SEND INN INNLEGG
Når skal Israel få fred?
Del
Mens grupperinger på venstresiden lenge har tatt til orde for bred boikott av Israel, har kirkelige aktører stort sett nøyd seg med å gå inn for boikott av varer produsert på Vestbredden. Norges KFUK-KFUM mener de tjener fredens sak ved å gå et skritt lenger.

Igjen har vi fått ne­ga­ti­ve sym­bols­ke an­grep på Is­rael. KFUK/KFUM opp­mo­dar til ikkje å kjøpa is­ra­els­ke varer. Med det går dei eit steg len­ger enn Den nors­ke kyr­kja, som ikkje vil kjøpa varer pro­du­ser­te i dei så­kal­la ok­ku­per­te om­rå­da.

Denne opp­mo­din­ga har vakt re­ak­sjo­nar. Til og med bis­ko­par som elles ut­tryk­kjer stor sym­pa­ti med pa­le­sti­na­ra­ne, set med rette foten ned og kri­ti­se­rer ut­spe­let.

Det har nem­leg berre ne­ga­ti­ve kon­se­kven­sar både for dei som ein ønskjer å støt­ta, så vel som hjelp til å løysa kon­flik­ten mel­lom par­ta­ne. Dei ein­as­te som får «medi­sinsk» hjelp av dette, er dei som føler at dei har gjort noko for å hjel­pa sine ven­ner.

Fruk­ta for det pa­le­stins­ke folk om boi­kot­ten skul­le få ef­fekt, er tap av ar­beids­plas­sar og med det inn­tek­ter både til fa­mi­li­en og sam­fun­net si fel­les­kas­se. Ein kan spør­ja om ein slik po­li­tikk er fram­tids­ret­ta?

Fruk­ta for kon­flikt­løy­sin­ga er - om det ikkje uven­ta ut­spe­let frå KFUK/KFUM i det heile blir re­gist­rert - at fron­ta­ne blir enno har­da­re og vegen til løy­sing blir enno len­ger.

Fab­rik­ken SodaStre­am er ei av dei be­drif­te­ne som ligg på den så­kal­la Vest­bred­da. Her ar­bei­der jødar og pa­le­sti­naa­ra­ba­ra­rar (som mange andre sta­der) side om side.

Dei har god løn, og ar­beids­plas­sa­ne ska­per møte­plas­sar som byg­gjer re­la­sjo­nar mel­lom to folk og mel­lom ulike re­li­gio­nar. Men boi­kot­tast skal dei, fordi det er i pakt med den nors­ke krist­ne ung­doms­or­ga­ni­sa­sjo­nen sin sjølv­me­di­sin. For­stå det den som kan.

Boi­kot­ten blir kalla vel­meint. Ein ønskjer utvil­samt å hjel­pa sine ven­ner og med det også ramma dei som ein mei­ner har skul­da for pro­ble­ma.

Til det er det flei­re ting å seia: Ingen bør be­brei­dast for å visa venn­skap med det hardt treng­te pa­le­stins­ke fol­ket. Ingen bør kri­ti­sera dei som stil­ler opp for pa­le­sti­na­ra­ne.

Det er mange spøs­mål som treng po­li­tisk løy­sing og vilje til kom­pro­miss. Det in­klu­de­rer også Is­rael. Is­rael har med­an­svar for å med­ver­ka til løy­sin­gar som kan gje folk fram­tid og håp i eit om­rå­de dei har budd i år­hund­re. Men det har san­ne­leg også den andre sida og deira in­ter­na­sjo­na­le støtte­spe­la­rar.

Vil ein hjel­pa det pa­le­stins­ke fol­ket, har ein mykje å gjera i møte med kren­kin­ga av men­neske­ret­ta­ne som skjer i dette om­rå­det, og ikkje minst kor­rup­sjo­nen, og pro­pa­gan­da­en og for­her­leg­gje­rin­ga av sjølv­mords­bom­ba­rar som blen­der deira unge.

Dei som føl­gjer med i dei pa­le­stins­ke sty­res­mak­te­ne sin media­pro­pa­gan­da, ser kor­leis si­tua­sjo­nen ver­ke­leg er. Det skjer fak­tisk ei sys­te­ma­tisk kren­king av det jø­dis­ke fol­ket og opp­byg­ging av hat mot jø­da­ne.

Det er eit gamalt ut­trykk som seier at ein først bør feia for eiga dør, før ein feier for andre si. Her har ty­de­leg KFUK/KFUM litt å læra sine ven­ner.

KFUK/KFUM, som har gode kon­tak­ter i det pa­le­stins­ke mil­jø­et, opp­mo­dar eg til å bruka po­si­sjo­nen sin til å på­ver­ka dei til å endra denne hat­pro­pa­gan­da­en.

Det vil vera eit stort freds­bi­drag. Eit anna stort kom­pleks er det pa­le­stins­ke og mus­lims­ke dob­belt­språ­ket. Vi kjen­ner det frå his­to­ria og Ara­fat sitt ��meis­ter­verk» - han sa noko i Ves­ten, noko anna til sine eigne.

Ves­ten ser ut til å lita på at Fat­hah-rørs­la sin leiar Mah­moud Abbas vil fred med Is­rael. Hamas i Gaza og His­bol­lah i Li­ba­non er dei styg­ge som vil ha Is­rael på sjøen. San­nin­ga er at dei po­li­tisk lei­an­de rundt Is­rael ikkje an­er­kjen­ner Is­rael som jø­disk stat.

Vil KFUK/KFUM med­ver­ka til fred, er det betre om dei star­tar her med å leg­gja press på sine ven­ner i sta­den for å sver­ta det freds­sø­kan­de de­mo­kra­ti­et i om­rå­det.

Boi­kott av Is­rael er trist til alle tider. Det er eks­tra trist i ju­bi­le­ums­året for den nors­ke grunn­lova. Vi tak­kar Gud for lan­det og de­mo­kra­ti­et. Men vi løy­ner ikkje den førs­te grunn­lova sin skam­plett- pa­ra­graf som til 1851 held jø­da­ne borte frå lan­det vårt. Jøde­ha­tet treng ikkje nye for­mer anno 2014!