Fra en gudstjeneste i Leinstra
...
Fra en gudstjeneste i Leinstrand kirke. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix
debatt
Ny syndsvedkjenning i gudstenesta
Del
Den nye formuleringa frå kyrkjerådet smakar meir av politisk enn av teologisk tankegang.

Sjå oppslag i Dagen 23. januar. Det er godt at Kyrkjerådet og biskopane no tek formuleringane i syndsvedkjenninga i gudstenesta opp til vurdering.

Sjølv har eg hatt problem med å finna meg til rette med fleire av dei formuleringane vi finn i gudstenesteboka frå 2011. Eg sluttar meg og til fleire av dei merknader som er leverte til dei framlegg til nye formuleringar som har vore oppe.

Bispemøtet avviste i fjor eit framlegget dei fekk på bordet. Det var godt, for der var det tydeleg innslag av panteistisk tankegods. Det var tale om å –«tjene... ditt skaperverk».

Den nye formuleringa frå liturgiavdelinga i kyrkjerådet, finn eg heller ikkje god. Den rundar av med bøn om at vi skal setjast fri til å verna om skaparverket og møta nesten med omsorg. Tidsrett er det utan tvil, men har det nødvendig teologisk og bibelsk feste? Slett ikkje, slik eg ser det. Dette smakar meir av politisk enn av teologisk tankegang.

I Bibelen har synda relasjon til Guds vilje og Guds bod, og det perspektivet er med i framlegget. Men i «det store bodet», som Jesus heldt fram som ei oppsummering av lova, heiter det at vi skal elska Gud av heile vårt hjarta og nesten vår som oss sjølv .

Kjærleiken er oppfylling av lova. Då blir det for tannlaust å snakka om å møta nesten med omsorg. Gud kallar oss til kjærleik. Ingenting mindre. Spør vi så kva Bibelen held opp for oss som det sentrale ved Gud, så er det at han er heilag – og det er med i innleiinga, men det vitigaste, og det nye som Jesus lærer oss om Gud, er at han er vår far! Dette difor med!

Eg føreslår denne formuleringa til vurdering:

«Hellige Gud, vår skaper og Far, se i nåde til oss (alt: se til oss i nåde) Vi har syndet mot deg og brutt dine bud. Tilgi oss for Jesu Kristi skyld. Sett oss fri til å tjene deg, verne om skaperverket og møte vår neste i (med) kjærlighet.