Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Aktuell forkynning på Maria bodskapsdag?

Komande søndag er det Maria bodskapsdag – eller Marimesse. Det er ein pedagogisk genistrek at dagen vert feira ni månader før jul. Så treng vi ikkje vera i tvil om samanhengen mellom foster og fødsel. 

Normalt er det den framstilling som på best mogleg vis får fram poenget med ei sak, som også haustar ros. Normalt. For unntaket er debattar der den beste illustrasjonen på sjenerande vis nettopp minner om kva saka dreier seg om:

Då legen på St. Olavs Hospital skulle illustrera kva som skjer i ein såkalla «fosterreduksjon», gjorde han det på framifrå vis. Men det førte til store avisoppslag om kor ille det var at modellen han brukte var frå eitseinare stadium i fosterutviklinga! Poenget vart nemleg for tydeleg: Det er eit barn det handlar om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein av dei mest rørande hendingane frå kyrkjekampen under andre verdskrigen, fann stad nettopp på Maria bodskapsdag, 22. mars 1942. Då gjekk prestane på brei front inn i skulekampen. Tidspunktet var ikkje tilfeldig.

Denne dagen i kyrkjeåret la ein – den gangen, i det minste! – vekt på det som Oslo-prestane formulerte slik i ei erklæring til kyrkjelydane og til departementet:

«Til enkle og jevne foreldre betrodde Gud sin egen sønn av evighet og lotdem for barnet Jesus være i Guds sted. Også heri ser vi som kristne en stadfestelse av at grunnforholdet mellom foreldre og barn er en Guds skaperordning, et gudbestemt forhold som består ubrytelig og hellig for alle hjem.»

Over heile landet denne dagen, dvs. i meir enn 1000 kyrkjer, blei det protestert mot staten sin plan for å gje dei unge ei nazistisk oppseding. Det er ein fryd å lesa nokre av dei mange preikene frå denne søndagen!

Den nemnde erklæringa slutta med eit ultimatum: Kor vidt prestane kom til å stå i statstenesta var «avhengig av at kirkens synsmåter her og i andre saker som i dag er omtvistet, blir respektert.» Dette vart sagt ein månad etter at biskopane hadde lagt ned embeta, og fjorten dagar før prestane gjorde det same – dåKirkens Grunn blei offentleggjort.

I si høyringsfråsegn til staten sine planar om ei obligatoriske oppseding i det nasjonalsosialistiske livssynet, skreiv Menighetsfakultetet: Når «staten i egenskap av verdslig øvrighet vil søke å organisere en selvstendig moralsk barne- og folkeoppdragelse, uavhengig av kirken, da er det en sammenblanding av de myndighetsområder som etter bibel og bekjennelse tilkommer stat og kirke.»

Det siste er forresten eit sunt apropos også til oss i dag. Det er til ei kvar tid mange skuledebattar i avisene. Men sjeldan ser vi det poenget nemnt, at skulen ikkje har eit sjølvstendig oppdrag i oppsedinga. Alt den gjer skal vera i samsvar med det mandatet foreldra har gitt.