Forvirringa veks i ekteskaps- og vigselsaka

Det er i røynda berre ei utsetjing av det formelle i saka, og samstundes ei forverring av realitetane, skriv Johannes Kleppa

Kyr­kje­mø­tet (KM) klar­te ikkje gjera noko ved­tak i saka om ek­te­skaps­for­stå­ing og li­tur­gi for «vig­sel» eller for­bøn for like­kjøn­na par.

Med det er saka for­melt sett som ho var før møtet, men reelt sett er det skapt enda stør­re for­vir­ring enn før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rea­li­te­ta­ne talar langt ster­ka­re enn for­ma­li­te­ta­ne, same kor for­mell KM er i si hand­sa­ming av denne som andre saker.

I saka vart det fremja fem for­slag, og berre eitt av dei fekk fleir­tal. Mot to røys­ter vart det ved­te­ke at ulikt syn på like­kjøn­na eller he­te­ro­filt ek­te­ska­pet ikkje bryt det guds­te­nes­te­le­ge og sa­kra­men­ta­le fel­les­ska­pet, sjølv om det drei­er seg om eit lære­spørs­mål.

Det vil seia at fram­leg­get om vig­sel­ri­tu­al for «like­kjøn­na ek­te­skap» ikkje er kyr­kje­split­tan­de. Dei to som stem­de mot dette, var Øi­vind Bene­stad og Tor Soppe­land, og eg vonar dei får namna sine i kyr­kje­his­to­rie­bø­ke­ne som dei to klar­syn­te i KM 2014.

Til for få år sidan var det semje om at «like­kjøn­na ek­te­skap» var kva­li­fi­sert vrang­lære og med det kyr­kje­split­tan­de. No er det altså mot­sett, etter at mindre­ta­let i Bispe­mø­tet gjekk i brod­den for den ne­ga­ti­ve «om­ven­din­ga».

Når prak­tisk talt eit samla KM har slått dette fast, ligg i røyn­da vegen open for å få på plass begge syna i li­tur­gi­en og med det i læra.

Ein kan halda fast på ein ytre ein­skap trass i to syn, men der­som det er sant det apos­te­len seier, at dei som prak­ti­se­rer like­kjøn­na sam­liv, ikkje skal arva Gud rike, split­tar dette med tanke på æva.

Det er det al­vor­le­ge, og det er det fak­tis­ke. Den split­tin­ga som her er med tanke på frel­se eller for­ta­ping, er då også ån­de­leg til sta­des i kyr­kja.

Eg ut­ford­rar med­lem av KM og første­lek­tor ved NLA, Egil Mor­land, til å for­kla­ra kor­leis det er mog­leg å vera san­nin­ga tru, og sam­stun­des røys­ta som han gjor­de i KM.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var sjølv­sagt bra at det ikkje vart fleir­tal for vig­sel- eller for­bøns­li­tur­gi for like­kjøn­na par, sjølv om det berre mang­la fem røys­ter på det siste og sju på det førs­te.

Det er i røyn­da berre ei ut­set­jing av det for­mel­le i saka, og sam­stun­des ei for­ver­ring av rea­li­te­ta­ne. Dette fordi det no er ved­te­ke at saka ikkje split­tar, og fordi sen­tra­le per­son­ar med MF-pro­fes­sor Ha­rald Heg­stad i spis­sen lan­ser­te fram­legg om å halda fast på den klas­sis­ke ek­te­skaps­for­stå­in­ga sam­stun­des som ein inn­før­te for­bøns­li­tur­gi for like­kjøn­na par.

Då er det slik som Rolf Kjøde på­pei­ka i Dagen, at dette tåke­legg fordi ein «går forbi det grunn­leg­gen­de spørs­må­let om ho­mo­filt sam­liv er synd». Kjøde på­pei­ka også at po­en­get ikkje er å samla om eit ved­tak, men om «det som kan stå seg i en sann­hets­test».

Vårt Land pre­sen­ter­te dette fram­leg­get som eit kom­pro­miss som «kan løse kir­kens ho­mo­flo­ke». For meg står det som eit syn som dreg til og låser flo­ken, og som sam­stun­des dek­ker til at det er ein floke. Dei som lever i open­berr synd, skal kal­last til om­ven­ding, ikkje til vel­sig­ning over synda.

Les også
Kirkeveteran tror på flere seireKirkemøtet
Les også
Avviser homokompromiss som løsning