Det å lesa og tolka Guds ord ut frå sin samanheng er viktig. Det gjev bibelordet den rette forståinga og den rette tyngda, skriver Johannes Kleppa.

Bibelcamp – Israels eksil og profetane

Det kan seiast mykje om dagens ferie- og fritidskultur, og denne har mange negative trekk ved seg åndeleg sett. Men med tanke på det som skjer i Kristen-Noreg på sommartid, er det mykje positivt å seia.

Det skjer mykje i Kristen-Noreg om sommaren i landet vårt no for tida. Det er arrangement for alle aldersgrupper og av alle typar.

Ved at ferie- og fritidskulturen både har endra seg og auka kolossalt dei seinare åra, har også det kristne Sommar-Noreg endra seg nesten tilsvarande. Det kan seiast mykje om dagens ferie- og fritidskultur, og denne har mange negative trekk ved seg åndeleg sett, men med tanke på det som skjer i Kristen-Noreg på sommartid, er det mykje positivt å seia.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For min del er eg denne veka på «Bibelsommar i Vest» på Lyngmo i Sogn. Her er fullt hus, folk i alle aldrar og frå heile landet.

Det er mange barnefamiliar og mykje ungdom. Opplegget er slik at delar skjer felles og for alle, og anna er oppdelt ut frå alder og interesser. Det sosiale med ulike aktivitetar er viktig, men forkynninga og det åndelege fellesskapet er dreiepunktet i opplegget.

Sjølv har eg bibeltimar om «Profetane og lærdommar frå Israels eksil i Babylon».

Parallelt med bibeltimane er det opplegg for barn frå 12 år og nedover.

Tenåringane og dei unge er med på bibeltimane. På kveldsmøta er alle med på alt.

Dette trur eg er eit godt opplegg ved at alle med det får noko som er tilpassa sitt nivå, samstundes som alle får vera med i det store fellesskapet, og borna lærer seg å høyra Guds ord forkynt.

På samlingar av denne typen er det viktig at noko av forkynninga er oppbyggeleg og vekkingsprega, og det er naturleg at dette har hovudtyngda på kveldsmøta. Anna bør vera meir læremessig og i undervisningsform som bibeltimar, gjerne på føremiddagen. I tillegg er det naturleg med seminar om aktuelle spørsmål.

Israels eksil i Babylon var viktig av mange grunnar, og det er mykje lærdom å henta frå det. Det står i ein åndeleg samanheng i Israels historie som vi kan aktualisera på vår tid og ta lærdom av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dessutan er det slik at alle profetane frå Jesaja til Malaki står i eit aller anna forhold til dette eksilet. Skal vi få fullt utbytte av å lesa profetbøkene, er det viktig at vi les dei i den samanhengen dei er skrivne i. Då heng ikkje stoffet i lause lufta, men det får eit utgangspunkt som gjer det enda sterkare når vi aktualiserer det inn i vår tid og tek det til oss på det personlege planet.

Det å lesa og tolka Guds ord ut frå sin samanheng er viktig. Det gjev bibelordet den rette forståinga og den rette tyngda.

Profetane forkynte både dom og frelse inn i Israels liv. Vi ser også korleis begge delar gjekk i oppfylling, men nokre av lovnadene står enda att å oppfylla. Dette gjeld delvis lovnader til Israel og delvis lovnader knytt til endetida og den evige frelsa. Poenget er at slik Gud har oppfylt sitt ord, slik vil han til sist oppfylla alt. Gud viste seg i den gamle pakts tid som historia sin herre, og som den trufaste som vaker over Ordet sitt, og oppfyller det. Slik vil han vera til all tider.

Les også
– Dette er den største trusselen mot Kristen-NorgeNorske hytter
Les også
Den største synden og hindringen?
Les også
Oss selv nok
Les også
En av tre nordmenn gir bort feriepengerGAVEGALLUP
Les også
Nordmenn bruker mest på ferie