MANGFALD: Slik sett kan eit mangfald av konservative og meir liberale prestar vere utviklande for kyrkjelyden, skriv Ketil Hjelset. Biletet er frå Spjelkavik kyrkje. Foto: Dagen arkiv.

Lokal kyrkjestrid

Det går ei grense når prestar i ein og same kyrkjelyd, som alle er komne til oss med biskopens brev på at dei er skikka til nettopp å vere prestar, ikkje kan møte kvarandre i fellesskapen rundt gudstenester og nattverdbord.

Det har alltid vore strid og usemje i kyrkja. Den som trur anna, må gjerne lese Dag Kullerud sitt glitrande festskrift i høve 200-årsjubileet til Bibelselskapet for tre år sidan.

Mange ulike spørsmål har vore debatterte, men i mine 50 kyrkjeaktive år har kvinnelege prestar og vigsling av likekjønna skapt størst bølgjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Usemje fører til harde og til dels uforsonlege debattar i kyrkja sine øvste organ, og det skaper dessverre uhandterlege konfliktar ute i kyrkjelydane.

I mitt eige sokn, Spjelkavik, opplever vi nettopp dette no. Ein prest med band til Carissimi-nettverket er så grunnleggjande usamd med ein annan at han ikkje vil møte han i gudsteneste- og nattverdfellesskapen.

Den utestengde har, etter initiativ frå prost og biskop, valt å flytte på seg, men dette blir vanskeleg å bere for mange av dei som sit i kyrkjebenkane og for oss som kyrkjelyden sine tillitsvalde.

Kyrkja har eit mandat ovanfrå, og vi ser det i linja som går frå Jesus til apostlane, til biskopane og heilt ut til presten i den lokale kyrkjelyden. Den linja må vi respektere og kanskje ikkje svekkje meir no.

Men det finst eit mandat nedanfrå også, og i min lokale kyrkjelyd går det frå dei 18 000 skrivne medlemene gjennom dei 3-400 menneska som går jamleg til gudstenester og til dei mange frivillige medarbeidarane som i tiår etter tiår brukar nesten alt dei har av overskytande tid og krefter for å byggje kyrkjelyden.

Til sist blir dette mandatet lokalt forvalta i soknerådet. Denne linja må også bli verdsett og respektert. Det er vår kyrkje.

Konservative prestar synest å meine at kyrkjedemokratiet har fått alt for stor makt. Det går an å forstå både sinnet og vanmaktskjensla desse opplever når dei taper alle dei store slaga, som til dømes utnemning av biskopar, og eg ser at kyrkjerådet kunne ha vist større respekt for det mangfaldet som faktisk finst i kyrkja.

Men dei må akte seg vel for å revansjere dei store tapa sentralt i dei små kampane lokalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lokalt lever vi nemleg godt med meiningsmangfaldet i kyrkja. Det er lenge sidan vi sat fåmælte og godtok kvart eit ord presten kom med, men vi set pris på fagleg tyngd og gode resonnement og vurderer preiker og andre ytringar opp mot annan kunnskap vi har.

Slik sett kan eit mangfald av konservative og meir liberale prestar vere utviklande for kyrkjelyden.

Men det går ei grense når prestar i ein og same kyrkjelyd, som alle er komne til oss med biskopens brev på at dei er skikka til nettopp å vere prestar, ikkje kan møte kvarandre i fellesskapen rundt gudstenester og nattverdbord.

Eg forstår at enkelte utfordingar og spørsmål lett kan handle om samvitet til den enkelte presten, og at ein prest kan ha ein sterk kallstanke, men synest at det første spørsmålet prestar skal stille seg ikkje er kva samvitet deira kan tole, men kva den kyrkjelyden som dei er sett til å tene, kan tole. Og for kyrkjelyden er slike grep heilt utolelege.

I bispekollegiet er det eit mangfald av personlegdomar og synspunkt i teologiske stridstema. Men kvart bispemøte samlar seg undervegs i ei gudsteneste der dei deler nattverdfellesskapen og understrekar slik den einskapen som trass all usemje finst i kyrkja, og dette bør vere eit føredøme for andre.

Dersom ein prest er så usamd med ein kollega eller i så sterk opposisjon til kyrkja si lære, utvikling eller praksis at han er villig til å ofre samhaldet i flokken sin i kampen mot dette, då må han heller finne seg ein annan kyrkjelyd, der han for ei stund kan sleppe nokre av desse utfordringane, eller gi opp prestetenesta si i Den norske Kyrkja.

Biskopen sit med tilsynsansvaret for prestetenesta, og om biskopen ikkje styrer, går det gale ute i kyrkjelydane.

Som lekmann med lang fartstid i kyrkjebenken, grenselaust med timar og mange, mange år i sokneråd og andre funksjonar i kyrkjelyden min, dristar eg meg til å lansere følgjande styringsverktøy for bispemøtet:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1. Biskopen har det overordna lære- og tilsynsansvaret i bispedømmet.

2. Når biskopen sender ein prest til ein kyrkjelyd, med sitt brev på at han eller ho er skikka til å vere prest der, skal ingen lokalt overprøve dette.

3. Alle som biskopen set inn i kyrkja, skal utan atterhald inkludere kvarandre i arbeidsfellesskapen og i fellesskapen rundt gudstenester og nattverd.

4. Teologisk drøfting er både tillateleg og ønskjeleg, men om ein opplever alvorleg avvik frå kyrkja si lære, skal dette rapporterast til biskopen, ikkje takast hand om lokalt.