SKEPSIS: Mange muslimar i Norge kjenner på at dei er stigmatiserte og at store delar av det norske samfunnet ser på dei med skepsis, skriv Olav Vestbøstad.

Ekte vennskap

I mi ungdomstid var det mykje snakk om venneevangelisering.

Dette handla om at det er mest naturleg og effektivt å dele tru og vere eit vitne for ein person som ein allereie har ein god relasjon til.

Med ein god venn kan ein snakke om det meste, sjølv det som har med tru og religion å gjere.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nyleg såg eg ein statistikk som seier at 81% av alle muslimar, buddhistar og hinduar i verda kjenner ikkje nokon kristne personleg.

Dei veit kanskje om nokon som er kristne, men dei har ingen kristne venner og er ikkje i ein nær relasjon med ein kristen. Dei har ikkje ein gong ein kristen kollega.

Likevel har dei gjerne ei klar førestilling om kva kristendom er og korleis dei kristne lever. Det betyr ikkje at oppfatninga deira stemmer.

Eg har budd i Indonesia i nokre år. Der fekk eg inntrykk av at mange baserte sitt inntrykk av kristendom på vestlege filmar. Dei var skeptiske til kristendom, for dei kristne drakk alkohol og hadde eit utsvevande seksualliv. Andre var opptatt av at dei kristne åt svinekjøt.

Nokre hadde fanga opp at dei kristne hadde born som gjorde opprør mot foreldre og tradisjonell kultur. Når dei i tillegg hadde ei førestilling om at dei kristne tilber tre ulike gudar, så er det ikkje så rart at dei ser med skepsis på dei kristne og for all del ikkje ynskjer å ha kristne nær seg.

Gjennom kjennskap og vennskap kan fordommar endre seg. Dette opplevde me i Indonesia. Det same kan me oppleve i Norge.

Mange muslimar i Norge kjenner på at dei er stigmatiserte og at store delar av det norske samfunnet ser på dei med skepsis. Nordmenn har gjerne klare idear om korleis islam er og korleis ein muslim tenkjer.

Det er slett ikkje sikkert at desse oppfatningane stemmer heller. TNS Gallups Klimabarometer frå 2016 syner at det er langt fleire nordmenn som er redde for innvandring (64%) enn for klimaendringar (25%). I 2011 initierte Antirasistisk Senter ein landsomfattande kampanje som heitte Tea Time.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Opplegget var enkelt. Nordmenn vart inviterte inn i ein heim for å drikke te med ein muslimsk familie. Sjølv kongeparet vart med på dette. Tanken bak kampanjen var at gjennom eit personleg møte kunne ein bygge ned fordommar på begge sider.

Mange innvandrarar i Norge har ingen etnisk norske venner. Mange av dei har aldri blitt invitert inn i ein norsk heim. Det kan gjelde innvandrarar med alle typar religiøs bakgrunn, også kristne.

Eg veit ikkje kor stor del av muslimar, buddhistar og hinduar i Norge som ikkje kjenner ein einaste person som er kristen. Kanskje finst det statistikk for det? Uansett tenker eg at dette er eit tema som utfordrar meg som kristen.

Eg kan ikkje bli kjent med alle, men det er sannsynlegvis personar i mitt nabolag som ikkje kjenner ein einaste kristen. Kan eg vere ein venn for dei, eller i det minste vere ein god kristen nabo som gir dei eit sant og ekte inntrykk av kristen tru og praksis?

Paulus skriv i 2. Korintarbrev om at dei kristne i Korint er Kristi brev. Dette brevet vert lese av alle menneske. Dette gjeld også i Norge i 2019. Livet mitt og orda mine er sannsynlegvis ein av dei tinga nokre av personane i mitt nettverk baserer sitt inntrykk av kristendom på.

Er livet mitt med på å skape eit meir positivt inntrykk av den kristne trua og av Jesus, eller er det med på å støyte dei vekk?

Ved å fokusere på vennskapsvangelisering kan ein stå i fare for sjå på vennskapet som eit middel for å kunne vitne.

Vennskapet kan då verte eit skalkeskjul og den potensielle vennen er meir interessant som evangeliseringsobjekt og misjonsprosjekt enn som ein verkeleg venn. Det er ei usunn haldning, og den vert ofte fort avslørt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ein vennerelasjon er det naturleg å dele det som betyr mest for ein, også tru. Samtidig må det ikkje vere slik at vennskapet automatisk vert avslutta dersom det viser seg at ein person ikkje er særleg interessert i kristendom og kven Jesus er.

81% av alle muslimar, buddhistar og hinduar i verda har ikkje ein kristen venn. Mitt håp og ønskje er at innvandrarar til Norge med slik bakgrunn ikkje skal kunne reknast mellom desse. Kanskje kan eit vennskap med ein kristen utgjere ein positiv skilnad i deira liv?