OPPRIVANDE: Jan Helge Aarseth trekkjer fram den ekstraordinære generalkonferansen i Metodistkyrkja som eit døme på dei teologiske spenningane mellom det globale Sør og landa som ein gong sende misjonærar dit.

Frå givar til mottakar

No treng me hjelp. For mange kristne i Europa har bibelordet bleikna, og det humanistiske evangelium vert løysinga.

Over lang tid har me tenkt «frå oss til dei» når det gjeld norsk misjon og humanitær hjelp. Me er dei vidarekomne og utvikla i klassa, og gjev hjelp og godhjarta støtte til dei me har kalla «u-land». Desse som treng å utviklast for å nå opp til vårt nivå.

Mykje godt har vorte gjort som kan gjere oss både stolte og takknemlege. Eg har sjølv møtt menneske som har vorte reiste opp ved ei utrekt hand frå norsk misjon. Gjennom praktisk hjelp og omsorg, og ved å møta bodskapen om Guds utrekte hand i Jesus Kristus. Dette må gå hand i hand skal menneske bergast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein europeisk utviklingsekspert reiste for nokre år sidan rundt i Tanzania og såg på stoda. Før han drog, kom han innom president Julius Nyerere med rapport. Mange gode forslag og idear vart presentert, om alt frå skule og helse til jordbruk og økonomi.

Etter rapporten spelte den aldrande presidenten ballen tilbake til eksperten: «Det vert inga utvikling og framsteg i landet vårt før hjarta er forandra. Kva kan forandre hjarta?»

Utviklingseksperten frå Europa stod heilt fast, og presidenten måtte sjølv gi svaret: «Det er det berre evangeliet om Jesus Kristus som kan gjera.»

Han prøvde no å hjelpa europearen til å sjå, forstå og tru. I møte med ein ekspert på sitt felt, men heilt analfabet på kva som kunne gje liv og vekst til «hjarta».

No treng me hjelp.

For mange kristne i Europa har bibelordet bleikna, og det humanistiske evangelium vert løysinga. Me sjølve, med vår tanke, forstand og samvit, trumfar bibelordet i tru og liv. At dette køyrer skuta på grunn ser nok fleire, men få vågar seie det høgt. Utanom mange av leiarane i kyrkjene i sør.

Lik president Nyerere står kristne i sør no fram og taler ord til oss i Europa. Om kva som kan forandra hjarte og liv, og om omvending til Bibelens Jesus Kristus.

Sjeldan har me sett det så tydeleg som under den ekstraordinære generalkonferansen til Metodiskyrkja no i februar. Spørsmålet om seksualitet og samkjønna ekteskap var oppe til debatt og vedtak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Konferansen vart opprivande og vanskeleg. Men frå det «globale sør» stod leiarar fram, som Pastor Kulah frå Liberia, og sa noko om kva som skulle ha siste ordet i samlivssaka, og i spørsmål om tru og liv: Forslaget... «er ikkje berre tradisjonelt men bibelsk; det forsikrar at Guds ord fortset å vere fundamentet for liv og vekst i UMC.»

Det vart dette som til slutt fekk gjennomslag og fleirtal, til stor frustrasjon for vestlege kyrkjeleiarar. Eit vedtak som byggjer på at Bibelen er Guds ord og har siste ordet, også i dag.

Her har dei kristne i sør funne kjelda til eit nytt og forandra hjarte og liv. Og no vil dei dele det med oss.