ÅNDSVERK: Utdrag fra brevet fra Utdanningsdirektoratet. MIFF mener utdragene fra eksamensbevarelser holder seg innenfor sitatretten, og at de er viktige for samfunnsdebatten.

MIFF og sitatretten

Frå eit mediejuridisk synspunkt ville det vore av stor interesse å få denne saka prøvd for retten. Så eg vil oppfordra Utdanningsdirektoratet om å ta steget heilt ut og ikkje berre koma med ein refs, skriv Terje Skjerdal.

Utdanningsdirektoratet refsar Med Israel for Fred (MIFF) for å gjengje delar av svaret til elevar på den mykje omtala eksamensoppgåva om Betlehem og Gaza (Dagen 7. juni 2014).

Les også: MIFF får kjeft etter publisering av eksamensbesvarelser

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Utdanningsdirektoratet har rett når det går ut frå at eit eksamenssvar skal reknast som eit åndsverk, og at teksten til eleven i utgangspunktet er verna av åndsverklova.

Det stemmer òg at den såkalla sitatretten som er heimla i § 22 i lova berre gjeld åndsverk som er offentleggjorde, og at ein difor ikkje kan bruka denne paragrafen for å publisera sitat frå ei eksamensoppgåve som ikkje tidlegare er offentleggjort.

Men det er ikkje dermed sagt at MIFF har gjort noko straffbart.

Etter mitt syn er det god grunn for å anta at MIFF hadde rett til å sitera frå desse eksamenssvara, ikkje minst for å visa kva utslag den omdiskuterte eksamensoppgåva har fått i praksis.

For at MIFF skal bli funne rettsleg ansvarleg, er det ein rimeleg føresetnad at opphavsmannen (eleven) står i risiko for økonomisk tap eller omdømesvikt ved urettmessig publisering. Det er neppe tilfelle her.

40 000 elevar har svara på oppgåva, og mange av svara liknar truleg på kvarandre. Utdraga som MIFF har gjort, er å rekna som eksempel som ikkje vil gå utover nokon enkeltelev. Elevane er heller ikkje namngjevne.

Sitering frå ikkje offentleggjorde åndsverk er ikkje uvanleg. Det mest nærliggjande dømet i dette tilfellet er populærbøker som består av samlingar av morosame setningskonstruksjonar frå skuleeksamenar og elevoppgåver, der eg tvilar på at elevar alltid har gjeve sitt samtykke.

Eg kan ikkje hugsa å ha sett Utdanningsdirektoratet koma med refs mot slike bøker (direktoratet får korrigera om dette er feil!).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom det berre er MIFF som har fått akkurat denne kritikken, skin det vel gjennom at direktoratet i denne saka er meir oppteke av å forsvara seg mot kritikken av den omdiskuterte eksamensoppgåva enn å stå opp for elevane sin åndsverkrett.

Men frå eit mediejuridisk synspunkt ville det vore av stor interesse å få denne saka prøvd for retten. Så eg vil oppfordra Utdanningsdirektoratet om å ta steget heilt ut og ikkje berre koma med ein refs.

Les også
Avdelingsredaktøren
Les også
MIFF får kjeft etter publisering av eksamensbesvarelser
Les også
Sitater fra Dagen.no-debattenDebatt på Dagen.no