Fra en nordisk-katolsk gudstjeneste i Stockholm. Foto: privat

Vi bør gjeninnføre ei felles og obligatorisk faste-rutine

Visst er det å fasta upraktisk og tungvint i mange samanhengar, på arbeidsplassar og i selskapslivet. Men slik er nettopp kjennemerket på profetiske symbolhandlingar.

Ikkje å ete kjøt i fastetida, fisk på fredag og faste frå midnatt før ein tok imot nattverden var før andre vatikankonsilet kjennemerke for katolikkar. På tvers av klasse og stand, universelt og utan å vere kleresi-styrt. Samstundes sett ned på av andre som ynskte ein meir åndeleg kristendom.

Dette sikre, felles kristne kjennemerket, dunsta stort sett bort då det vart redusert til eit individuelt forbrukarval, i klasse med slankekurar og treningsprogram.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Faste var eit viktig element i Israel. Jødar visste kven dei var på grunn av kva dei åt og ikkje åt. Fastepraksis fylgde også Jesus og disiplane og dei kristne gjennom heile historia, ein praksis felles med dei fleste større religiøse tradisjonane.

Både fredagar og dei 40 dagane i fastetida vart markerte som påminning om Jesu lidingar, om vår åndelege fattigdom og om vår identifisering med dei som svelt. I år-hundre har kristen praksis levd i rytme mellom faste og fest.

Vi treng å revurdere verdien av felles, fast og obligatorisk årleg faste-rutine. I solidaritet med dei fattige og svoltne som veit at dei treng Gud for dei er trengande mellom menneska. Dette må igjen bli del av kyrkja sitt profetiske kall på jorda. Då held det ikkje med fromme menneske sin private praksis.

Det må bli heile fellesskapen sitt sams vitnemål for omverda, at å vere kristen er å stå mellom dei trengande. Det handlar om å fornye den gamle fastetidspraksisen: bøn, faste og almisse.

Når oskeonsdagen denne veka innleier fastetida, skulle det gått ut hyrdebrev frå alle bispe- og generalsekretær-kontor i alle kristne kyrkjer i landet. Vi treng det for Kristi skuld som takksemd for hans liding og død, som vidareføring av vår kristne tradisjon og som kjennemerke for kristen identitet i det multireligiøse samfunnet, til skilnad frå forbrukarsamfunnet som rasar ikring oss.

Visst vil det vere upraktisk og tungvint i mange samanhengar, på arbeidsplassar og i selskapslivet. Men slik er nettopp kjennemerket på profetiske symbolhandlingar. Dei vil alltid uroe og forstyrre den offentlege orden.

Viktigast for oss må vere at vår praksis vitnar tydeleg om våre kristne verdiar. Fysiske behov vitnar om åndelege behov. Til sjuande og sist er vi alle som menneske trengande. Overfor Gud manglar vi alt. Dette veit dei svoltne best av alle.

Kristendom er meir enn ein bunke dogmer som skal haldast for sant. Det er pulserande liv, rituelle rytmar, praksis som skal bringe på plass både tankar, kjensler, mentalitet og fysisk utfalding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det vert ikkje fest utan faste.