inn K-en i religionsfaget så kom det motstand.

- Vern av livet. Når KrF fekk med at fosterreduksjon-spørsmålet skal vurderast så vart det ramaskrik. Ja, Jonas Gahr Støre ropa ut at abortlova no var komen «i spill» Er det ikkje heller slik at det er det ufødde menneske som er «i spill» etter Ap sitt abortsyn?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Familieretten. Det har vore ei viktig sak for KrF å gi foreldra mest mogleg fridom til å velje korleis dei vil organisere familieliv og opplæring for dei små. Her har kontantstøtta vore eit verkemiddel. Denne vil Ap har bort. Det kan neste vere slik å forstå at det er «Folke-kommunane» i Kina som er modell og målsetting.

- Friskulane. Mange foreldre gler seg over dette tilbodet, og søknaden er stor. No vil Ap sette inn restriksjonar som fagfolk hevdar vil bli «kroken på døra» om dette skulle bli skulepolitikken. Skal vi gå i regjering med slike?

- Israel. Antisemittisme og hat mot Israel veks over heile verda, og særleg i Europa. I Frankrike voks den ned med 73 prosent i 2017. På venstresida i norsk politikk er det «boikott av Israel» som er blitt slagordet. Har dei tenkt over at om dette skulle få gjennomslag vil mange av våre sjukehus få problem, og dei fleste mobiltelefonane til folk vere ubrukelege? I tillegg så forkynte Støre på Utøya at Israel var ein apartheidstat. Tenk det! Den einaste demokratiske staten i Midt-Austen ein apartheidstat!

- Når det gjeld ansvar og omsorg for andre så trur eg at KrF kan komme fram til gode resultat med begge sidene i norsk politikk.

Eg har vore medlem i KrF i over 60 år, og eg har brukt mykje av livet mitt i teneste for partiet. Det hadde vorte ein tung dag for meg om partiet gjekk saman med sosialistane.