FLYKTNINGAR: Flyktningar har måtta prioritere sine verdiar i live. Ein som eg hadde som elev, kom hit som båtflyktning, sa det klart: «Eg har berre to verdiar: Gud og familien». Kva trur vi at vi mister med å bli venner med nokre syriske flyktningar? Kanskje dei vil gi oss ei åndelig oppvekking, der vi ser dei verkelig verdiane i livet? spør Berit Helgøy Kloster. Biletet er frå Damaskus.

Kva er det som skremmer oss med flyktningar?

Vi står over for ei flyktningkrise verda knapt har sett maken til. Diskusjonane går over det heile landet om kommunane skal ta imot syriske flyktningar eller ei.

I år minnest vi også krigsherjingane for 75 år sidan, og deler ut medaljar til dei som sette sitt eige liv i fare for å redda andre og fedrelandet. Den gongen hadde verden ein felles fiende, ein gal mann, og kvar heim i landet vårt var involvert.

Syria er også i krig, kanskje den mest grufulle og bestialske som kan dokumenterast. Islamsk Stat (IS) har gjort oss livredde, vi orkar knapt sjå Dagsrevyen med halshogging og voldtekter. Landet ligg i ruiner, og 3,8 millionar menneske er på flukt. Skal ein brøkdels promille få koma til oss, verdas rikaste og tryggaste land? Berre 32 av våre 200 kommunar har sagt ja (opplysningar frå 26. mai). Kva har skjedd med oss som folk? Har rikdommen forblinda oss, for ikkje å seia omskapt oss?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Syria-enighet uten Frp

Visst seier vi ja til å hjelpe dersom dei held seg utanfor vår stovedør. I tillegg kjem «folkevandringa» over Middelhavet. Her er det ikkje berre krig som er årsaka, men jakta på rikdom og truleg også nokre opprørarar som vil ta den vegen over til Europa. Har vi «gjerder og portar» sterke nok til å halda dei ute?

Berre 50 år tilbake var vi det landet i verda i verda som sendte mest misjonærar ut frå folketalet. Vi skulle gi og be. Dei fleste arbeidde i land med andre religionar, også mellom muslimane.

Vi hadde ein Fridtjof Nansen som redda millionar i Armenia, og vi deler ut Nobels Fredespris. Kva om fredsprisen kan gå til det landet som tek imot flest flyktningar?

For 1000 år sidan var vi «dei ville frå Nord» med handlingar som Taliban og IS. Resten av Europa skalv når vikingane nærma seg. Franskmennene hadde eiga kyrkje-bønn om å bli beskytta frå dei ville frå Nord. Irlendarane hadde åndelig mot og utrusting til å sjå at vi trong «Kvite-Krist», og saman med andre land endra dei land og kultur.

Nødrop fra de kristne i Syria

Vågar vi å tru at vi som nå er «innelåst» i materialismen kan skapa noko nytt hos dess flyktningane som nå ber om hus rom? Sjølv trur eg at dei vil skapa noko nytt hjå oss også. Mange av dei syriske flyktningane har ein 2000-årig kristen tradisjon.

Sjølv har eg hatt gleda av å få kjenna godt to flyktningar, Ravi frå Sri Lanka, som då borgarkrigen rasa vart tatt imot i Canada, og ei kvinne frå Iran, vi kallar henne Ruth. Faren var imam, ho kom hit med familien som flyktning då Khomeini tok over styringa. Desse to har ein ting felles: Ei åndelig utrusting av dei sjeldne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ravi mista all sin eigedom, og såg at det var berre Ein han kunne stole på, Jesus. Nå driv han friviljug arbeid med mat utdeling til dei som lever på gata i storbyen Toronto. Fattige, prostituerte og narkomane. Ja, og så ber han med dei. Mange blir radikalt forandra, sjuke blir lækte. I løpet av 26 år har han og familien også starta tre menigheter. Sjølv summere han opp livet slik: «Eg har fått så mykje velsigning, nå ynskjer eg å få velsigna andre.»

Ruth får ofte sjå «Den Kvite Imamen» som gir henne openbaringar, ho er overtydd om at det er Jesus. Ei av openbaringane gjekk på at ho skulle ta imot eit nyfødt barn som skulle setjast ut i skogen. Ho får rett som det er sjå englar som hjelper henne. Begge desse er frimodige til å snakke om Gud i kvardagen.

Flyktningar har måtta prioritere sine verdiar i live. Ein som eg hadde som elev, kom hit som båtflyktning, sa det klart: «Eg har berre to verdiar: Gud og familien». Kva trur vi at vi mister med å bli venner med nokre syriske flyktningar? Kanskje dei vil gi oss ei åndelig oppvekking, der vi ser dei verkelig verdiane i livet? Mange av dei ber for sine fiendar, IS!

Kva eksempel på problemløysing gir vi til våre barn? Kva når vi ein gong skal stå til rette for Den Allmektige Gud med kva gjorde med rikdomen vår? «For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.»

Er det flyktningane han talar om? Hjelp oss, kjære Herre Gud!

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.


Mer debatt: Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen

Les også
Løsning om Syria-flyktninger kan være klar til uken
Les også
20 prosent færre asylsøkere til Norge
Les også
Nødropene fra de forfulgte