SEND INN INNLEGG
Våren som ikkje kom
Del
Både Israel og palestinarane fortener fred og respekt for eigen tryggleik. Det vil krevja mykje av alle partar, skriv Karl Johan Hallaråker.

Midtaus­ten er fram­leis  ein smerte­full re­gion. Bor­gar­kri­gen i Syria held fram med store øy­de­leg­gjin­gar og ufat­te­le­ge li­din­gar og tap av liv.

Pre­si­dent Assad og hans statsty­ra­ni skyt­tar in­gen­ting for å halda på makta. Ri­va­li­se­ran­de mus­lims­ke grup­per er visst berre samde om ein ting - pre­si­den­ten skal bort.

Elles er det ri­va­li­se­ran­de makt­kamp og eiga vin­ning som står i fokus hos krigs­her­ra­ne.

Mil­lio­nar av men­nes­ke er på flukt. Li­ba­non som sjølv berre ut­gjer fire og ein halv mil­lion inn­byg­gja­rar, har teke imot over ein mil­lion frå det krigs­her­ja nabo­lan­det. Euro­pa har mykje å gå på.

Hjelpe­or­ga­ni­sa­sjo­nar gjer også ein fa­bel­ak­tig inn­sats for å hjel­pa. Men det er eit tanke­kors at det in­ter­na­sjo­na­le sam­fun­net ikkje grei­er å gjera meir for å berga fol­ket mot tyr­ra­na­ne.

I Iran ser det ut for at det sjia­mus­lims­ke makt­ap­pa­ra­tet grei­er å halda fol­ket i sitt teokra­tis­ke jern­grep. Dei ser også ut til å auka sin styr­ke og skaf­fa seg plass som ei ny stor­makt i om­rå­det.

Det aukar spen­nin­ga og held oppe trugs­må­let mot Is­rael. Irak fekk hjelp til å bli kvitt dis­po­ten Sadam Hus­sain, men si­tua­sjo­nen med sta­di­ge indre kon­flik­tar og ter­ro­ris­me har vis­se­leg ikkje gjort lan­det tryg­ga­re for folk flest. Ut­vik­lin­ga er hel­ler trist.

Egypt blei kvitt pre­si­dent Barak og hans folk. Det skul­le koma ein ara­bisk vår. Men vår­teik­na har helst ute­blitt. Håpet om de­mo­kra­ti blei snart øy­de­lagd av Det mus­lims­ke bror­ska­pet og deira makt­mis­bruk.

Ann­leis ten­kjan­de ge­ne­relt og ikkje minst krist­ne i lan­det fekk smaka den nye «vår­luf­ta» - for­føl­gjing, fengs­ling og drap. Pre­si­dent Mursi blei valgt i no­ko­lun­de de­mo­kra­tisk valg, men de­mo­kra­ti er ikkje berre fleir­tals­sty­re. De­mo­kra­ti­et har sitt vik­ti­gas­te kjenne­mer­ke i kor­leis ein stel­ler med mindre­tall.

Her stod ikkje Det mus­lims­ke bror­ska­pet sin prøve. (Eg kjen­ner fak­tisk hel­ler ikkje andre mus­lims­ke re­gi­me som be­står «mindre­tall­sprø­ven».)

Dei nye (eller gamle) makt­ha­va­ra­ne i hæren har hel­ler ikkje vist teikn til vår­stem­ning. Deira handle­måte mot med­lem­mer av Bror­ska­pet og andre op­po­si­sjons­grup­per er ikkje ak­sep­tab­le. Egypt ser ut til å vera leng­re frå de­mo­kra­ti enn på lenge. Ut­vik­lin­ga er ikkje lys. Dette er trist i den gamle kul­tur­na­sjo­nen.

Kon­flik­ten mel­lom Is­rael og pa­le­sti­naa­ra­ba­ra­ne er san­ne­leg hel­ler ikkje næ­ra­re løy­sing. Den ame­ri­kans­ke utan­riks­mi­nis­te­ren John Kerry rei­ser nær­ast i skyt­tel­tra­fikk mel­lom ukraina­kri­sa i Euro­pa og Je­ru­sa­lem i Midtaus­ten.

Pre­si­dent Obama og hans folk føl­gjer nær­ast det prin­sip­pet som ame­ri­kans­ke pre­si­den­tar har for vane: I sin siste pe­rio­de skal dei lik­som løysa alle pro­blem.

Men helst renn det ut i san­den. Slik vil det tru­leg gå denne gon­gen. Obama og hans trykk mot Is­rael vil ikkje skapa fred i re­gio­nen. Det vil tru­leg enda som VG skreiv «pro­fe­tisk» i slut­ten av pre­si­dent Clin­ton si tid: «Den eine toppo­li­ti­ka­ren etter den andre rei­ser til Je­ru­sa­lem - og rei­ser heim meir for­vir­ra enn dei kom.» Bill Clin­ton måtte sjølv er­kjen­na før han for­let Det kvite hus om enn med eit sukk: «Eg blir ør i ho­vu­det av Midtaus­ten kon­flik­ten.» Alle som kjen­ner Bi­be­len er ikkje over­ras­ka - det sam­sva­rar godt med ut­seg­na om tumle­sko­la i Sakar­ja 12.

Både Isa­rel og pa­le­sti­na­ra­ne for­te­ner fred og re­spekt for eigen trygg­leik. Det vil krev­ja mykje av alle par­tar. Men hadde ara­ba­ra­ne lært de­mo­kra­ti og prin­sip­pet om makt­for­de­ling og retts­stat av jø­da­ne med ak­sept for Is­rael som jø­disk stat, kan eg ikkje sjå betre veg mot ny og varig vår for heile Midtaus­ten.

Jøde­ha­tet hos ara­ba­ra­ne og islams blin­de kamp og løgn­pro­pa­gan­da vil aldri kunna føra noko godt med seg. Det er her verds­sam­fun­net burde setja inn sin styr­ke. Is­rael kan aldri godta ei freds­løy­sing som oppe­held ved­va­ran­de trugs­mål mot lan­det sin ek­sis­tens.