LÆRE: Eg vil med dette oppmoda
...
LÆRE: Eg vil med dette oppmoda alle kyrkjelydar, særleg der kyrkjefolket kjenner seg uroa over å ha prestar som støttar den nye ekteskapslæra, til å gje fråsegner om at dei ikkje helsar denne læra velkomen hos seg, skriv Egil Morland. 
 Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix
Soknemøtet sitt mynde
Del
Slik held parodien fram, i kyrkjelyd etter kyrkjelyd, der både vanlege folk og media til nød har fått med seg at det er lov å «reservere» seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje forstått at lærene er «likeverdige».

Sist veke trykte Dagen eit innlegg frå advokat Johan Haga . Det handla om soknemøtet sitt mynde til å ta (nye) liturgiar i bruk – eller til ikkje å gjera det.

Dette er det viktigaste innlegget avisa har hatt på svært lenge. Det bør klippast ut og spreiast. I Eiken i Agder har dei sjøvsagt teke vare på det.

For dei har fått høyra frå biskopar og Kyrkjeråd at fordi Kyrkjemøtet no har det myndet som Kongen tidlegare hadde (§ 16 i Gr.l.), så kan det også hindra soknemøtet og lokale kyrkjelydar i å seia nei til den nye liturgien.

LES: Menighet avviser ny vigselsliturgi

For det er ei sak berre for presteskapet, må vite. I prestane si tenesteordning står det nemleg noko om deira ansvar for gudstenestelege ordningar.

Men tenesteordningar står ikkje over lova. Ingen protesterer på at Kyrkjemøtet har mynde til å vedta slike liturgiar. Men i Kyrkjelova heiter det at soknemøtet skal ta stilling til innføring av nye liturgiar.

Kyrkjerådet og dette rådet sin stab gjer noko veldig dumt når dei hevdar at kyrkjelydane må halda fingrane frå fatet, eller ter seg overberande når desse kyrkjelydane trur dei har slikt mynde – slik eg las biskopen i Nord-Hålogaland sin kommentar til soknerådet i Kautokeino sitt vedtak.

For sokneråda var sjølvstendige rettssubjekt lenge før det vart oppretta eit nasjonalt rettssubjekt (2017). Kyrkjemøtet kjem til å streva mykje med å finna balansen mellom det lokale og det nasjonale på dette området.

Fordelinga av mynde må nemleg skje utan at det eine organet vert overordna dei mange. I så fall er vi på full fart bort frå ein luthersk tankegang om kyrkjeordninga. Avgjerda på dette området ligg enno nokre år fram i tid.

LES OGSÅ: Sokneråd får kritikk for liturgi-nekt

Men det kjem ikkje på tale å endra Kyrkjelova før Stortinget har vedteke ei religionslov, der Den norske kyrkja også, truleg, vil ha sin del (jfr. formuleringar i ny § 16 i Gr.l.

Eg vil med dette oppmoda alle kyrkjelydar, særleg der kyrkjefolket kjenner seg uroa over å ha prestar som støttar den nye ekteskapslæra, til å gje fråsegner om at dei ikkje helsar denne læra velkomen hos seg.

Skulle presten neglisjera eit slikt vedtak, så veit vedkomande likevel «kor landet ligg». Og skulle eit slikt framlegg ikkje bli vedteke, ja, så veit kyrkjelyden for sin del også «kor landet ligg».

Eg kjenner ein og annan biskop som vil lesa det eg skriv her som eit forsøk på å skapa uro. For dei har satsa på at alt skal gå roleg og harmonisk for seg, etter at Kyrkjemøtet gjorde eit vedtak dei var i mot, men likevel røysta før.

Lat meg forsikra om at det er det motsette som ligg meg på hjarta. For no er uroa så stor og tålmodet så tynnslite mange stader, at det må finnast ein ventil som kan lufta uroa!

Sist helg tala eg i ei stor bedehusforsamling. Fleire eg snakka med hadde alt meldt seg ut av kyrkja. Avisene har ikkje skrive om det, for desse folka er ikkje kjendisar.

