FORKYNNARAR: Det ville hjelpa godt på om NLA-lærarar verka som forkynnarar rundt om i dei kristne forsamlingane og deltok i den teologiske og ideologiske debatten med utgangspunkt i det Bedehus-Noreg står for. Det kunne skapa tillit. Å teia skaper spørsmålsteikn, skriv Johannes Kleppa. (Illustrasjonsfoto: Tore Hjalmar Sævik)

NLA - bibelsyn og oppgåve

Eg trur ikkje det er økonomiske støtteordningar og med det bindingar til staten som er problemet. NLA står teologisk heilt fritt, berre bunde av formelle krav til kompetanse. Eg trur heller ikkje det er dei akademiske krava som er problemet, også her har NLA fridom.

Med ut­gangs­punkt i Kris­tof­fer Nils­sens inn­legg i Dagen 10. ok­to­ber der han spur­de etter «NLAs rolle og hen­sikt», har det opp­stått ein for­holds­vis om­fat­tan­de de­batt om kva som i teo­lo­gis­ke fag fak­tisk vert lært ved Norsk Læ­rar­aka­de­mi (NLA), kva in­sti­tu­sjo­nen skal stå for og kva rolle han skal ha.

Sjølv om NLA-lei­in­ga (og ei­ga­rar) så langt berre har svart på eit ge­ne­relt nivå, har eg for­stått det slik at dei spørs­må­la og syns­punk­ta som har kome fram, vert tekne på alvor. Difor skal det ar­ran­ge­rast ein fag­dag som tek opp re­le­van­te spørs­mål. Slik si­tua­sjo­nen er, er det heilt nød­ven­dig at saka vert teken på stort alvor av den dag­le­ge lei­in­ga, sty­ret og ei­ga­ra­ne. Der­som det ikkje skjer, kan det få svært ne­ga­ti­ve fyl­gjer for NLA som ein bi­bel­tru in­sti­tu­sjon, og denne si opp­gå­ve med å ut­rus­ta til kris­ten te­nes­te i skule, sam­funn og mi­sjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er vik­tig at det no ikkje berre vert ein ana­ly­se av si­tua­sjo­nen og drøf­ting av ulike stand­punkt, men at det skjer ei fak­tisk av­kla­ring som in­sti­tu­sjo­nen med læ­ra­rar og stu­den­tar kan og må føre­hal­da seg til fram­over. Det må gjevast eit teo­lo­gisk og aka­de­misk rom å ar­bei­da i, men det rom­met må ha veg­ger, som det har golv og tak.

Frå star­ten og fram til no har ikkje dette rom­met vorte de­fi­nert, fordi ein har tenkt at både rom­met og gren­se­ne ligg i ei­gar­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne og det desse står for. Det er ikkje i dag så sjølv­sagt som det var då NLA vart skipa på 1960-ta­let.

Si­tua­sjo­nen på bede­hu­set og i kyr­kja er dra­ma­tisk for­and­ra sidan den tida, ikkje minst er MF som le­ve­ran­dør av teo­lo­gis­ke fag­folk sterkt endra. Føre­set­na­da­ne og dei ytre ramme­vil­kå­ra teo­lo­gisk og ån­de­leg sett er så ann­leis at ein må ten­kja nytt om ram­me­ne for NLA si eiga verk­semd. Dette kan sjølv­sagt ikkje ein avis­de­batt eller ein fag­dag ta seg av, men det kan vera star­ten på eit ar­beid in­ternt ved in­sti­tu­sjo­nen og i dei sty­ran­de or­ga­na, der ein set ned nokre mar­ke­rings­stol­par, dreg nokre grense­li­ner, stikk ut ein kurs og gjev nokre ret­nings­li­ner.

Eg er ser NLA som ein svært vik­tig kris­ten in­sti­tu­sjon, som eg har fylgt gjen­nom snart 40 år som stu­dent, styre­med­lem og på anna vis. Eg er over­tydd om at si­tua­sjo­nen no er slik at det trengst ei kon­so­li­de­ring, kan­skje også ei kor­ri­ge­ring. Eg vil peika på nokre få mo­ment.

1. Bi­bel­syns­mes­sig må det slåst fast at Guds ord er open­ber­ring og er in­spi­rert på ein slik måte at his­to­ri­si­te­ten i GT er på­li­te­leg, altså at det som er for­talt som his­to­rie fak­tisk har hendt - frå ur­his­to­ria, via fedre­his­to­ria, ut­vand­rin­ga frå Egyp­ten til jøde­fol­kets his­to­rie i Is­rael, in­klu­dert det som gjeld dei mange kri­ga­ne. Det bør også gje­rast klart at Bi­be­len skal le­sast som eit heile, og tol­kast ut frå seg sjølv med Kris­tus som stjer­ne og kjer­ne.

Ut frå eit slik grunn­syn vil det vera rom for ny­an­sar i bi­bel­syn og i tol­king av ulike teks­tar. No sy­nest det sær­leg å stå om his­to­ri­si­te­ten i GT.

2. Det er inn­ly­san­de at NLA som høg­sku­le skal dri­vast som ein aka­de­misk in­sti­tu­sjon, og med det ut frå aka­de­misk fri­dom i fors­king og un­der­vis­ning. Dette må like fullt hal­dast saman med in­sti­tu­sjons­fri­do­men, altså den ret­ten som ligg i ånds­fri­do­men til å reisa og driva in­sti­tu­sjo­nar på eit de­fi­nert ideo­lo­gisk (teo­lo­gisk) grunn­lag - med til­sva­ran­de føre­mål og krav til læ­ra­ra­ne.

