Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg, holdt preken under Kirkemøtets åpningsgudstjeneste i Nidarosdomen onsdag 27. mars.

Eg trur, hjelp meg i mi vantru

Både i Jesu samtid og no er det heilt sikkert at viss Gud er til, så er han ikkje åleine om makta. Viss vi ikkje reknar med vondskapen, misser også Jesu liv mykje av dramaet og dynamikken.

Preike ved opningsgudstenesta på Kyrkjemøtet i Nidaros domkirke 27.03.19.Preiketekst: Mark 9,17-29.

Det kan vere nokså brutalt å bli konfrontert med si eiga maktesløyse, med si udugelegheit. Medan Peter og Jakob og Johannes har vore på ein fantastisk fjelltur i lag med Jesus, der han møtte Moses og Elia og dei vart vitne til ein herlegdom det er umuleg å uttrykkje i ord, har dei andre læresveinane hamna midt i ei folkemengde og ein disputt med nokre skriftlærde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein ganske så brutal overgang for Jesu næraste vener. Idyllen blir broten. Sannsynlegvis skein kleda hans fortsatt, for det står at folket vart forferda, gripne av otte og undring då dei såg han. Det viser seg at usemja går på eit spesielt vanskeleg sjukdomstilfelle, som læresveinane ikkje greidde å hjelpe, sjølv om dei hadde ei viss trening med helbredelsar og trass i tidlegare erfaringar med at åndene lydde dei.

No kjem den fortvilte faren til Jesus og forklarer kva som plagar sonen. Om det var ein moderne lege som skulle behandle guten, er det godt muleg at han hadde enda opp med diagnosekoden G40 i ICT, vår tids internasjonale statistiske klassifikasjon av sjukdommar og beslekta helseproblem, nemleg ei form for epilepsi.

Fleire av symptoma peikar i den retninga. Men diskusjonen handlar ikkje om diagnosen eller om kva tiltak ein burde sette inn. Den handlar om læresveinane si maktesløyse. Dei fekk ikkje til å drive ut den vonde ånda.

Evangelistane skildrar Jesus som oppgitt, utolmodig og refsande overfor folkemengda.Kor lenge skal eg halde ut med dykk? Kom hit til meg med han!

Og så blir det eit dramatisk møte mellom guten og Jesus, før faren ber: -om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!- Om eg kan? Alt er mogleg for den som trur.

Så kjem det velkjende utropet frå faren, som så mange har kjent seg igjen i opp gjennom århundra:- Eg trur, hjelp mi vantru!

Bøna blir høyrt. Underet skjer. I dåtidas medisin meinte ein at sjukdom var forårsaka av demonar.

Og Jesus var også barn av si tid. Han var ein jødisk mann som levde i Palestina rundt år 30, i den forestillingsverda og med det verdsbildet som folk i hans samtid såg som opplest og vedtatt. Han vart menneske, og tok også på seg samtidas forståing av at alle lidingar, både psykiske og fysiske, kunne ha eit demonisk opphav.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han levde i den mytiske røynda som vi fekk skildra i leseteksten frå Efesarbrevet, der det står at vår strid ikkje ermot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet (Ef 6,12).

I Bibelen ser vi ikkje eit tydeleg skilje mellom lækjing av fysiske sjukdommar og såkalla besettelsar. Men evangelia har mange fortellingar om at Jesus tek omsorg for heile mennesket, og at han ikkje skil mellom sjel og kropp.Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som trong å bli friske, står det i Lukasevangeliet som ei overskrift over Jesu teneste (Luk 9,11).

Denne gongen såg han eit menneske som var driven av ukjende krefter som øydela livet hans. Ukjende krefter som hadde tatt kontrollen og erobra sinnet og kroppen og hindra han i å kome til seg sjølv. Det var sterke krefter, men Jesus var sterkare.

Skal vi forstå Jesu helbredelsar, er det virkninga av dei vi må studere. Vi må ikkje nøye oss med å bruke dei som illustrasjonar til teologiske tema eller forstå dei som peikarar til noko anna.

Her dreiar det seg om eit liv og ein kropp som blir gjenoppretta! Denne mannen kom til seg sjølv og fekk den gudgitte verdigheita si tilbake.

Fortellinga om denne besatte, unge mannen blir vevd inn i Bibelens store fortelling om ei verd som er på veg bort frå opphavet sitt. Verda er ikkje lenger slik skaparen forma den. Det gode og det vonde strir mot kvarandre, skaparkrefter kjempar mot undergangskrefter og vondskap, håp mot mismot.

