ØKONOMI: Den økonomiske sida ved adopsjon har regjeringa diverre ikkje vald å fokusera på, men KrF kvinner vil på det sterkaste rå til at det vert arbeidd med ei omlegging av støtteordningane knytt til adopsjon, skriv Sæbjørg Hageberg Kjeka.

Adopsjon må bli enklare, raskare og rimelegare

Dersom adopsjon frå utlandet skal vera eit reelt alternativ, er det viktig at ikkje adopsjonsprosessen blir for lang, slik han i periodar har blitt for mange som er blitt godkjente som adoptivforeldre, og det er viktig at det ikkje vert kravd for mykje av dei som skal adoptera.

Rundt omkring i verda veks mellom to og åtte millionar born opp på institusjonar i staden for å bu saman med familien sin. Dei blir gjerne kalla foreldrelause, sjølv om mange av desse har både mor og far. Problemet er at den biologiske familien ikkje ser seg i stand til å ta hand om barnet eller endå eit barn.

Dette er djupt tragisk, og det er difor viktig at Noreg støttar opp om ordningar som tar sikte på å hjelpa familiar til sjølve å ta seg av borna sine – både her i landet og i andre land. Samtidig må det gjerast endå meir for å sikra gode forhold for alle dei borna som veks opp utan foreldre eller utan omsorg frå eigne foreldre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I følgje FN sin Barnekonvensjon er det staten sitt ansvar å sikra desse borna si framtid, og i ein del tilfelle vert det difor lagt til rette for at barnet kan adopterast bort – enten i eige land eller til eit anna land.

Mange foreldrelause har på den måten fått nye foreldre og blitt del av ein familie, og alle som har vore på ein barneheim, veit at mange lengtar etter dette. Sjølv om borna får tilsyn av vaksne og får dekka viktige behov som mat og tak over hovudet, manglar dei det viktigaste – nemleg kjærleik frå foreldre som er glade i dei.

For mange born er internasjonal adopsjon eit alternativ, og KrF kvinner i Hordaland er glade for at regjeringa i følgje Granavollen-plattforma «vil arbeida for å gjera adopsjonsprosessar raskare og enklare både utanlands og innanlands». Innanlands handlar det ofte om adopsjon av stebarn, eller at fosterbarn blir adoptert, mens adopsjon frå utlandet hovudsakleg dreiar seg om at eit barn utan familie får ny familie.

Dersom adopsjon frå utlandet skal vera eit reelt alternativ, er det viktig at ikkje adopsjonsprosessen blir for lang, slik han i periodar har blitt for mange som er blitt godkjente som adoptivforeldre, og det er viktig at det ikkje vert kravd for mykje av dei som skal adoptera.

Vi støttar difor forslaget til endring av adopsjonslova som nett no er ute på høyring, der det vert gjort valfritt om søkjarar vil velja å bli utgreidd og godkjent for eitt barn under fem år eller for eit søskenpar under fem år. Det er ikkje mangel på born som treng nye heimar, og ventetida for å bli tildelt barn frå utlandet har dei siste åra gått ned. Likevel kom det i 2018 berre 95 adoptivborn til Noreg – det lågaste talet nokon gong.

Den økonomiske sida ved adopsjon har regjeringa diverre ikkje vald å fokusera på, men KrF kvinner vil på det sterkaste rå til at det vert arbeidd med ei omlegging av støtteordningane knytt til adopsjon. Per i dag kostar det minst 231.000 kr i tillegg til legalisering av dokument, rette kopiar med meir og kostnader knytt til reise og opphald i landet ein adopterer barnet frå.

Alt dette må ein betala sjølv, men etter at adopsjonen er gjennomført, får ein 98.000 i adopsjonsstønad. Ein må likevel rekna med at samla sum vert minst 200.000 kr, og det er i seg sjølv ein grunn til at mange kvir seg for å gå i gang med ein adopsjonsprosess.

Ein av grunnane til at kostnadene knytt til adopsjon har gått opp, er at langt færre enn før ønskjer å adoptera. For 15–20 år sidan vart det til samanlikning adoptert 5–600 born i året frå andre land til Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grunnane til at etterspurnaden går ned, kan som sagt vera økonomi, men at det er såpass enkelt og rimeleg å få assistert befruktning og/eller bli befrukta med sæd frå ukjent donor, er nok også ein viktig del av biletet.

KrF kvinner synest det er flott at 20.000 born i løpet av 50 år har kome til Noreg og blitt del av norske familiar, og vi er takknemlege for det tilskotet dei har vore til landet vårt.

Eit barn er eit barn, same kor det vert fødd, og målet må alltid vera barnet sitt beste. Mange gonger er det adopsjon, og derfor må det bli både raskare, enklare og rimelegare å gjennomføra ein adopsjonsprosess.