BARN: Vår viktigaste oppgåve e
...
BARN: Vår viktigaste oppgåve er å ta vare på barna. Det er å setja menneskeverdet i sentrum. Sårbare barn og unge treng hjelp no. Dei har ikkje tid til å venta, skriv Torill Selsvold Nyborg. Illustrasjonsfoto: Berit Roald, NTB scanpix
Sjokkrapporten om barn, vald og overgrep
Del
For å hjelpa barn som har vore utsett for vald og overgrep er det veldig viktig med kompetanseheving og førebygging på helsestasjonane og i familievernet.

I kvart klasserom sit det i snitt to til tre elevar som har opplevd vald og overgrep. Dette vil sei at kvart sjuande barn i Noreg er råka. Det er skrekkelege tal med enorme dimensjonar. Det gjer vondt at barn får ein forferdeleg barndom på grunn av vald og overgrep. Dette er ein skamplett for samfunnet, og vårt største samfunnsproblem.

Det er Barnevoldsutvalget som har gått gjennom saker med alvorlege overgrep og vald mot barn, og funna rapporten konkluderer med er urovekkande og må få konsekvensar.

Vår viktigaste oppgåve er å ta vare på barna. Det er å setja menneskeverdet i sentrum. Sårbare barn og unge treng hjelp no. Dei har ikkje tid til å venta.

Kvart år vert det fødd omkring 60.000 barn i Noreg. Fagfolk anbefaler heimebesøk etter fødselen, men berre 10 prosent av mødrene får i dag tilbod om heimebesøk. Plikt til å tilby heimebesøk ved fødsel, og at alle gravide blir spurt om dei har vore utsett for vald, er konkrete tiltak som gjer at vald og overgrep kan bli avdekka så tidleg som mogeleg.

KrF har lenge jobba for ein forpliktande og god opptrappingsplan mot vald og overgrep. For oss er det heilt avgjerande at det er økonomiske forpliktingar og øyremerking i planen, som gjer at vi kan hjelpa dei mest sårbare barna våre. Vi er veldig glade for at KrF har fått gjennomslag for dette i denne perioden, med over ein halv milliard kroner til valds- og overgrepsutsette barn. Vi skal fortsetje å jobba for barna.

For å hjelpa barn som har vore utsett for vald og overgrep er det veldig viktig med kompetanseheving og førebygging på helsestasjonane og i familievernet. Andre viktige tiltak er Alternativ til vold (ATV), styrka barnevern, betre behandling av offer og styrka politikapasitet. Det er òg viktig med informasjonsarbeid direkte retta mot flyktningar og innvandrarar for å fortelje om norsk lov og gje klare råd.

KrF kjempar kvar dag for barna som har opplevd det utenkelege. Vi vil gjera alt i vår makt for å forhindra at fleire barn vert utsett for overgrep, og hjelpa dei som har vonde opplevingar vidare i livet. KrF som set menneskeverdet i sentrum, og har barna som sin viktigaste prioritet. Vi vil gje alle barn ein god barndom, med verdiar som varer livet ut.