Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
i fokus
Det venaste syn som eg får sjå
Del
Dei to siste helgene har eg sett noko som er like vakkert. Eg har sett unge menneske med velbrukte biblar.

Eg såg eit ungt kjærestepar med ein open bibel mellom seg og ein ung mann som med iver viste jenta si kva han hadde oppdaga i Guds ord. Eg vart varm om hjartet då eg såg det.

Seinare fekk eg sjå Bibelen til denne unge mannen. Det er den finaste Bibelen eg har sett på mange år. Teksten var understreka i mange fargar. Margen var full av merknader og teikningar. Bibelen var velbrukt og mest utslitt, men det var eit vakkert syn. Det venaste syn som eg får sjå er unge med velbrukte biblar.

Eg har nett vore i lag med ei gruppe unge folk for å granska Skrifta saman. Det er ei glede å høyra desse unge leggja ut Skrifta. Når dei les det Bibelen seier og forklarer kva Gud seier til dei gjennom det dei les, er det musikk i mine øyre.

Eg oppdagar at dei høyrer frå Anden når dei les og granskar Ordet. Dei lever i openberring. Dei formidlar ikkje teori eller filosofi, men åndeleg innsikt gjeven av Anden over ein open Bibel. Finst det noko vakrare syn enn unge menneske som gjev vidare åndelege sanningar frå Bibelen?

For nokre veker sidan vart eg spurt om eg kjende til ein viss ung mann her på Vestlandet. Nei, eg hadde ikkje høyrd om han. Då vart eg vist ein flott video som denne unge karen hadde fått laga med nydeleg undervisning. Det viste seg at denne karen leia ei veksande forsamling av unge menneske. Eg vart forundra over at her skjer det svært gode ting, som eg ikkje visste om det.

Eg måtte ta meg ein tur innom sosiale media og oppdaga at her skjer det mykje godt. Unge menneske forkynnar evangeliet i ånd og kraft med stor kreativitet. Dei er overalt på sosiale media. Dei er på gata. Dei er på alternativmessa. Dei forkynner Guds Ord med frimod. Dei ber for sjuke og under skjer. Det venaste syn som eg får sjå er unge i brann for Jesus.

Eg har ikkje oversikten. Eg kan ikkje visa til store tal og statistikk. Men det eg ser og høyrer er oppmuntrande. Ei åndeleg oppvaking er i gang. Nytt liv spirer fram. Unge menneske kjem til tru. Unge menneske ber og søkjer Gud. Unge menneske lever i Ordet og lever ut Ordet i kvardagen sin. Noko stort er på gang. Bønner er i ferd med å bli oppfylt. Gud gjestar folket sitt og landet vårt.

Lat oss laga ein bønnering rundt den oppveksande generasjonen. Lat oss halda fram med å lyfta landet vårt opp til Gud i bønn. Vi står i ein åndeleg kamp. Dei åndelege motkreftene er store, men Jesus har overvunne alle mørkemaktene.

Difor kan vi med stort frimod be og arbeida, forkynna og gjera folk til læresveinar. Ingenting kan hindra at Guds rike går fram i landet vårt! Det venaste syn som eg får sjå er unge på kne for Gud!