Lat oss få vie homofile

For den opp­vek­san­de ge­ne­ra­sjon er det uten­kje­leg at ho­mo­fi­li nokon gong har vore for­bo­de, skriv fem teologistudentar.

Skrevet av Mario Liavåg (Møre bispedømme), Marte B. Åsen (Bjørgvin), Kristian Myhre (Møre), Mailiss Solheim (Bjørgvin), Anders Hove (Bjørgvin), alle teologistudentar ved Det teologiske Menighetsfakultet

---------------------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I fem år har ho­mo­fi­le par kunne inn­gått ek­te­skap i sta­ten Noreg. No vil Den nors­ke kyr­kje av­kla­re for­hol­det sitt til den in­klu­de­ran­de ek­te­skaps­lova av 2009. Vi har venta lenge. Vi vil vie ho­mo­fi­le. For den opp­vek­san­de ge­ne­ra­sjon er det uten­kje­leg at ho­mo­fi­li nokon gong har vore for­bo­de.

Hald­nin­ga over­for ho­mo­fi­le har de­fi­ni­tivt endra seg til det betre sidan av­kri­mi­na­li­se­rin­ga i 1973. Det gjeld ikkje minst i Den nors­ke kyr­kje (Dnk), som sidan 2007 for­melt har hatt to like­stil­te syn på ho­mo­fi­li. I vår ut­tal­te fleir­ta­let av bis­ko­pa­ne, nær­ma­re be­stemt 2/3 av Bispe­mø­tet, at det ikkje er noko lære­mes­sig i vegen for at to av same kjønn skal få inngå ek­te­ska­pet i Dnk.

Det er der­med ikkje sagt at de­bat­ten er død. Som teo­logi­stu­den­tar ved Det teo­lo­gis­ke Me­nig­hets­fa­kul­te­tet har vi lyst til å dele eit par re­flek­sjo­nar. Tra­di­sjo­nelt sett har Bi­be­len vore frems­te rei­skap i ar­gu­men­ta­sjo­nen mot å vie to per­son­ar av same kjønn. Dette tyk­kjer vi det ikkje er grunn til. Tyder det at vi kas­tar Bi­be­len over bord? Er den ikkje ein­ty­dig i sin om­ta­le av ho­mo­fi­li? Er ikkje Skrif­ta len­ger den øvste auto­ri­tet i lære­spørs­mål i Den nors­ke kyr­kje?

For det førs­te hand­lar ikkje dette om kven som les mest i Bi­be­len. Skrif­ta har all­tid vore gjen­stand for fors­king og vorte tolka ulikt til ulike tider. Vi vil all­tid lese Bi­be­len med ut­gangs­punkt i vår eiga kon­tekst, og bør vere merk­sa­me på at Bi­be­len vart skri­ve i ei heilt anna ei. Det er uklokt å lese Bi­be­len ukri­tisk. Vi kan ikkje lese blindt det som står der, så vi ikkje ser kva den vil vise oss.

Dess­utan er ikkje teo­lo­gi ein kon­stant stor­leik. Med bi­bels­ke teks­tar for­svar­te kyr­kje­leia­rar sla­ve­ri­et, mein­te at kvin­ner skul­le un­der­ord­ne seg man­nen og nekta kvin­ner å ar­bei­de som pres­tar fram til midt­en av førre hundre­år. Slik er det ikkje len­ger. Det er med andre ord ikkje førs­te gong kyr­kja end­rar opp­fat­ning og teo­lo­gi. Og takk og lov for det!

Kva med Pau­lus? Når det gjeld teks­ta­ne hans som om­hand­lar sek­su­el­le hand­lin­gar, er det lite tru­leg at Pau­lus held seg til ho­mo­fil kjær­leik. Der­med vur­de­rer vi det til at Pau­lus ikkje tek stil­ling til det vi de­bat­te­rer i dag, om to men­nes­ke av same kjønn som els­kar kvar­and­re og tru­fast vil stå ved kvar­and­re si side livet ut. Der­for tyk­kjer vi det vert vans­ke­leg å bruke desse teks­ta­ne som ar­gu­ment mot det vi i dag kjen­ner som ho­mo­fil kjær­leik.

Det hand­lar om kva pre­miss, eller tol­kings­nøk­kel ein legg til grunn for å lese, og for­stå Bi­be­len. Vår tol­kings­nøk­kel til å lese Bi­be­len er Guds ra­di­ka­le kjær­leik til alle men­nes­ke, det er også det vi for­står Bi­be­len opp­mo­dar oss til å dele, og å vise andre. Der­for blir det for oss feil å nekte to som ønskjer å vise kvar­and­re denne kjær­lei­ken og dele den livet ut å få gjere dette.

En­kel­te hev­der at vi for­kas­ter Bi­be­lens ek­te­skaps­for­stå­ing der­som vi går inn for like­kjøn­na ek­te­skap. I beste fall er det ei mis­for­stå­ing. Ein kan ikkje sa­man­lik­ne ek­te­ska­pet slik det er i dag med kor­leis det var på ny­tes­ta­ment­leg tid. Då var inn­gå­ing av ek­te­skap ei sak mel­lom brud­gom­men og bruda sin far, even­tu­elt mel­lom dei to fa­mi­li­ane. Det vart satt ein spe­si­fikk pris på den ko­man­de bruda som vart lova bort til ein fram­ti­dig ekte­mann. Dess­utan var ek­te­ska­pet i stor grad prega av kjønns­rolle­hie­rar­ki der kvin­na skul­le un­der­ord­ne seg man­nen i eitt og alt. Ei slik ek­te­skaps­for­stå­ing har vi gått bort frå for lengst. I dag er sam­li­vet fri­vil­lig, like­stilt og bygd på kjær­leik mel­lom to auto­no­me men­nes­ke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med tanke på at DnK ope­re­rer med to like­stil­te syn på ho­mo­fi­li tyk­kjer vi det er noko un­der­leg at pres­tar fram­leis blir nekta å vie ho­mo­fi­le. Vi er heilt på linje med alle bis­ko­par, samt Kyr­kje­rå­det, om at ulikt syn på ho­mo­fi­li ikkje er kyr­kje­split­tan­de. Kor­leis kan kyr­kja då nekte pres­tar å vie to per­son­ar som els­kar kvar­and­re og ønskjer å stå tru­fast ved kvar­and­re si side livet ut?Vår mel­ding til Kyr­kje­mø­tet er klart: Vi vil vie ho­mo­fi­le!

Klikk for å endre tekst

EkteskapMario Liavåg (Møre bispedømme)Marte B. Åsen (Bjørgvin)Kristian Myhre (Møre)Mailiss Solheim (Bjørgvin)Anders Hove (Bjørgvin)alle teologistudentar ved Det teologiske Menighetsfakultet

Les også
Vil vurdere å frasi seg vigselsretten