Det var denne verda Jesus steig inn i, ei verd der vondskapen er ein realitet. Ukjende krefter manipulerer med livet, det er ikkje alltid så lett å forklare eller plassere ansvaret for vondskapen, men både i Jesu samtid og no er det heilt sikkert at viss Gud er til, så er han ikkje åleine om makta. Viss vi ikkje reknar med vondskapen, misser også Jesu liv mykje av dramaet og dynamikken.

Denne og andre fortellingar om helbredelsar og demonutdrivingar utfordrar ei forenklande, fornuftsprega forklaring av røynda. Ikkje berre trengjer det uforklarlege seg på, men underfortellingane opnar også for det som sprengjer grensene for kva som er muleg. Dei blir fortellingar om håp så vel som ein protest mot trong rasjonalisme, som gjer verda mindre enn ho er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Desse fortellingane har ein skapingsteologisk dimensjon: dei siktar mot å gjenreise verda slik Gud skapte henne.

Det var derfor Jesus vart menneske. Det er derfor vi held fram med å fortelle om hans liv og hans gjerningar, hans død – og hans oppstode. Fordi han er sterkare enn alle motkrefter.

Notto Thelle skriv i bokaGåten Jesus om ein fransk prest som i mange år hadde arbeidd i ein gudsforlatt og avkristna bydel i Paris, og det var ingen teikn til at arbeidet bar frukt. Kyrkjelyden skrumpa, og resignasjonen begynte å bre seg. Men han heldt fram gjerninga si, veke etter veke, år etter år.

Hadde han nokon grunn til å tru på forandring? Kolleger og vener oppfordra han til å søkje seg noko betre, eit kall med større inspirasjon og livsutfalding. Men han vart verande og forklarte det sjølv slik: «Nokon må vere her for å halde ryktet om Jesus levande.»

Ryktet om Jesus gjekk først på folkemunne, så vart det skrive ned og tatt med i ei samling av fortellingar som vart lesne høgt for dei truande, og i dag blir dei forkynte for oss. Desse fortellingane angår oss og formidlar håp ved å sette ord på kva det betyr å tru på Gud.

Når desse fortellingane blir delt, smeltar fortid og notid saman. Akkurat som når ein i den gamle pakt ga vidare fortellingane om Guds store frelsesgjerningar. Til kvar ny generasjon skulle foreldre seie til borna:Vi var slavar hos farao i Egypt, men Herren førte ossut frå Egypt med sterk hand (5 Mos 6,21). Det som startar som ei historie omfedrane våre, involverer gradvisoss, og er til slutt simpelthenmi historie.

Når ordet blir forkynt, seier Martin Luther, stig Kristus levande inn i våre hjarte. Han er ikkje begrensa av tid og rom, han er nærverande og tilgjengeleg for menneskeleg, ja, fysisk erfaring.

Ja, korleis skulle vi elles forestille oss Gud, viss han ikkje var det? Då sit vi berre igjen medfilosofane sin Gud, ikkje Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, slik filosofen og matematikaren Blaise Pascal oppsummerte det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men underfortellingane beviser ingen ting, tvert imot, dei inviterer oss til å søkje Gud og be om at han skal gripe inn i livet vårt. Dei stiller oss ansikt til ansikt med Jesus og inspirerer oss til å seie med den fortvilte faren i dagens tekst:

- om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!

Og vi hugsar Jesu svar:- Om eg kan? Alt er mogleg for den som trur.

Det er som vi høyrer eit ekko frå Getsemane.- Abba, Far! Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.

Mange sjuke sine bøner fekk svar, men Jesu eiga bøn fekk det ikkje. Det minner oss om at bøner er nettopp bøner, utan garanti for at vi får det svaret vi ynskjer oss. Og for det andre banar dette vegen for ein teologi om ein Gud som lid med oss, som er nærverande i mine lidingar, som tek våre sjukdomar på seg, og som døyr for oss.

Same kva som skjer i livet vårt er det ingen ting som kan skilje oss frå Kristi kjærleik, verken naud eller angst eller nokon krefter,verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre (Rom 8,39).Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vere skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg, leser prekenteksten under Kirkemøtets åpningsgudstjeneste i Nidarosdomen onsdag 27. mars.