Er det rom for alle i KrF ?

Det er med undring eg les/høyrer om utmeldingar, og kritikk av leiande personar i KrF. Er alt dette vel gjennomtenkt?

Vi må hugse på at KrF er eit politisk parti, (og eit ”to-delt” parti). I første del av namnet peikar vi på det grunleggande (fundamentet) for Krf. Det skal vere ope for alle som ser dei kristne verdiane, - med Korset i sentrum - som det beste å byggje det norske styresett på. Då kan vi ikke ha eitt Krf for dei fri-kyrkjelege, - eitt for dei høg-kyrkjelege - og eitt for sør/vestlands kristne o.s.v. Kva slagkraft får vi då for gjennomføring av våre idear? Vi har alt eit parti for dei “mest kristne” Er ikkje det meir enn nok? Teologisk ueinig får vi vere der det høyrer heime.. I politikken gjeld det store råmene - det vigtigaste for oss som menneske!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så er Krf også eit sentrums parti. Det har vi vore frå stiftinga. Venstre vart ”vinglete” og kristenfolket såg det vanskeleg å stemme på dei. Høgre var ikkje eit alternativ for dei fleste av oss. Ser vi tilbake noken år ser vi at dei åra vi var i regjering med Høgre gjekk vi tilbake. Sist i Bondevik2 regjeringa, men og før, Bondevik1 (KrF/SP/V,) regjeringa var populer, og samla mange velgarar. Eit sentrums-parti kan samle både til høgre og venstre på den politisle skalaen. Eg har svært vanskeleg for å forstå at så mangle særleg i vest/sør vil til høgresida (hugs det øydleggande vedtak der det vart peika på Erna som statsministar før siste valg). Det sette ein effitiv stopper for stemmer frå sentrum/venstresida, og kvar skal vi få fleire stemmer frå dersom vi stengjer ”døra” for desse? Det var nermast eit under at vi kom over sperregrensa. Men vi fekk stor makt, og den må vi ikkje skusle bort, vi må stå i sentrum. Skal vi i regjering må den ha sitt tyngdepunkt i sentrum. Hugs at går vi i regjering, så er vi og ansvarleg for den politikken som vert førd, sjølv om vi er ueinige i enkelrsaker.

Vi må gå i oss sjølve og tenke over kva som tenar land og folk best. Og som kristne – om vi er tvil – så har vi ein Veg å gå. Og til dykk som har meldt dykk ut: Det er inga skam å snu.

August 2018

Tor Glomnes


Etterskrift: Dette innlegget vart først publisert på verdidebatt.no 1.sep. 2018