For nokre år sidan vart det laga ei of­fent­leg ut­grei­ing om aka­de­misk fri­dom, der NLA-pro­fes­sor Gun­hild Hage­sæt­her var med. Denne ut­grei­in­ga var vik­tig med tanke på frie, verdi­ba­ser­te in­sti­tu­sjo­nar, og ho kan danna ut­gangs­punk­tet for NLA si ten­king på dette om­rå­det. Då kan ein koma godt til rette med dei aka­de­mis­ke krava hald­ne saman med den bi­bels­ke for­plik­tin­ga. For NLA må det i siste in­stans uan­sett vera den bi­bels­ke for­plik­tin­ga som har siste ordet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er teo­lo­gis­ke in­sti­tu­sjo­nar på hø­ga­re aka­de­misk nivå in­ter­na­sjo­nalt som kjem til meir «fun­da­men­ta­lis­tis­ke» teo­lo­gis­ke re­sul­tat enn det NLA gjer. Dette har med kva bi­bel­syn og teo­lo­gi­syn ein ar­bei­der ut frå, ikkje ut frå kva aka­de­misk nivå ein ligg på. Dette bør klar­gje­rast på in­sti­tu­sjons­nivå.

3. Det er inn­ly­san­de at det er for­skjell på ka­te­te­ret i eit aka­de­misk au­di­to­ri­um og ein ta­lar­stor i den krist­ne for­sam­lin­ga. På ka­te­te­ret ar­bei­der ein i stor grad ana­ly­se­ran­de og drøf­tan­de, medan ein på ta­lar­sto­len er meir pro­kla­me­ran­de. Eit teo­lo­gisk ka­te­ter skal då bidra til å leg­gje eit gjen­nom­tenkt fun­da­ment for det som vert for­kynt frå ta­lar­sto­len. Det in­ne­ber at san­nin­ga må vera den same begge plas­sar.

Det in­ne­ber også at den drøf­tin­ga som skjer i au­di­to­ri­et har ei ret­ning og ein kon­klu­sjon som sva­rar til det som skal pro­kla­me­rast frå ta­lar­sto­len. Berre då ut­rus­tar au­di­to­ri­et til te­nes­te i den krist­ne for­sam­lin­ga. Der­som stu­den­ta­ne opp­le­ver at dei ikkje får slik hjelp, eller der­som nokre vert uskik­ka til te­nes­te gjen­nom teo­logi­stu­di­et, er det heile for­fei­la. Då ligg pro­ble­met i in­sti­tu­sjo­nen, ikkje hjå stu­den­ten. Dette må NLA pre­si­se­ra og slå fast.

4. NLA har ein breid­de i ei­gar­or­ga­ni­sa­sjo­nar, men då NLA vart skipa, vart breid­da av­gren­sa til lek­manns­rørs­la med sin vek­kings­kris­ten­dom, sitt låg­kyr­kje­le­ge syn og sin evan­ge­lisk-lu­thers­ke iden­ti­tet - rett nok med visse ny­an­sar. Dette skul­le også vera ut­gangs­punk­tet for ar­bei­det ved NLA og NLA skul­le tena dette. Ut frå det vart også læ­rar­kref­te­ne re­krut­ter­te. Dette er i dag ei stør­re ut­ford­ring enn før, fordi det er ikkje over­flod av folk å henta til aka­de­mis­ke stil­lin­gar frå Bede­hus-Noreg. Når ein så hen­tar folk med bak­grunn i Den nors­ke kyr­kja og frå MF-mil­jø­et, opp­står det lett ein av­stand til det kris­ten­fol­ket som er NLA sin basis.

Dette er ei ut­ford­ring som det er svært vans­ke­leg å koma til rette med, men det er noko som NLA sine til­set­tings­or­gan, og like mykje NLA-læ­ra­ra­ne, må vera seg svært med­vit­ne, om dei vil ha si te­nes­te her. Det ville hjel­pa godt på om NLA-læ­ra­rar verka som for­kyn­na­rar rundt om i dei krist­ne for­sam­lin­ga­ne og del­tok i den teo­lo­gis­ke og ideo­lo­gis­ke de­bat­ten med ut­gangs­punkt i det Bede­hus-Noreg står for. Det kunne skapa til­lit. Å teia ska­per spørs­måls­teikn.

For å sum­me­ra, så trur eg ikkje det er øko­no­mis­ke støtte­ord­nin­gar og med det bin­din­gar til sta­ten som er pro­ble­met. NLA står teo­lo­gisk heilt fritt, berre bunde av for­mel­le krav til kom­pe­tan­se. Eg trur hel­ler ikkje det er dei aka­de­mis­ke krava som er pro­ble­met, også her har NLA fri­dom. Der­som det er det aka­de­mis­ke som er pro­ble­met, må det vera fordi ein har for­stått sin aka­de­mis­ke rolle på ein bi­bel­for­plik­ta in­sti­tu­sjon feil. Pro­ble­met ligg i spørs­må­la om bi­bel­syn og teo­lo­gisk pro­fil.

Her trengst det ei in­sti­tu­sjo­nell av­kla­ring, og så må til­set­te føre­hal­da seg til det - som ei­ga­ra­ne, mi­sjons­fol­ket og ak­tu­el­le stu­den­tar må gjera det. Eg vonar ei slik klar­gje­ring kjem, og at ho er slik at NLA for fram­ti­da kan vera det in­sti­tu­sjo­nen vart skipa for.

Johannes Kleppa

Bergen

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
- Behold hvilepulsen i bibeldebattenBibelsyn
Les også
Gir rom for breidde i bibelsynNLA Høgskolen
Les også
Om akademi og bibelsynAlf Danbolt