Meir profeti, takk, ikkje mindre

Det å ta eit oppgjer med profeti som form, må vera eit blindspor.

Etter Oase har det føre­gått ein de­batt om pro­fe­ti i den krist­ne pres­sa. Eg er redd at denne skep­si­sen til pro­fe­ti som «sjan­ger» vil gjera mange redde for å bera fram ord frå Gud til andre. Alle ær­lege krist­ne ønskjer for all del ikkje å vera fals­ke pro­fe­tar. Gud fri oss frå slikt.

Fals­ke pro­fe­tar får ein ublid lag­nad, seier Jesus. Der­med legg Guds barn band på seg, og de­bat­ten tener til å stop­pa noko som apos­te­len Pau­lus ty­de­leg­vis gjer­ne ville ha meir av i kyr­kje­ly­da­ne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han skreiv jo vit­ter­leg til ko­rin­ta­ra­ne at han ønsk­te at alle kunne tala pro­fe­tisk. Me får tru at han då også ut­tryk­te noko som ligg Gud sjølv på hjar­ta. Og Moses sa jo for sin del også noko lik­nan­de: «Gje alt Her­rens folk var pro­fe­tar!».

Altså: Ikkje mind­re pro­fe­ti, men meir. Det er det som ligg Gud på hjar­ta, ser det ut for.

Det å ta eit opp­gjer med pro­fe­ti som form, må vera eit blind­spor. På Oase føre­gjekk dette opp­gje­ret mer­ke­leg nok i pro­fe­tisk form. Den som gjor­de dette ut­tryk­ker seg slik. Det var noko Gud la på henne - noko ho na­tur­leg­vis burde delt med Oase-lei­in­ga før ho entra ta­lar­sto­len.

I Bi­be­len finn me også mykje av at sanne pro­fe­tar tek eit opp­gjer med dei fals­ke. Men noko er ulikt. Medan ho som talte på Oase kri­ti­ser­te for­men, og måten ting vert prak­ti­sert på, kri­ti­se­rer Bi­be­lens sanne pro­fe­ter inn­hal­det i pro­fe­ti­ane frå dei fals­ke. Og med re­spekt å melda må jo det vera meir in­ter­es­sant og rett enn å kri­ti­sera pro­fe­ti­en som form og fe­no­men.

Eg har vore pas­tor i mange år og har lang farts­tid. Og eg vil gjer­na ha sagt: Meir pro­fe­ti, takk. Måtte alle tala pro­fe­tisk. Det hadde vore fint. Då ville kyr­kje­ly­den bli fint opp­bygd. I alle fall der­som me skal tru Bi­be­len. Ja, men kva om det kom noko som ikkje hadde sitt opp­hav i Gud? Ja, så får me ta det når det kjem. Det må då vera ein grunn til at Gud også gjev gåva til å prøva ånder til kyr­kja si.

Men det er noko eg vil ha mind­re av i kyr­kje­ly­den, og det er lun­ken­heit, reds­le for å dela, makt­sy­kja, mindre­verds­kjens­le, bak­tale, mis­un­ning, ri­va­li­se­ring, have­sju­ke, tung­sinn og meir slikt som også pro­fe­ta­ne, Jesus og apost­la­ne også åt­va­ra mot. Og der­som me kan retta kri­gen mot det vonde, og opp­munt­ra det gode - og pro­fe­ti er eit stort gode, då ville me etter mitt hovud be­ve­ga oss på rett kurs.

Jens Thoresen

pastor i Kristkyrkja på Stord

Les også
Menigheter lover bort profetierProfetistriden i Oase
Les også
Advarer mot spådomskunsterProfetistriden i Oase
Les også
Kritikkens nådegave