NASJONAL: Eg saknar viktige perspektiv: Kan kyrkja i dag framstå utelukkande som ei nasjonal kyrkje, spør Kjetil Aano. Biletet er frå vigslinga Anne Lise Ådnøy som ny biskop i Stavanger 17. mars.

Kor blei det av økumenikken?

Det har skjedd noe sidan reformasjonen: Kyrkja er blitt verdsvid på ein annan måte enn då, og økumenisk arbeid har gitt resultat.Vi kan ikkje bare gjenta formuleringane frå 1500-talet som om ingenting er skjedd.

Årets kyrkjemøte (KM 2019) skal drøfta den nye kyrkjeordninga. Det foreligg eit omfattande sakspapir. Min kommentar dreier seg om starten, der vår kyrkjes identitet blir presentert.

Paragrafen som er føreslått om kyrkjas grunnlag er kort. Ved å knyta til dei sentrale vedkjenningsskriftene stadfester den at kyrkja er luthersk, og trur på den kristne, treeine Gud! Så seier ein ikkje meir.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men her stussar eg: har ingenting skjedd med vår kyrkjeforståing sidan 1500-talet? Eg saknar viktige perspektiv: Kan kyrkja i dag framstå utelukkande som einasjonal kyrkje? Vi høyrer faktisk til eit verdsvidt luthersk kyrkjeleg fellesskap. Denne dimensjonen blei etterlyst i kravspesifikasjonane frå KM i 2015, men eg ser det ikkje spegla her.

Endå viktigare er at den foreslåtte paragrafen overser både i prinsipp og i praksis alle økumeniske vinningar. Her gjentar vi i røynda alle fordømmingane av annleis truande som om ingenting har skjedd (sjå til dømes Confessio Augustana §§ 1, 2, 5, 9, for ikkje å snakka om 17!).

Dette forslaget til grunnlagsparagraf kunne vore skrive for 500 år sidan. Det økumeniske perspektivet som blei eksplisitt etterlyst i bestillinga frå 2015, er heilt oversett. Slik kan ikkje Den norske kyrkja framstå i dag.

Eit eksempel: I 2010 skjedde ei viktig markering under Det lutherske verdsforbundet (LVF) si generalforsamling i Stuttgart. Då hadde ein nyleg invitert andre kyrkjesamfunn med på 500-årsmarkeringa av reformasjonen. Også mennonittarsamfunnet mottok den. Og dei stussa.

Dette er eit kyrkjesamfunn som ser seg sjølv som etterkommarar etter anabaptistane, gjendøyparane, som Martin Luther ikkje var særleg mildt stemt overfor. Då dei mottok invitasjonen, spurte dei seg sjølve: Markera reformasjonen? Feira Martin Luther? Korfor skulle vi det?

Han har aldri gjort oss anna enn vondt. Men i staden for å avvisa invitten, tok dei kontakt med lutheranare, og ba om ein samtale. Det førte til ein prosess som blei sluttført under generalforsamlinga, ved ein enkel men gripande forsoningsseremoni.

Leiaren for den verdsvide mennonittarkyrkja fortalte i korte trekk om korleis dei gjennom historia hadde levd med verknadene av lutherske fordømmingar. Gjennom dialogen hadde dei bearbeida dette. Generalsekretæren i LVF ba på vegne av lutherske kyrkjer om tilgiving for harde og ukloke ord og fordømmingane som var blitt uttalt, og erklærte dei for døde og makteslause.

Deretter la mennonitt-leiaren til: Vi òg må gå i oss sjølve. Vi har bygd heile vår historie på fiendebiletet av Martin Luther og den lutherske kyrkja. Det kan vi ikkje lenger!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei siste 70 åra har vår lutherske kyrkje deltatt i ei rekke samtalar som alle har ført til tilnærming mellom kyrkjesamfunn som gjennom historia har sloss og fordømt kvarandre. Vi har fått fleire dokument frå katolsk-lutherske prosessar, både i 1999 og i 2016. Vi har nærma oss dei reformerte, mellom anna ved avtalar om nattverd-og preikefellesskap med metodistar (Nådens fellesskap) og anglikanarar (Porvoo). Vi har hatt samtalar med pinsevenner (sjå f eks den pågåande debatt­en om dåp, VL 25.03.19).

Ingenting av dette er reflektert i forslaget til ordning for Den norske kyrkja. Vi uttrykker oss tvert imot som om vi fortsatt lever på reformasjonstida.

For meg er dette for det første teologisk og ekklesiologisk alvorleg, og for det andre det avslører eit verdihierarki eg ikkje kjenner meg komfortabel med.

Dessutan er det ei nedvurdering av kva økumenisk arbeid betyr. Kva er vitsen med å investera i økumenisk arbeid og i teologiske samtalar for at vi som kyrkjer kan nærma oss kvarandre og avvikla gjensidig fordømming, om det ikkje skal komma til uttrykk når vi seier noe om kven vi er? Vi mister truverd som kyrkje om økumeniske slagord et skal nyttast bare ved festlege høve.

Mitt poeng er enkelt: Det har skjedd noe sidan reformasjonen: Kyrkja er blitt verdsvid på ein annan måte enn då, og økumenisk arbeid har gitt resultat.

Dette må komma til uttrykk også i dokumenta som gir vår kyrkje identitet. Eg har tiltru til at både komiteen som skal bearbeida saka, og kyrkjemøtet vil finna ein brukbar veg vidare. Om ein ikkje kjem heilt i mål i årets møte, må det stakast ein veg, slik at saka kan få ei saksvarande oppfølging. Vi kan ikkje bare gjenta formuleringane frå 1500-talet som om ingenting er skjedd.