Dessutan er dei ikkje mange at ikkje eit konfirmantjubileum, ei kyrkjebok eller nokre dåpsfamiliar kan kamuflera kva dette tyder. Men det merkast i samfunnet av dei heilage, dei som trufast kjem saman i tru og tilbeding!

I eit sympatisk intervju i Ekko (NRK 2) med sokneprest Helge Standal i Sykkylven nyleg, kom det fram at han ikkje eingong får gå av i fred og ro, når han no vil slutta som prest. For det er grunngjevinga hans som provoserer.

LES MER: Takkar for seg første påskedag

For sin del finn han ikkje å kunna tena i ei kyrkje som held seg med to diametralt motsette lærer om ekteskapet. Han skulle jo fått ros for logikken, om ikkje for konsekvensen han dreg! Men nei.

Grunngjevinga hans har ført til uro i konfirmant flokken (ja, tru det?), slik at biskopen – som altså er samd med han i sak – spør om han kan tenkja seg å slutta litt tidlegare, før konfirmasjonen. For her er det jo «naturleg» å tenkja tre månaders oppseiing...

Slik held parodien fram, i kyrkjelyd etter kyrkjelyd, der både vanlege folk og media til nød har fått med seg at det er lov å «reservere» seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje forstått at lærene er «likeverdige».

For akkurat som i kyrkjevalet er dei som uttrykkjer seg i halar på Facebook ei utømeleg kjelde til å gjera livet utriveleg for forstokka prestar. Biskopen oppmodar prestane til å ha «tillit til KM-vedtaket». Den oppmodinga tek kaka!

Kvifor skulle vi ha tillit til eit vedtak no , når vi aldri har hatt det før, men tvert om åtvara om at dét ville skje som no skjer?! Og kvifor skal vi ha tillit til eit vedtak der desse biskopane sjølve har fått skrive inn at dei er imot det?

Vi har nett feira Maria bodskapsdag, Marimesse. Det var denne dagen prestane under krigen valde til å vitna mot staten sine planar om å gje alle born og unge oppseding i det nasjonalsosialistiske livssynet. Kvifor?

LES OGSÅ: Slutter etter 24 år

Slik grunngav dei det: «Det er i dag Maria Budskaps dag, søndagen som minner oss om at Maria var utvalgt av Gud til å bli Jesu mor, unnfange ham ved den høyestes kraft og føde ham til verden. Til enke og jevne foreldre betrodde Gud sin egen sønn av evighet og lot dem for barnet Jesus være i Guds sted.

Også heri ser vi som kristne en stadfestelse av at grunnforholdet mellom foreldre og barn er en Guds skaperordning, et gudbestemt forhold som består ubrytelig og hellig for alle hjem.»

Kyrkja lærer ikkje lenger at dette er ei skaparordning. For du tullar ikkje med skaparordningar, like lite som du tullar med naturlovene. Trur du som kyrkja trudde i 1942, kan du ikkje tru som Kyrkjemøtet i 2017.

Derfor må prestar som stiller seg bak den nye læra, slik ein av dei faktisk uttrykte det då han vart utfordra: - Nei, kjønnspolariteten inngår ikkje i mi forståing av kva eit ekteskap er.

Difor er det meir sakssvarande, ja, ærleg, å seia at dei to lærene gjensidig utelukkar kvarandre, enn å seia at dei er likeverdige. Det første er sant. Det andre er løgn.

DEBATT: Vigselsstriden: Å koke en frosk

Respekt! - skriv dei unge når dei vil gje honnør. Eg nyttar gjerne same ordet: Ha respekt for at orda må uttrykkja ei meining . Det gjer dei ikkje i vår teologiske ny-tale.

Og det vil vi alle få lida for.

egil morland,kirkemøtet,debatt,dagens debatt,dagensdebatt.no,dagensdebatt,meninger,johan haga,eiken,stortinget,helge standal,km17,km2017,kirkemøtet 2017