DEBATT: «Alle har kall til frimot, og eg oppmuntrar alle som i dag kjenner at det er for lite plass for klassisk kristentru til å ta ordet der ein kan», skriver Sofie Braut, medlem i Stavanger bispedømmeråd

Eg gir ikkje opp kampen!

På framsida av Dagen 14. mars ser eg mitt eige andlet med overskrifta «Gir opp kampen innad i kirken». Dette verka meir defensivt enn eg kjenner meg!

Først takk til Dagen for på fleire måtar å få fram klassisk kristen tru i det offentlege rom og også Frimodig kyrkje (FK) sine perspektiv som nettopp handlar om dette.

Som nettverk ønskjer vi å fremja klassisk kristen tru, både internt i Den norske kyrkja og overalt der vi kjem til orde. Vi vil støtta alle som kjenner trykket frå sterke krefter som ofte krev unison tilslutning til ulne kompromiss som gjer Bibelske sanningar utydelege.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er tid for å vera frimodig på klassisk kristen tru!

Når eg no har takka nei til attval til haustens kyrkjeval og samstundes går ut av styret i FK, ligg det fleire vurderingar bak, men ei av desse er ikkje at eg «gir opp kampen».

Eg er framleis medlem i Den norske kyrkja og meiner kampen for klassisk kristen tru og for Bibelsk sanning må kjempast uavhengig av formelle verv og posisjonar, overalt.

Alle har kall til frimot, og eg oppmuntrar alle som i dag kjenner at det er for lite plass for klassisk kristentru til å ta ordet der ein kan.

Alltid venleg og etterretteleg, men med salt og kraft. Eg har i alle fall ikkje gitt opp kampen.