Glimrande om bibelsyn og evolusjon

Det er imponerande kva dei tre unge forfattarane har sett seg inn i, den argumentasjonen dei fører og den bibelforpliktinga dei viser, skriv Johannes Kleppa.

I det siste har det kome flei­re bøker frå kris­tent hald om ska­ping og evo­lu­sjon, tru og vit­skap eller der slike ele­ment er del av ein stør­re sa­man­heng.

Eg har lese flei­re av desse, og eg sy­nest sær­leg det som er teo­lo­gisk ba­sert, har ein tendens til ikkje å ta evo­lu­sjons­læra fullt på alvor etter sin ka­rak­ter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vert helst ei evo­lu­sjons­ten­king som er til­pas­sa ei kris­ten ska­pings­ten­king, altså at Gud sty­rer ut­vik­lin­ga på eit eller anna vis.

Pro­ble­met er at det er ikkje ein slik evo­lu­sjons­te­ori som dan­nar pre­mis­sa­ne for dar­wi­nis­men, og som er den ut­vik­lings­læra som barna lærer i sku­len og som do­mi­ne­rer i media.

Den ge­nui­ne evo­lu­sjons­læra er ba­sert på det til­fel­di­ge og på den ster­kas­te sin rett, ikkje på Gud. Ho er som vit­skaps­te­ori eit ate­is­tisk al­ter­na­tiv til all ska­pings­lære, i vår sa­man­heng til kris­ten ska­pings­tru.

His­to­risk på­li­te­leg

Denne boka tek både evo­lu­sjons­læra og ska­pings­læra på alvor, som ho tek na­tur­vit­ska­pen og bi­bel­sy­net på alvor. Dess­utan er ho lett skri­va og godt pe­da­go­gisk til­rette­lagt.

Fram­stil­lin­ga er ba­sert på eit bi­bel­syn som seier at alt i Bi­be­len er Guds ord og fullt tru­ver­dig.

Det in­ne­ber også at Bi­be­len er his­to­risk på­li­te­leg og talar sant om det som vert sagt som har na­tur­vit­skap­le­ge im­pli­ka­sjo­nar. Dette gjer at ur­his­to­ria vert for­stått som sann his­to­rie, og at ska­pings­for­tel­jin­ga for­tel kor­leis ska­pin­ga fak­tisk skjed­de. For­fat­ta­ra­ne ar­gu­men­te­rer sterkt for ska­ping på seks dagar a 24 timar og ei ung jord, altså at jorda er om­trent 6000 år gamal, slik vi kan rekna oss til ut frå slekts­tav­le­ne.

Sak­le­ge og of­fen­si­ve

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For­fat­ta­ra­ne gjer ty­de­leg og fri­mo­dig greie for sin eigen stå­stad, for sin vur­de­ring og for sine kon­klu­sjo­nar.

Dei gjer sam­stun­des greie for dei pre­mis­sa­ne som ligg til grunn for og den ar­gu­men­ta­sjo­nen som vert ført for evo­lu­sjons­læra, både na­tur­vit­skap­leg og fi­lo­so­fisk. Eg sy­nest dei kjem godt ut av dette, og at dei har ein god kom­bi­na­sjon av å vera sak­le­ge og of­fen­si­ve.

På na­tur­vit­skap­le­ge pre­mis­sar

For­fat­ta­ra­ne fører ein to­si­dig ar­gu­men­ta­sjon mot evo­lu­sjons­læra. Ut frå sin stå­stad i til­lit til Guds ord, også i det som vert lært om ska­pin­ga, går dei i rette med ei fi­lo­so­fisk og ate­is­tisk ba­sert evo­lu­sjons­ten­king.

Dei på­vi­ser her også dei kol­li­sjo­na­ne som ideo­lo­gisk sett ligg mel­lom kris­ten ska­pings­lære og ate­is­tisk (eller ag­nos­tisk) ba­sert evo­lu­sjons­ten­king. I til­legg går dei mot evo­lu­sjons­læra på hen­nar na­tur­vit­skap­le­ge pre­mis­sar, i det dei viser kor umog­leg eller usann­syn­leg denne læra er ut frå dei na­tur­vit­skap­le­ge fakta.

Desse stem­mer mykje betre med det Bi­be­len lærar om ska­pin­ga og synde­floda.

Strekk ikkje all­tid til

På den andre sida er for­fat­ta­ra­ne på ingen måte blin­de for dei pro­ble­ma som lo­gisk og for­nufts­mes­sig ligg i den bi­bels­ke ska­pings­læra, og i na­tur­vit­skap­leg kunn­skap opp mot denne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her går dei kon­kret til verks og tek opp stort og smått som det vert stilt spørs­mål om og ved. Til tider gjev dei gode svar, og andre gon­ger skis­ser dei ulike løy­sin­gar utan å kon­klu­de­ra med ein fasit.

Det er ikkje alt Gud har open­ber­ra for oss, og det er ikkje all­tid vår kunn­skap strekk til. Po­en­get er å visa at det er mog­le­ge løy­sin­gar på det meste.

Ung jord

Det er im­po­ne­ran­de kva dei tre unge for­fat­ta­ra­ne har sett seg inn i, den ar­gu­men­ta­sjo­nen dei fører og den bi­bel­for­plik­tin­ga dei viser. Sjølv fyl­gjer eg dei i det aller meste.

Rett nok er eg noko usik­ker på om det er rett og nød­ven­dig å vera så ab­so­lutt i spørs­må­let om ei ung jord. Det kan vera at star­ten av ska­pings­for­tel­jin­ga og slekts­tav­le­ne sin ka­rak­ter kan opna for eit noko leng­re per­spek­tiv.

Der­imot er det av­gje­ran­de vik­tig å halda fast på det ab­so­lut­te i ska­pin­ga og det his­to­risk i ur­his­to­ria, det viser NT og sjøl­ve frel­ses­ver­ket.

Ikkje Lunde eller Lu­ther

Det und­rar meg at boka ikkje er komen ut på Lunde eller Lu­ther, men på Her­mon - sjølv om Her­mon for­te­ner hon­nør for å gje ut denne typen lit­te­ra­tur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er li­ke­vel uhel­dig om det berre vert Her­mon som gjev ut evo­lu­sjons­kri­tisk lit­te­ra­tur. Eg har ikkje føre­set­na­der til å vur­de­ra alle dei na­tur­vit­ska­pe­le­ge syns­punk­ta og de­tal­ja­ne i boka, men det over­ord­na syns­punkt ut frå eit bi­bel­for­plik­ta bi­bel­syn og kris­ten ska­pings­lære er i alle fall på­li­te­leg.

Eg vonar sær­leg for­kyn­nar, ung­doms­lei­ar, læ­ra­rar og for­eld­re vil nytta seg av den bi­bel­fun­der­te hjel­pa dei her får til kris­ten ten­king.

Om boken:

Forfattere: Andreas Årikstad, Jogeir Lianes og Johan Samuel Årikstad-Nielsen

Tittel: Skapelse og/eller evolusjon - hva sier Bibelen?

Forlag: Hermon 2014

Antall sider: Hft. 255 sider